Hopp til innhold

Jean-Marie Gustave Le Clézio: Rapport om Adam

I samband med Nobelprisen er fleire bøkene til Le Clézio nyopptrykt på norsk. Ein av dei som har fått eit nytt liv er debutromanen ”Rapport om Adam”.

Jean-Marie Gustave Le Clézio
Foto: JESSICA GOW / AFP

J.M.G. Le Clézio - Rapport om Adam

Jean-Marie Gustave Le Clezio er det fulle namnet på nobelprisvinnaren i litteratur for 2008. I samband med tildelinga blei fleire bøker av den franske forfattaren nyopptrykt på norsk. Ei av bøkene som fekk eit nytt liv var debutromanen ”Rapport om Adam”, som framleis blir rekna som eit av dei sentrale verka i forfattarskapen.

Korleis det kjennast å vere menneske


”Eg liker ikkje ideen om ei intrige. I ein roman skal det kjennast korleis det er å vere menneske”, sa Le Clezio i eit føredrag tidlegare i år, og eg lurer på om opplevinga av ”korleis det er å vere menneske” har endra seg hjå forfattaren i løpet av dei åra han har vandra rundt på jorda og skrive bøker. Eg lurer, ikkje minst fordi dette forfattarskapet skal ha gått gjennom mange faser, frå han som bråmogen 23-åring brakdebuterte med romanen ”Rapport om Adam” og til i dag når han får Nobelprisen i ein alder av 68.

Imponerande debut med ekstremt fokus på små ting


Sagt på ein annan måte: ”Rapport om Adam” er ein imponerande debut av ein svært ung og utan tvil ambisiøs forfattar, men eg hadde nok ikkje spådd at Le Clezio skulle få Nobelprisen dersom eg hadde lese denne romanen då han kom på norsk i 1964. Det er noko med eit ekstremt fokus på små ting samankopla med ein apokalyptisk pessimisme som irriterer.


Adam er ein ung mann som har brent nesten alle bruer til det livet han levde før med vener, familie og universitetsstudiar. Han har brote seg inn i eit hus som står tomt og der lever han eit stille liv, tømt for alt som liknar på aktivitetar.

Pretensiøs Weltschmertz


Adam skrur seg ned mot eit nullpunkt og flørtar med døden som eit godt alternativ til det elendige livet som berre byr på dagar fylt med ingenting anna enn angst for ei fiendtleg verd som løyser seg opp i eit uhyggeleg marerittaktig kaos. Slikt kan det bli stor litteratur av. I tilfellet ”Rapport om Adam” er eg i sterk tvil. I pakt med forfattarens litterære prosjekt har romanen inga intrige, og lesaren blir stengt inne saman med Adam i hans private helvete som truleg skal seie noko om dei menneskelege grunnvilkår, men som bikkar over i pretensiøs Weltschmertz.


Tvilen kjem Le Clézio til gode

Eg kan altså ikkje sjå at det er Nobelprisformat over debutromanen til Le Clézio. Men ifølgje Horace Engdahl som fører ordet for Svenska Akademin er dette forfattarskapet prega av stor variasjon. Etter eit fleire år langt opphald hjå indianarar i Panama skal bøkene ha blitt opnare og teke opp i seg fleire tema, som til dømes møtet med andre sivilisasjonar og tenkemåtar. Dermed finst det truleg fleire svar i bøkene hans på kva det er å vere menneske, og derfor må tvilen kome Le Clézio til gode.

Omsett til norsk av Karna Dannevig