Hopp til innhold
Anmeldelse

På glideflukt inn i nifs framtid

Det er pinefullt når Cathrine Knudsen pirkar borti systema vi bruker for å pynte på dei bitre realitetane. Når dekorjobben denne gongen får hjelp av den nyaste teknologien blir det direkte skremmande.

Cathrine Knudsen, forfatter

«Vi snakkar ikkje psykologiske portrett og episke skildringar der hendingar knyter seg pent i kvarandre. 'Den siste hjelperen' er ein ideroman», skriv Marta Norheim om Cathrine Knudsens roman.

Foto: Tommy Ellingsen

To bilde dukkar opp når eg tenkjer på Knudsens bøker: Ein gammal mann som sit og klappar på ein selunge (!), så sinnrikt laga at han verkar levande. Og ei kvinne som dreg frå pensjonatet ho bur på til faste tider kvar dag, for slik å late som ho høyrer til dei yrkesaktive. Ikkje akkurat horror, men to små bilde frå eit samfunn der elektroniske omsorgsprodukt og avansert forstilling er små bitar i eit temmeleg ekkelt mønster.

I «Den siste hjelperen» tek Knudsen det eitt hakk vidare, og lesarar blir utfordra på fleire nivå. Er det verkeleg sant at folk kan dra til Sveits for å få hjelp til å ta sitt eige liv? Finst det ein hemmeleg organisasjon av «englar» som hjelper dei dit? Har eldeomsorga verkeleg nådd eit stadium der dei gamle bur i liksom-ekte samfunn med butikkar og busstopp, og med dører kamuflert som bokhyller der helsevesenet kan gå ut og inn? Går det geiter rundt på norske gardsbruk med gener frå edderkoppar, for å produsere den fantastiske tråden i edderkoppnettet? For å nemne noko.

Ideroman

Som i Maddaddam-trilogien til den kanadiske forfattaren Margaret Atwood er noko sant og noko oppdikta, men alt kunne skjedd. Vi er der- nesten, og vi er kanskje på veg dit.

Ei namnlaus kvinne (38), enke med to små barn har ei hand inn i alt dette og mykje meir. Mens ein vanlegvis forstår meir av ein person etter kvart som ein les, skjer det motsette her: Denne kvinna blir gradvis mindre menneskeleg og står stadig tydelegare fram som det instrumentet forfattaren treng for å kunne vise oss alt dette. Likeeins blir situasjonar som ropar etter avklaring, brått kutta av; vi skal vidare til neste fenomen. Kva som motiverer kvinna til å bli med på dei meir ekstreme prosjekta får vi knapt vite om.

Vi snakkar altså ikkje psykologiske portrett og episke skildringar der hendingar knyter seg pent i kvarandre. «Den siste hjelperen» er ein ideroman.

Etisk og teknologisk glideflukt

Mange av fenomena ligg i kategorien «tilrettelagt omsorg». Dei gamle skal føle at dei er heime. Dei som føler at livet er meiningslaust, skal få hjelp til å døy. Etterspørsel skaper tilbod, som igjen skaper idear om at ein har rett på hjelp og at det er rett å hjelpe. Og kven kan nekte for at edderkoppen sit på eit supergen som både forsvaret og andre kan dra nytte av?

Kven kan seie stopp når det er teknologisk mogleg? Kven kan seie «nei» når det er marknad for det? Knudsen viser oss glideflukta i samfunnet så vel som i språket. Knudsen har eit skarpt blikk for kva som skjer og kanskje kan skje i nær framtid. «Den siste hjelperen» er ein skremmande og viktig roman.

Passar for deg som:

  • lurer på kva det er som er gale

  • ikkje meiner at romanpersonar må vere truverdige

  • har sans for ideromanar utan klare svar

Fleire meldingar frå NRK

Romanen «Kraften» av Naomi Alderman

«Kvinner, menn og makt er eit usliteleg tema i litteraturen, i samfunnsdebatten og i talrike par-terapiar. Naomi Alderman kjem med ein knallhard og forfriskande versjon i 'Kraften'. Køyr debatt!» Les meldinga

Kaspar Colling Nielsen

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Rachel Cusk

«Det finst gode romanar, og så har du dei som ligg hakket over. Der ligg 'Omriss'. Rachel Cusk skriv både intelligent og gripande, analytisk og inderleg, originalt og gjenkjenneleg. Meir kan ein ikkje krevje.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober