Hopp til innhold

Ordmeister og jubilant

- På 15 sider klarer Einar Økland å gjere det same som Karl Ove Knausgård må bruke 2500 sider på, meiner redaktør.

Einar Økland

Einar Økland vert hylla av kolleger og kritikere.

Foto: Terje Rudi

Søndag 17. januar fyller ein av Norges mest anerkjente forfattarar, Einar Økland, 70 år. Bursdagen vert feira med storstilt arrangement i Litteraturhuset i Oslo, og med den nye novellesamlinga "Forteljingar og fablar frå andre tider" og boka "Skriftfest. Einar Økland 70", redigert av blant andre Kjartan Fløgstad.

Høyr bokmelding av "Skriftfest. Einar Økland 70"

Bok i P2 har via ein heil sending til ære for jubilanten, som vert kalla for ordmeisteren, men som også er kjend for å snakke mykje.

- Telefonsamtalane tek nok minst ein time og det er ikkje ein bortkasta time, seier Sverre Tusvik, sjefredaktør i Det Norske Samlaget, til Bok i P2. Tusvik kan også fortelje at Einar Økland aldri gjer det han blir bedt om å gjere.

Høyr Bok i P2 om Einar Økland

Aldri meir roman

- Då eg begynte i Samlaget i 1976, spurte bokklubben om eg ikkje kunne be Økland om å skrive ein roman, for dei trengde hans stemme. Då eg refererte det til Økland, sa han at han aldri meir skulle skrive ein roman.

Difor kom Einar Øklands aller siste roman, "Stille stunder", ut i 1974.

- I den er det ein 15 siders kapittel som heiter "Ein mann i huset". Og der klarer Økland på 15 sider å gjere det Karl Ove Knausgård må bruke 2500 sider på i sin lange kladd, til dei to flotte romanene Knausgård kunne ha skrive, meiner Tusvik.

- Ein outsider

Kulturredaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro, meiner at Økland er ein avvikar, i ordet beste meining.

- Det plager han å gjere det andre gjer. Slik det også plager han å gjenta seg sjølv når han skriv noko, enten det er skjønnlitteratur eller sakprosa. Han har skrive ein stad noko slikt som: "På eit eller anna tidspunkt kom eg i utakt med dei hine." Det gjorde han. Og der har han forblitt. Derfor er det også slik at det han skriv i stor grad prega av originalitet og det uventa, seier Landro til Bok i P2.

- Er Økland ein outsider?

- Ja, han er det, og han opplever seg sjølv som ein outsider. Han føler nok sjølv at han lever på utsida av dette samfunnet og kan observere det.

- Alternativ sjølvhjelpslitteratur

Forfattar Agnes Ravatn påstår at Einar Økland er Norges største essayist.

- Ja, eg gjer det. Eg har lært veldig mykje av å lese bøkene hans. Viss eg er sur, eller føler meg kraftlaus eller trist, så pleier eg å plukke fram ein Einar Økland-essaysamling. Kan brukast som alternativ sjølvhjelpslitteratur, seier Ravatn til Bok i P2.

- Økland kan ha ein skarp tunge. Kor skremmande har han verka på deg?

- Folk som ikkje kjenner han så godt seier at dei synes han er så snill. Han har ein frekkheit ved seg som eg set veldig høgt, fortel Ravatn.

Les meir om kva Ravatn og forfattarkollegaene Øystein Hauge og Helge Torvund meiner om Einar Økland her: Kor viktig har Einar Økland vore?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.