Hopp til innhold

Flyktar etter affære med kringkastingssjefen

Ein kjend tv-journalist blir hovudperson i ein sexskandale, og rømmer frå dei andres blikk i byen til eit anonymt liv på ein liten stad i distrikts-Noreg. Dette er utgangspunktet for Agnes Ravatn sin nye roman.

Agnes Ravatn

SKRIV OM SEX, SKAM OG SVIK: Agnes Ravatn meiner alle dei interessante orda begynner på s.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Allis har gjort seg kjend som «rikskringkastingshore», etter at det kom ut at ho hadde lege med kringkastingssjefen før ho fekk programleiarjobben sin, seier Ravatn.

NRK møter henne i kantina på hovudpersonen sin gamle arbeidsplass, nettopp NRK Marienlyst. Forfattaren gløttar opp på halv- og heilkjendisar som svinsar forbi med lunsj og kaffi. Ho lener seg over bordet og pratar med låg stemme.

– Eg vil understreke at denne delen av historia ikkje har rot i røynda, forsikrar ho med ein lett latter.

Skam, soning og sexskandale

Fugletribunalet er Ravatn sin andre roman. Sidan ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med den kritikarroste Veke 53 i 2007, har ho etablert seg som ei tydeleg røyst innan det ein kan kalle personleg sakprosa. Bak seg har ho fleire essaysamlingar. I sommar fekk ho den prestisjetunge Hestenes-prisen for sine «ikke bare kloke, men også hylende morsomme» spalter i avisene Dag og Tid og Dagbladet.

Sjølv om hovudpersonen Allis sitt utgangspunkt kan verke både latterleg og lattervekkande, ligg det alvor i botnen av den nye romanen. Som tittelen hintar om, handlar boka om skuld, soning og straff.

– Og ikkje minst skam, sex, skilsmisse, svik og sorg, seier den 30 år gamle forfattaren tørt og tek ein slurk av kaffikoppen.

– Og skjebne. Alle interessante ord i det norske språket begynner på s, bryt ho ut.

Om å begynne på nytt, med bagasje

Fugletribunalet av Agnes Ravatn

SEKS ÅR SIDAN SIST: 'Fugletribunalet' er Agnes Ravatn sin andre roman.

Det var likevel ikkje bokstaven s som først inspirerte Ravatn til å skrive om Allis Hagtorn, som håpar å få eit enklare liv på bygda, i det ho tek seg arbeid som hushjelp og gartnar for den inneslutta og mystiske Sigurd Bagge.

– Når Allis og Bagge møter kvarandre, er dei fulle av høvesvis skam og skuld. Ho har vore utru mot mannen sin og nærast prostituert seg i jakta på status, medan han lever i sjølvpålagt eksil for å straffe seg sjølv for noko som hende i fortida, som fekk dramatiske konsekvensar for eit anna menneske. Kvar for seg vil dei berre bli latne i fred, seier Ravatn. Forteljinga er oppdikta, men forfattaren har brukt det ho kallar eigne opplevingar av skuld og skam i skrivinga.

Så slår likevel skala sprekkar i stadig meir intime møte Allis og Bagge imellom. Han opplever å bli forstått som ein mann tyngd av skuld, ho ser ein mann ho kan redde. Dei blir kvarandres botsøving og håp, fortel Ravatn.

Men sjølv om Allis begynner å tru at lykka er å hjelpe til i hus og hage for ein mann som ser ut til å mjukne og opne seg, er vegen ikkje utan torner i det som utviklar seg til å bli eit kjærleiksforhold. Løyndommane som sakte blir avslørte er mange og tunge.

– Dette er nok grunnleggande ei historie om korleis ein kan begynne på nytt i livet, seier Ravatn.

– Nokre gonger er det kanskje for mykje bagasje inne i biletet.

Fuglane ser deg

Sjølve fugletribunalet viser til ein draum, eller eit syn Bagge har, der han opplever å bli stilt for retten av menneske med fuglemasker. Fuglane går att i boka som noko illevarslande og overvakande, dei plirer med augo og får med seg det ein gjer når ein håpar og trur seg usett.

– Eg har eit godt forhold til fuglar sjølv, men i boka flyg dei over menneska som det dårlege samvitet deira, seier Ravatn.

Om dei går til angrep på eller berre døyr rundt personane i boka, minner fuglane om det Ravatn kallar dei mørke flekkane på sjela, veikskapane som gjer det vanskeleg å vere menneske saman.

