Hopp til innhold

Eksplisitt, men diffus

Trass i uvanleg utbroderte sexscener, blir romanens kropp verande utydeleg heilt til det siste.

Geir Gulliksen

Forfatter Geir Gulliksen

Det er viktig for alle at dei blir sett av nokon. Dei fleste vil seie seg samde i det. Det er viktig for seksuallivet at nokon ser på mens ein driv på. Hm. Utan å ha spurt meg for, vil eg tru at få kjenner det slik. Vi veit at andre gjer det, men det å sjå på er å gå over ei grense.

Det er denne grensa paret i Geir Gulliksens roman "Tjuendedagen "trør over når dei inviterer heim til seg ein fyr kona har flørta med på jobben. Og mannen i parforholdet går snart over frå å vere observatør til å bli aktør.

Denne mannen arbeider i byråkratiet som blir gjennomstrøymt av tankar om New Public Management. I korte trekk inneber det at statlege organ skal omorganiserast, privatiserast, eller fristillast som det så pent heiter.

Trekt i tvil

Det er ein fjerde person som fortel historia, ei kvinne som i studietida var så langt nede at ho vurderte å ta livet sitt. Det som fekk henne til å endre meining, var at ho blei sett av ein førelesar på universitetet. Historia om trekanten og alt rundt blir trekt i tvil gjennom denne forteljaren, som legg fram historia slik ho trur det må ha vore. Teksten er altså ikkje ”sann” innanfor fiksjonen, men ei tolking av eit forløp, gjort av ein utanforståande som forresten er lesbisk.

Korleis heng dette saman, kan ein så spørje seg sjølv, og det er eit godt spørsmål. Det går an å tenkje seg at det handlar om individualismen som gjer at alle må realisere seg sjølv, sine potensial og sine fantasiar både i det intime, det private og det offentlege.

Uklårt poeng

Det går også an å reflektere omkring det å bli sett kva det inneber. Er det til dømes bra/spennande/opphissande å bli sett av éin men fatalt å bli sett av mange? Vidare, i forlenginga av det ein ser, ligg språket klar til å formulere det ein har vore vitne til. Og kva skjer med det mest intime når ein set ord på det? Kan eit nytt språk opne for andre måtar å tolke seksuell aktivitet og seksuell legning på? Kan dette i så fall opne for nye praksisar?

Slik kan ein halde på med å stille relativt gode spørsmål til teksten. Problemet er at teksten svarer ”tja, kanskje det” på alle spørsmål. Den er på ein merkeleg måte valen, eller nummen. Etter endt lesing sit eg att med ei litt uklår kjensle av å ha gått glipp av poenget.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.