Hopp til innhold

Mykle på den høge kjepphest

– Fleire av tekstane blir ståande som kommentarar dagens sjølvbiografiske skjønnlitteratur, meiner vår bokmeldar om «Prinsessen på bordet!», med fleire av Agnar Mykle sine etterlatne tekstar.

Video Rettssaken mot Agnar Mykle

I «Prinsessen på bordet!» kommer vi tett inn på forfatter Agnar Mykle, men samtidig er det ting som skaper distanse, skriver Marta Norheim i sin anmeldelse av boken.

Foto: NTB scanpix

Enorme mengder tekst låg att etter forfattaren Agnar Mykle då han døydde. Fire bøker med etterlatne tekstar kom på 90- og tidleg 2000-tal. No, 20 år etter at han døydde, kjem det ei bok til. Er det meir å hente?

Det er ingen løyndom at Mykle i dei siste åra av sitt liv utvikla nokre spesielle trekk. Mykles biograf, Anders Heger skriv ein stad at «han utviklet etter hvert et selvbilde som vanskeliggjorde kommunikasjon med omverdenen».

Han omtalte gjerne seg sjølv som «The greatest writer in the world», alltid på engelsk av ein eller annan grunn, og han meinte at han fortente ein dobbel Nobelpris i litteratur. Bør ein forfattar som har hamna der, beskyttast mot seg sjølv?

Beskyttast mot seg sjølv?

Dette spørsmålet har eg hatt i bakhovudet under lesinga av Prinsessen på bordet! og eg har vore i tvil. Her kjem vi tett inn på den skandaleombruste forfattaren som i si tid vart skulda for nærgåande skildringar av personar det var svært lett å identifisere, som vart stilt for retten etter å ha skrive usedeleg, og som aldri nådde sine tidlegare høgder etter det.

Han skriv om bøkene sine og tankar han hadde om den såkalla «Mykle-saken», han skriv om idiotane på Gyldendal med Harald Grieg i spissen som kravde at han skulle stryke ting før bøkene kunne kome ut, han skriv om kvinnene (og dei var det mange av), han skriv om ein altfor fjern far, som han elska, og ei altfor nærverande mor som han hata. Først og sist skriv han om barndommen og om sitt liv som erotisk vesen i omgang med så vel ord som kvinner.

Så gjørma sprutar

Vi kjem tett på, men på same tid er det ting her som skaper distanse. Ein ting er tida. Det er eit par generasjonar sidan mykje av det han skildrar, og puritanismen han kjempa mot er ikkje eit påfallande trekk i vårt samfunn, synet hans på kvinner verkar passé og han går i rette med ei rekkje personar som har det til felles med han sjølv at dei er døde for mange år sidan.

Polemikaren set poenga sine på spissen at dei rett som det er deiser i bakken så gjørma sprutar – på avsendaren. Sjølvbildet hans som eineståande kulturmenneske, guddomeleg elskar og genial forfattar i ei verd av kjerringar og idiotar er også med på å skape ein viss distanse til han som skriv.

Få moderne lesarar vil ta Mykles parti heile vegen, vil eg tru. Men mange moderne lesarar vil ha glede av skrivekunsten.

Marta Norheim om «Prinsessen på bordet!»

Dialog med vår samtid

Men, det er eit stort men her. Vevd inn i det urimelege og det daterte er kjenslevare skildringar av eit barn som sansar og føler umåteleg sterkt og som stadig hamnar i ulykkeleg konfrontasjon med omverda. Vevd inn er også sanselege passasjar der han på kjent vis startar i det kvardagslege og endar i det storslåtte, der kaskadar av digresjonar og assosiasjonar hevar det vesle utgangspunktet til dei store høgder.

Av og til held det heilt fram. Få moderne lesarar vil ta Mykles parti heile vegen, vil eg tru. Men mange moderne lesarar vil ha glede av skrivekunsten. Som ein ekstrabonus kjem at fleire av tekstane blir ståande som kommentarar dagens sjølvbiografiske skjønnlitteratur. Vi kan diskutere utvalet Mykle junior har gjort, men etter siste side var eg ikkje i tvil lenger om at denne boka fortente å sjå dagens lys.

Eit aber, likevel

Dei tre første bøkene med etterlatne tekstar var redigert av Gordon Hølmebakk i Gyldendal forlag. Han var påpasseleg med å dokumentere årstal for teksten og også kvar det eventuelt hadde vore offentleggjort tidlegare. Det er nyttig kunnskap.

Arne Bust Mykle har valt å ikkje opplyse dette, noko som er eit sakn. Når forfattaren kommenterer eigne tekstar, utviklar synspunkt på ulike spørsmål eller sender ut ein kilevink mot ein annan person, hadde det vore interessant å vite kvar på tidslina vi er.

Sjølvbiografiske tekstar knyter seg til tida og årstal kan vere med på å kaste lys over samanhengen ting har vore til i.