Hopp til innhold

Tilfeldig om dei tilfeldige

Bård Torgersens nye roman «Nøytral» lever slett ikkje opp til tittelen, meiner kritikar Marta Norheim.

Bård Torgersen

Forfattar Bård Torgersen er aktuell med ny roman.

Foto: Mona Ødegård

Nøytral
Foto: Johanne Hjorthol

Torgersens personar er ikkje av den typen som har karriereplanar eller sparing med skattefrådrag. Dei målar ikkje huset og dei lagar ikkje syltetøy. Dei bryr seg ikkje så mykje om kva som er mitt og ditt, dei bryr seg i det heile ikkje så mykje. Ikkje om kvarandre heller. Når mannen til den eine døyr, tenkjer ho det var like greitt, så slapp ho styret med skilsmisse, og så kan ho flytte til Fredrikstad slik ho hadde lyst til.

Kort sagt: Dei fleste personane i romanen «Nøytral» er forbi det stadiet der ein kan snakke om å ta ting som det fell seg, og dei er eit godt stykke over i det likegyldige og kyniske. Dei er slett ikkje nøytrale, men det ville vere feil å kalle dei direkte vonde, og opptil fleire har tendensar til menneskelege trekk, som å ta seg ganske godt av barna sine, for eksempel. Likevel: dei let det skure, eller dei blir skurt, alt ettersom.

Naken prosa

Torgersens prosa er det ein kan kalle nedpå. Så nedpå at det kan gå ein på nervene:

Det var fremdeles tidlig. Søndag. Han parkerte så nær hovedinngangen han kom. Han gikk inn i resepsjonen. Kvinnen bak skranken så på ham. Han syntes det virket som hun smilte. Han gikk helt fram til henne. Sa et navn. Hun sjekket skjermen på computeren framfor seg. Pekte på en dør bak ham. Han gikk inn døra og kom inn i en korridor med store vinduer på den andre siden.

Og så vidare. Stilreperoaret er heldigvis breiare enn dette. Han glimtar til med komikk,- av det mørke slaget naturlegvis, og lengre episke strekk som når onkel Rune held tale eller når ein gammal mann tømmer livshistoria si ut over ein tilfeldig forbipasserande.

Tilfeldig

Etterkvart dannar det seg nokon spor i den laust samanknytte historia: Som tømming- tømme glaset, tømme pungen, blæra og tarmen. Og forfall og død. Og ugreie koplingar mellom sex og vald. Torgersen pyntar ikkje på det, for å seie det slik. Eg saknar ikkje pynten. Mykje stor litteratur er skapt på svartare og karrigare grunn en dette.

Men eg saknar eit fastare grep. I glimt er dette stor prosa og viktig prosa, men når sjølve romanen bikkar mot å bli like tilfeldig som personane, vert «Nøytral» ein mindre viktig roman enn han kunne ha vore.