Middel mot kvalme

”Normans område” er sjølvsagt ikkje ein stad på kartet. Likevel insisterer romanen på at dette området finst på opptil fleire plan. Vi er i eit landskap der erkjenning meir enn vedkjenning er premisset.

Jan Kjærstad

Forfattaren Jan Kjærstad

Foto: NRK

Denne romanen utfaldar seg i to retningar: Den eine er utover. På kjent kjærstadsk vis ønskjer hovudpersonen å utvide erfaringane, perspektivet, horisonten, livet, kloden, universet. Det er Norman denne gongen. Norman, den legendariske forlagsredaktøren som ein dag opplever at den norske samtidslitteraturen gjer han så kvalm at han må spy. Under den nødvendige permisjonen bur han på Stjernøy, -nei, ingen namn er tilfeldige her- Stjernøy, der Norman møter den store, unike kjærleiken som dessverre utviklar seg til ein gjennomsnittleg trivialroman, med alle dei innsnevringar det inneber. Den eine retninga er altså ei drift utover, eller kan hende rettare, ei drift mot det ekspanderande.

Indre eksil som overlevingsstrategi

Den andre retninga er,- nei, ikkje innover, i alle fall ikkje innover i ordets snevre forstand. Her må eg tillate meg ein omveg via ei gammal kinesisk legende: Då Wu Tao Tzu hamna i fengsel, bad han om målarsaker. Så måla han eit landskap på veggen og klappa i hendene. Landskapet opna seg, og han gjekk inn. Ein slik manøver er det Norman prøver seg på når han ser at det ikkje lenger er plass til den store litteraturen i det norske litterære krinsløpet. Han jobbar vidare, men i sitt indre er han ein annan stad. Og det i den grad at han overlever eit mordforsøk fordi han var der.

Normans område
Foto: Aschehoug forlag

”Jeg var simpelthen ikke til stede. Hun forsøkte å knuse hodet og brystet mitt i én virkelighet, men jeg var i en annen- eller mer avgjørende:-større virkelighet.” (s. 357)

Før tilbaketrekkinga er ”Normans område” ein kritikk av den tradisjonelle norske romanen som fortel dei same gamle historiene på den same gamle måten, i staden for å skape nye, uhøyrte og ja, utvidande romanar. Forlagsbransjen får sitt, og kritikarane, ja til og med lesaren, i alle fall den lesaren Norman vender seg til med eit litt stivt De.

Trekantdrama


Men først og fremst er dette ei kjærleikshistorie. Om Norman og ei kvinne, ja visst. Ei kvinne med alle dei ekstraordinære eigenskapane som vi ventar at kjærstadske kvinner skal ha. Den fabelaktige Ingrid kjem likevel i skuggen av den verkeleg store kjærleiken, kjærleiken til litteraturen. I den store litteraturen ligg det ei veldig kraft, og Norman har ingen sans for dei som meiner at litteraturen held han unna livet: litteraturen er liv og litteraturen utvidar livet.

Normans idear for lesande nordmenn


Tanken er like fascinerande som han er problematisk. Og han blir underbygd med solide mengder peikarar til det litterære skattkammeret Norman ber på inne i den ekstraordinære hjernen sin. Romanen er eit surr av skjulte og opne hint til andre bøker. Likevel er komposisjonen eller forma overraskande tradisjonell til Kjærstad å vere. Det er på ideplanet denne romanen har utfordringar til lesaren. Det veit Norman tydelegvis også, ettersom han stadig gir opp å skildre dei største ting, og etter kvart sluttar å luke ut sine eigne klisjear. Dette er rett og slett ein ideroman. ”Normans område” løftar opp spørsmål som burde interessere ein kvar lesande nordmann.


Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)