Søvnens lekkasje

Når forfattaren Beate Grimsrud kjem med ny roman, er det all grunn til å stoppe opp. 

Beate Grimsrud. Foto: Scanpix
Foto: Tore-Andrè Baardsen / SCANPIX

Det finst visse spørsmål ein bør vite svaret på, som: ”Har jeg ikke flyttet hjemmefra?” Vidare er det visse avsporingar ein bør sleppe å oppleve på møte i burettslaget, som til dømes debattar om uløyselege ekvasjonar i matematikken. Og kven er det du aller minst ønskjer å sjå sprade nakne rundt i teaterfoajeen: Jo, du sjølv.

I grenseland 

Men alt dette og meir til skjer i romanen ”Søvnens lekkasje” av Beate Grimsrud, og tittelen er med på å hjelpe oss på sporet av ei forståing: Vi er i ein draum, eller i det diffuse grenselandet mellom draum og vaken tilstand. Her finst ein særeigen logikk der tida går etter andre prinsipp enn klokka, og der kategoriar kan smelte umerkeleg saman til usannsynlege symbiosar. Her dukkar kjente skikkelsar som Raskolnikov og den namnlause frå Sult opp, saman med ein akrobat og mor hans. Og så er det Anders, som er ein figur frå ein tidlegare Grimsrud-roman; han krev ferdigskrivne replikkar og føler seg dessutan brukt av forfattaren. Og tvers gjennom det heile blir den sovande og skrivande stadig vekt av telefonen:

 

Beate Grimsrud: Søvnens lekkasje, Cappelen 2007
Foto: Cappelen

”Jeg våkner i fangedrakt. Det kan være nasjonaldagen, men jeg er ikke sikker. Jeg befinner meg ikke i et fengsel. Jeg er midt i skogen.
- Fang meg, skriker jeg. Den fengselløse havner gjerne utenfor. Jeg løper og gjemmer meg. Gjemmer meg så jeg synes, gjemmer meg så jeg finnes. Det ringer i lommen. Jeg er funnet. Tar opp mobilen:
- Hallo, ja!
- Jeg ringer fra Evita. Vi vil gjerne sende deg et par…
- Underbukser, sier jeg
- Ja, svarer hun glad.
- Nei takk, det trengs ikke.
Viktigst å stå på egne ben. Å settes på fri fot.” (s 147)

Nyt draumen

Det handlar stort sett om truser og lotteri i desse telefonane, som er minst like malplasserte som hendingane i draumane, men som vi alle veit er svært så realistiske likevel. Koplingane mellom absurditetar i draumen og absurditetar i livet er mest tydelege der det handlar om forbrukarsamfunnet, som har meir enn truser å by på.

Dermed er romanen slett ikkje ein lukka, uforståeleg draum, men ein poetisk, humoristisk og svært særeigen måte å bevege seg rundt i samtida på. Dei som kjenner Strindbergs ”Et drömspel” eller historia om ”Alice i eventyrland”, vil kjenne att måten å komponere tekster på etter draumeprinsippet. Men tonen i historia, og humoren, er særeigen grimsrudsk, der figurane drysser perler som ”Tenk at det er et menneske stappet inn i hver kropp”, eller ”Jeg er mot universet. Hva skal jeg gjøre med det?”, - mens Ove frå Gjøvik blir lei seg når forteljaren takkar nei til gratis naturprodukt på telefonen. Her er det berre å gje seg over til draumeuniverset og nyte det. Du vil neppe somne før du er komen gjennom og ut på siste side.