NRK Meny
Normal

Dette er eineståande

Denne romanen har kolossalt mykje av alt, inkludert kolossal tillit til at lesaren kjenner eit meisterverk når det dukkar opp - og er villig til å ta opp kampen.

Carl Jóhan Jensen

Carl Jóhan Jensen imponerer Bok i P2s Marta Norheim med romanen 'U - Historier om djevelskap'.

Foto: Samlaget

U - Historier om djevelskap

Ja, for det er ein kamp å arbeide seg gjennom ”U- Historier om djevelskap”, men det er verdt slitet. Så har vi også å gjere med den beste romanen som er skriven på færøyisk nokonsinne - i alle fall ifølgje forfattaren. Og det kan godt hende Jensen har rett, i alle fall: dette er eineståande.

Å partere eit (U)-vesen

For å kunne formulere seg om ein slik bardekval av ein roman, må ein starte med å partere U-vesenet og ta det bit for bit. Altså:

  • 909 sider
  • Ei uhorveleg mengd personar. Mange er berre så vidt innom, likevel får vi informasjon om fødsel, ekteskap, foreldre, barn, karriere, livskvalitet og dødsmåte, som for det meste er dramatisk. I tillegg til levande og døde spørst det om vi ikkje også kan finne innslag av u-døde eller i alle fall folk som lever lenger enn godt er og som også kan ha vanskar med å styre seg når det er tilgang på menneskeblod.
  • Store mengder lik, til dels ille tilreidde (sjå punktet ovanfor).
  • Talrike variasjonar over kroppslege fenomen, med tyngdepunkt på det ekle: dårleg ånde, elendig hygiene, lopper og lus, promp, tiss og bæsj. Det seksuelle er tilstades i rikeleg mon, mest av kategorien kopulering for å stagge begjæret som kom så brått på.
  • Overraskande mange ord, dels ukjente, kanskje nylaga, dels svært gamle og nesten gløymte. Dei som ikkje greier å lese vidare utan å forstå alle ord, bør ikkje prøve seg på denne romanen. Dei som måtte meine at norsk er eit ordfattig språk bør absolutt prøve seg på denne romanen.
  • Lite av: romantikk, lykke, stabile mellommenneskelege forhold, gode gjerningar, handlingar gjort etter grundige vurderingar, ringdans, folkeviser.

Men kva handlar det om?

Handlinga er også overveldande og dels kasta hulter til bulter. Romanen er ikkje spunnen med ein episk tråd. Men nokon rammer finst: Færøyane står sentralt (sjølv om fleire av personane forlet øya, men andre kjem reisande dit i vaksen alder). Tidsramma er sånn nokonlunde frå 1873 til sommaren 1969, då det finn stad eit skjelsetjande møte mellom to sentrale personar. Dette hende i den i handlinga sentralt plasserte men i geografien heller avsidesliggande Kjøttbua. Møtet varte i 17 ½ minutt. Dette møtet kjem vi stadig tilbake til.

Men mengda av sidehistorier og -personar, gjer at inntrykket ein sit att med meir er at vi har sett ned på ei maurtuve der det er stor aktivitet og der det kan verke som om kvart individ følgjer eit mønster som ikkje er styrt av vilje eller normer, men heller av drifter og slumpetreff. Folk er helt klart fødd sånn, for å seie det slik. I den grad dei er fødde.

Kvifor er dette ein god roman?

”U -historier om djevelskap” er ein roman der det er for mykje av alt: for mange sider, for mange personar, for mange lause trådar, for mange lik, for mange uforståelege ord. Likevel er det ein god roman, eller lat meg heller bruke ordet ”sterk”. Det er mange grunnar. Ein av dei er rett og slett språket som er så rått, poetisk, stemningsmålande og gåtefullt at det står fram som noko eineståande. Her må også omsetjaren Lars Moa nemnast, som truleg har gjendikta meir enn omsett. Når forfattaren lagar nye ord, ja, så må også omsetjaren dikte nye ord på sitt eige språk.

Eit anna moment er historiene. Når ein først har akseptert at ein ikkje kan vente å få full forklaring på noko som helst, og har late teksten overta styringa, ja, så er desse historiene ein sann svir. Sjølv om moralen er lite oppbyggeleg: Vi har å gjere med eit kynisk syn på mennesket her. Alle er ute etter å tene sine eigne interesser, som for det meste handlar om å dekkje begjæret, eller giren som det gjerne heiter: giren etter gods, makt, brennevin, kvinner.
Men det er ikkje noko krav til ein roman at han skal vise fram gode eksempel til etterfølging. ”Don’t try this at home” som det heiter.

U-heimstaddikting

”U –historier om djevelskap” har visse trekk felles med ei krønike: her er eit geografisk område, folkesett med personar som er utstyrt både med biografi og adresse, her er eit langt tidsforløp. Men det oppstykka, konsentrasjonen om det som skjer i det skjulte og den heilt naturlege aksepten av det overnaturlege, gjer at romanen sprenger seg ut av rammene. Dette er ikkje historia om færyande gjennom hundre år. Og det skal færøyingane jammen vere glade for.