Hopp til innhold

Meiner eks-soldatar er reklamejippo

Tidlegare soldatar har vakta omsetjingsarbeidet med Dan Brown si komande bok. Det er først og fremst ein pr-jippo, trur bokmeldar May Grethe Lerum.

Dan Brown

KJEM MED NY BOK I MAI: Dan Brown, mannen bak romanar som 'Da Vinci-koden' og 'Engler og demoner'.

Foto: FRANCOIS MORI / AP

I midten av mai kjem Dan Brown si nye bok, Inferno. For å hindre lekkasjar har forlaget hans, Transworld Publishers, vald å ikkje sende manuset ut til forlaga rundt om i verda.

I staden inviterte dei denne vinteren omsetjarar og forlagsfolk frå seks europeiske land til å arbeide med romanen i Storbritannia, ifølgje VG «innelåst, dypt nede i en kjeller» i Vest-London. Tryggleiksoffiserar skal ha vakta manusbunkane sju dagar i veka i seks veker.

Amerikanske Dan Brown blei verdskjend med thrillerromanen Da Vinci-koden i 2003. Salstala var sensasjonelle i heile verda, og filmen basert på boka blei ein kinosuksess.

«Kjellar» var kontorlandskap med vindauge

Sverre Knudsen

HADDE HEILT GREIE ARBEIDSTILHØVE: Men omsetjar Sverre Knudsen forstod ikkje alt i arbeidskontrakten.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Vi sat i to nokså vanlege undervisningsrom tilknytt kantina i forlagshuset, med normalt store vindauge og kjøken i kontorlandskapet, seier Sverre Knudsen, som har omsett boka for det norske forlaget Bazar.

Han gjorde seg ferdig med omsetjingsarbeidet i løpet av ein dryg månad i London.

– Eg var fri til å kome og gå som eg ville, og hadde tilgang til internett i det eine rommet, seier Knudsen om arbeidstilhøva, som ikkje var så prega av overvaking og isolasjon som VG-artikkelen kan gi inntrykk av.

Likevel stadfestar omsetjaren at mobiltelefonen måtte leggast utanfor arbeidsrommet, og at det sat ei vakt i kvart rom. Vaktene var tidlegare tryggleiksoffiserar som no arbeider for diverse kjende rockestjerner. Manuset måtte leggast att når han var ute.

Meiner vaktene er reklamestunt

– Dette synest eg først og fremst er eit kreativt pr-opplegg frå forlaget si side, smiler bokmeldar i VG, May Grethe Lerum.

Då Brown si førre bok, Det tapte symbolet, kom ut i 2009, melde Lerum boka i VG før den internasjonale lanseringa. Ingen meldarar skulle etter forlaget sin plan få boka før ho var i vanleg sal. Avisa blei truga med rettssak, og Lerum fekk tilbod om store pengebeløp for boka.

Trur ikkje Brown er så heit lenger

Likevel trur ho interessa rundt den bestseljande forfatthearen er mindre no enn den gongen. Framstillingane av hemmeleghaldet rundt arbeidet med den siste boka, ser Lerum på som nok eit marknadsføringsstunt.

– Eg trur ikkje tv-showet Good Morning, America ville ha tilbode meg flytur til USA dersom eg melde denne boka for tidleg i dag, for å seie det slik. Temperaturen rundt Brown er dalande, det er mest dei dedikerte tilhengjarane hans som ventar i spenning på denne boka, trur Lerum.

May Grethe Lerum

TRUR EKS-OFFISERAR ER KLØKTIG PR: Bokmeldar May Grethe Lerum.

Foto: Bokprogrammet

– Kan ramme omsetjaren

Samstundes ser ho ulemper for omsetjarane før lanseringa. Knudsen og dei andre som har vore involverte i omsetjingsarbeidet, har skrive under på lange avtalar om å halde manuset strengt hemmeleg for omverda.

–Det kan setje omsetjaren i ein ubehageleg situasjon, meiner Lerum.

Det kom aldri fram offentleg kven som stod bak lekkasjen som gjorde at ho kunne melde boka før ho var ute i 2009.

– Dersom noko skulle lekke ut til pressa no, blir det lett å blinke ut omsetjaren som syndaren, åtvarar bokmeldaren.

Såg ikkje så nøye på kontrakten

Knudsen seier avtalen med Brown sitt forlag var lang og innfløkt, med detaljrik amerikansk jus som han rett og slett ikkje forstod. Han stolte på at han ville få greie arbeidstilhøve, og var ikkje bekymra for det han først tenkte på som ein rein gimmick frå forlaget si side.

– Eg tenkte vel at vakter uansett ikkje kunne hindre det dersom nokon gjekk inn for å lekke tekst til pressa. Dette var ein dyr og tung måte å organisere på, og eg er framleis ikkje sikker på kvifor dei valde å gjere det slik. Men det ser ikkje ut til at noko har kome ut, så då har det kanskje noko for seg å verne om bestseljarar som bøkene til Brown, spekulerer Knudsen.

– Først og fremst dyktig pr-handverk

Anitra Figenschou er høgskulelektor ved Handelshøyskolen BI, og underviser i faget Kultur og ledelse. Ho synest ståheien rundt bokomsetjinga er godt reklamehandverk.

– Dette er morosamt og noko eg ikkje har sett før. Eg trur ikkje omsetjaren eller andre blir sett i fare her. Framstøytet vekkjer folk, og det er det all marknadsføring handlar om. Pressa blir også med på marknadsføringa når dei skriv om det, ler Figenschou.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.