Anmeldelse

Silhuettdamer med fleire dimensjonar

Sterke kvinner som snakkar i utide får taletid i «Jenta som ble igjen». Slikt blir det både spenning og romantikk av – men blir det god litteratur?

Jojo Moyes

Jojo Moyes greier å kombinere spenning og romantikk med interessante miljøskildringar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sophie driv hotell og restaurant i den vesle franske byen St. Péronne under 1. verdskrigen. Mannen hennar, kunstnaren Édouard Lefèvre, er soldat. Den dagen tyske militære bestemmer at Le Coq Rouge skal vere stamrestauranten deira, må Sophie balansere på ein knivsegg: Ikkje kome i konflikt med tyskarane for det er livsfarleg. Men likevel ikkje innlate seg med okkupasjonsmakta, for det ville isolere henne i landsbyen.

Når den tyske kommandanten forelskar seg både i henne og i eit portrett ektemannen har måla av henne, blir balansegangen … nei, det ville vore ein spoiler å røpe korleis Sophie kjem ut av den situasjonen. Moyes er ein dreven historieforteljar og let historia vende seg fleire gonger.

Den raude tråden over til kvinne nummer to – som lever i vår samtid og heiter Liv – er portrettet av Sophie. Den høgt elska og tidleg døde mannen til Liv gav henne bildet i bryllaupsgåve. Men var det eit krigsbytte? I så fall må det leverast tilbake til Lefèvre-familien.

Dødsdans og andre overlevingskunster

Med rundt 100 års mellomrom lever to kvinner som begge elskar fråverande menn og finn trøyst i dette kvinneportrettet. Begge får beilarar som dei ikkje burde innlate seg med, ettersom dei tilhøyrer fienden – om enn på svært ulikt vis. Mens dei fråverande ektemennene blir idealisert inntil det absurde, er samkvem med dei to nærverande mennene svært konfliktfylt. Fornuft og kjensler dreg i ulike retningar, noko som har vore kjelde til talrike historier.

Men også kunsten får sitt her: Dette kunstverket verkar så sterkt at somme er villige til å ofre mykje for å eige det. Men det har ein høg pris, og her snakkar vi ikkje om pengar.

Velplassert spenning

Forfattaren har fylt opp med romantikk, spenning og etiske dilemma, men er det bra?

Her må eg først kome med ei tilståing: Eg slit kraftig med romanar der framsida syner kvinner i silhuett mot horisonten. Eg har gjort nokre erfaringar, for å seie det slik. Men sidan Jojo Moyes sel millionar av bøker i Noreg, måtte eg sjekke ut fenomenet, og her kjem dommen:

Ein nyansefattig og til tider unødig omstendeleg skrivemåte blir godt kamuflert og nesten gløymt etter kvart som spenninga og romantikken grip tak. Desse to heilt nødvendige ingrediensane i underhaldningslitteraturen er her vove inn i spesifikke, godt utbygde miljø og situasjonar.

Teikninga av livet i den franske landsbyen under 1. verdskrigen er mykje meir enn ei kulisse, her ligg det både research og innleving i botn. Det same gjeld den moderne kunstmarknaden. Og konfliktane dei to kvinnene står i, er kompliserte og engasjerande. Neste gong Moyes kjem med bok på norsk, skal eg ikkje la meg stoppe av kvinnesilhuetten på framsida.

Passar for deg som:

  • er svak for kombinasjonen spenning og romantikk
  • er klar for ein roman om kunstens kraft og krigens gru