Hopp til innhold

Dra på Finnskogen!

Britt Karin Larsen er her med tredje roman om liv og død på Finnskogen for ein 100 år sidan, og ja, ho held same høge nivået her som i dei to første.

Britt Karin Larsen

Britt Karin Larsen

Foto: Cappelen Damm

Den typiske norske samtidsromanen er prega av nettopp det: norsk samtid. Mykje handlar om problema med å vekse opp i ettrekrigsnoreg og om å leve på sol- eller skuggesida av velferdssamfunnet. Ikkje misforstå, det finst perler i norsk samtidslitteratur, mange og svært ulike perler, men det er ikkje til å stikke under stol at det er ei særeiga glede knytt til bøker som tek meg ein heilt annan stad.

Lågmælt høgdramatikk

Dei siste åra har eg opplevd denne spesielle gleda når det kjem ein ny roman av Britt Karin Larsen. I haust tek Larsen lesaren med til Finnskogen drygt hundre år tilbake i tid for tredje gong, for å møte bjørnejegeren Taneli, den tapre overlevaren Lina, den nølande presten og andre gamle og nye kjenningar. Det som i andre samanhengar ville verka som reint melodrama, er kvardag i dette miljøet, og Larsen lagar ikkje mykje ståk rundt verken barnemord, tukthus, bjørnejakt eller det intense hatet mellom mor og dotter etter at dottera oppdagar at mora står i med kjærasten hennar. Historiene blir fortalt med lågmælt intensitet og med stor respekt for ein kultur som eit utanforståande blikk fort kan avfeie som fattig, umoralsk og overtruisk, ja til og med som ein kultur skapt av eit lågareståande folkeslag. Finnar som vågar seg til byen har eit rykte allereie før dei har gjort noko som helst. Den kloke og overberande forteljaren opnar gjerne kapitla med ein poetisk refleksjon:

”Hva er det som forblir sant i virvaret av sannheter som stadig forandrer seg?
Det man trodde var riktig viser seg kanskje ikke å være det, man tok feil, trodde på noe som ikke fantes, hvor finnes det man kan våge å stole på?
Nord i skogen er den store steinen man kan stole på, se og røre ved, ja, varmes når sola skinner.”

Zooming mellom stort og smått

Solsteinen og vondfurua spelar heilt spesielle roller, som dei mest ihuga prestane ser på med djup skepsis. Vi ser jo også at finnskogfolket finn meir handfast trøyst i furua enn i Herren som jo kan verke ganske fjern. Dessutan vert nåden han lovar til tider forvalta ganske gjerrig av presteskapet som er ein del av maktapparatet. Larsens forteljar pyntar ikkje på dei svært menneskelege personane sine, men ho let forteljaren dels stå på lang avstand og snakke om det almenmenneskelege, eller ho går tett på og ser kva som får den einskilde til å handle som han eller ho gjer. Slik greier forfattaren å fortelje ei svært lokal og spesifikk historie på ein måte som grip langt fleire enn dei som kjenner lokalmiljøet, og som kastar lys over langt meir enn denne spesielle minoriteten. ”Som steinen skinner” held same høge nivå som dei to føregåande bøkene frå Finnskogen, men det løner seg nok å starte med første bok for å få med seg forhistoria til alt som hender her. Larsens bøker er ikkje berre sjeldne, dei er også framifrå.