Trur ikkje på evig musepuls

Eg trur ikkje at kjærleiken overvinn alt, eg. Tvert imot, eg oppfattar kjærleiken som temmeleg skjøre saker.

Agnes Ravatn

– Og dersom ein ikkje spelar med opne kort, eller om dei korta i tillegg er dårlege, fryktar eg at kjærleiken ikkje blir særleg levedyktig. Eg har meir tru på ein sterk venskap i botnen av eit forhold. Ja, med noko attåt, humrar ho på liksom-jovialt vis.

– I forholdet eg sjølv er i gir eg meg ikkje ende over kvar dag, med puls som ei mus. Men det kjennest som å stå på trygg grunn, seier ho.

Kjempar imot dei mørke kreftene

Men Ravatn kjenner seg att i Allis sin kamp mot det mørke i seg sjølv, draginga mot det kroppslege, rusen og ekstasen, det som utfordrar viljestyrken og dømekrafta i moralske dilemma.

– Men eg trur eg har litt betre kontroll over impulsane enn det Allis har, ler ho.

Det har ho kanskje lært seg etter å ha pløgd seg igjennom fleire sjølvhjelpsbøker og late seg kurse i norsk politikk dei siste åra, i teneste som journalist, men med eit personleg ønskje om å bli det ho kallar eit meir anstendig menneske.

– Eg trur at dersom du verkeleg vil endre deg, må du la tankane syne att i konkrete handlingar, seier Ravatn ettertenksamt.

Klatrar som formeleg geléklump

Det er det sosiale og karrieremessige rotteracet som sender Allis på flukt frå dei andre sine blikk i den store fellesskapen. Men på den nye heimstaden blir ho likevel gjenstand for mistenksame kommentarar frå ei butikkdame som ser ut til å kjenne henne att frå media.

Høyr forfattaren sjølv lese om Allis sin handletur, ved å trykkje på lenkja under.

Her les forfattaren sjølv om Allis sin handletur. Her les forfattaren sjølv om Allis sin handletur. Her les forfattaren sjølv om Allis sin handletur.

– Ho har klatra ved å vere ein formeleg geléklump som snakkar folk etter munnen, den verste måten å kome seg fram på her i verda, trur forfattaren.

Allis let seg styre av behovet for å få seg sjølv stadfest av andre, bli likt, og dermed vel ho feil når sjefen byr henne både på seg sjølv og etter kvart ein toppjobb. Hadde ho tenkt over kven ho ville vere og kva ho ville velje i slike situasjonar, kunne Allis ha unngått dette, meiner Ravatn.

Agnes Ravatn

DJUPARE ALVOR I ROMANEN: Agnes Ravatn seier ho er meir personleg som romanforfattar enn som vittig essayist.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Utan Facebook mot eit reinare liv

Eitt av stega på vegen mot den reinare sjela var for Ravatn sjølv å logge seg av Facebook for godt, noko ho ironisk nok har fått mykje merksemd for.

– Dei einaste gongene eg saknar det er når eg kjem heim frå byen og kjenner trongen til å sjå kor mykje spesielt som blir skrive av folk som sit oppe og drikk foran skjermen, folk som kanskje manglar impulskontrollen, seier Ravatn, utan å verke nemneverdig nostalgisk over tida med Facebook i kvardagen.

– Det er ikkje så dramatisk å melde seg av som folk trur. Og det er utruleg kor mykje tid ein får frigjort når ein ikkje lenger kan følgje impulsane og hyperlenkjene på dei sosiale media, meiner Facebook-avhopparen.

Vil ikkje formane som ein biskop

– Nokre meiner ein ikkje har noko val i møte med freistingane der ute. Men ein har alltid eit val, og dermed også eit ansvar for å velje rett, seier Ravatn.

Så tek ho seg i det.

– Nei, høyr på meg, her sit eg som ein biskop og formanar folket om å velje rett. Herregud, for ein hønsehjerne, flirer forfattaren.

Ho lener seg over bordet att.

– Det at eg veit kva som er rett, betyr ikkje at eg lever deretter, altså, seier ho med den låge stemma att, og heller i seg den siste resten av kaffien.

Drøymde om å avslutte

For henne var det heller ikkje lett å velje korleis boka skulle ende. Ravatn skreiv fleire alternative sluttar som ikkje kjendest rette.

– Eg låg ei stund vaken om nettene, og drøymde stadig at slutten var feil. Eg visste verkeleg ikkje korleis det skulle gå med desse personane. Då eg hadde skrive den siste slutten og eg slutta å drøyme om boka, skjøna eg eg hadde gjort det rette, seier Ravatn.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober