Meld av Arnhild Skre
Poltava er ei skildring av eit fleire dagar langt slag i Ukraina sommaren 1709. På slettene ved byen Poltava blei svenske Karl XIIs utmatta hær knust av den russiske med krigslist og styrke.
Denne audmjukinga som blei begynnelsen på slutten av den svenske stordomstida, er viktig nok å minnast. Men det er ikkje derfor boka alltid må finnast tilgjengeleg her i landet.
Moderne nordisk klassikar
Årsaka er at Englunds «Poltava» blei skuledannande som historieforteljing. Boka er ein moderne nordisk klassikar.
Då historikaren og forfattaren Englund debuterte med «Poltava» i 1988, kom boka med noko nytt – den litterære historieskrivinga. Det er gode grunnar til at Englund i dag leier Svenska Akademien og forkynner Nobelprisen i litteratur kvart år. Sidan debuten med Poltava har han skrive fleire kritikarroste populærhistoriske bøker og kulturhistoriske essaysamlingar.
Med «Poltava» viste Englund korleis eit stort og komplisert historisk kjeldearbeid kan munna ut i ei medrivande forteljing utan at den faglege kvaliteten går tapt. Han gjev lesaren innsikt i tida og oversikt over slaget, men ikkje frå eit fjernt akademisk elfenbeinstårn. Nei, Englund dreg oss inn på slagmarka. Han let oss sjå dei grusomme hendingane gjennom feltpresten, offiseren, dei garva soldatane – og dei unge meniges auger. Han skifter synsvinkel kjapt når dramaet stig, men kan i rolegare timar også dvela ved ein hærmanns refleksjonar og gje sine eigne rom.
Av den kommenterte kjeldelista bak i boka, kan ein sjå råstoffet for det store og kompliserte lappeteppet Englund har plukka saman. Frå 1700-tallsbrev, frå beretningar, Monografiar og oversiktsverk. Trykte dagbøker frå felten og offisielle rapportar om krigens gang. Og så har han sjølvsagt fylt ut der kjeldene teier. Kvar det er, får vi ikkje vita, og det er sjølvsagt svakheita ved metoden hans. Likevel. Som takk for lesesviren, tilgjev eg han dei fridommane eg ville ha kritisert andre for.
Fornyar av historieskrivinga
I dag er ikkje denne forma for historieskriving så sjeldan lenger. Forteljemåten og metoden hans er beundra av mange, og historikarar, inkludert meg, har lete seg inspirera. Men språkkvaliteten hans blei eg usikker på då eg første gong las han i norsk omsetjing. Når eg nå endeleg samanliknar med den svenske, er eg kommen til at problemet kanskje heller er omsetjaren Trond Berg Eriksens språk. Det blir for flatt. Alt ser ut til å vera korrekt, men det siste presist stemningsmålande strøket manglar.
Likevel: Les Poltava. Kanskje helst på svensk, men er du ikkje krigshistorikar, blir forståelsen av alle dei militærtekniske orda best på norsk.
44.000 svenske hærmenn la ut på krigstoktet mot Russland tidleg på 1700-talet. Berre 1300 vende heim. Meir enn 18.000 blei tekne som krigsfangar. - Fleire enn 20 000 døydde altså på slagmarka, og restane av dei ligg framleis der - på slettelandet ved Poltava.
Peter Englund har reist dei eit varig minne. Samtidig blei han ein fornyar av historieskrivinga i Norden.