NRK Meny
Normal

Vellagra amerikansk roman

Ein roman av den amerikanske forfattaren John Williams opplever i desse dagar internasjonal suksess, 20 år etter at forfattaren døydde. Kva er det med «Stoner»?

John Williams

Jo, «Stoner» har tolt dvalen og er ein roman også for vår tid, skriv bokmeldar Marta Norheim om romanen til John Williams frå 1965.

Foto: www.NPR.org

Denne romanen er ikkje berre ei bok, han er eit fenomen. Så lat meg starte med fenomenet.

«Stoner» kom i 1965 og hadde si tilmålte tid på marknaden. Så, dei seinare åra, har den eine etter den andre nemnt boka, ho har kome ut på ny i USA og no dukkar ho opp på stadig nye språk, og historia om romanen og om alle som elskar han står utførleg gjort greie for i den norske versjonen. Viss denne boka ikkje tek av i Noreg, så er det ikkje fordi forlaget slurva med innsalet.

Trist og fin

Det er vanskeleg å seie korleis slike fenomen oppstår. At det blir mykje styr rundt ei bok betyr berre at nokon har greidd å setje i gang mykje styr. Og i snakkande stund er eg sjølv siste ledd i denne kjedereaksjonen, no har også eg lese «Stoner». Og ja, det er ein god roman, eg vil ikkje nøle med å seie ein svært god roman, som står i ein litt overraskande kontrast til alt styret rundt. Dette fenomenet av ei bok inneheld ei stille og trist historie om ein mann som gjer så godt han kan og det er slett ikkje lite, men det går ikkje godt likevel.

På bondelandet i Missouri ein stad sender det fattige ekteparet Stoner einaste barnet sitt til eit universitet for at han skal bli agronom. Året er 1910, forledra har spinka og spart for at sonen skal lære om jordbruk og få eit betre liv dei sjølve som har slite tungt for å pine eit utkome av jorda. Men Stoner forelskar seg i litteraturen og går over til å dyrka kunsten i stadenfor åkeren, han forelskar seg i den forfina Edith og han blir etterkvart hjelpelærar i litteratur ved universitetet.

Klassereise på amerikansk

Aldri meir enn hjelpelærar. Kva skjedde? Og kvifor er historia så ulykkeleg? Det er det som er sjølve romanen. "Stoner" er ei lita historie om eit ganske vanleg menneske som på sin forsiktige måte prøver å realisere den amerikanske draumen om å overskride fattigdomen og bli noko anna. Ikkje fordi han er ambisiøs, men fordi han oppdagar at han elskar litteratur og fordi ein professor oppdagar at han er eit talent. Det går an å lese romanen som ein skrå kommentar til den amerikanske yndlingshistoria om "the self-made man".

Den vesle historia byr elles på eit rikt register av temaer og lesemåtar: Det handlar om klassereiser; om kva som skjer både med dei som reiser og dei som blir att, det handlar om krigens etiske dilemma for ein ung mann, det handlar om kor langt ein skal gå for å tekkjast overordna med dårleg dømmekraft og det handlar om kjærleiken både til menneske og bøker, for å nemne noko av det mest openberre. Men først og sist handlar det om å vere grunnleggjande aleine i verda, alt saman spørsmål som ikkje er blitt mindre aktuelle i løpet av dei knapt 50 åra sidan romanen dukka opp.

Og ja, det er ein god roman, eg vil ikkje nøle med å seie ein svært god roman, som står i ein litt overraskande kontrast til alt styret rundt.

Marta Norheim, bokmeldar

Patina

Forfattaren John Williams er ein generasjon eller så yngre enn hovudpersonen og arbeidde som professor i engelsk på eit universitet litt lenger vest. Den nokså nådelause skildringa av universitetet er altså gjort av ein forfattar som kjenner institusjonen frå innsida, og som dermed veit kor lite som skal til dersom ein ønskjer å øydeleggje for ein kollega. Den professorale bakgrunnen viser seg også i den uvanleg stilsikre teksten; språket er presist, det er aldri eit ord for mykje eller ei forklaring for utførleg.

Den nøkterne, nesten dokumenterande forteljarstemma får det vesle, menneskelege dramaet til å dirre under overflata. Ting byggjer seg opp og dei byggjer seg ned sakte men utan nåde, som i eit gresk drama om det går an å tenkje seg eit slikt med ein vanleg mann i hovudrolla. Jo, «Stoner» har tolt dvalen og er ein roman også for vår tid.