Hopp til innhold
Anmeldelse

Norge rundt på harelabbar

Suzanne Brøggers «Omelette norvégienne» er eit oppkok av gammalt og nytt, sporadiske godbitar og slikt som er vanskeleg å identifisere. Meir som ein lapskaus, eigentleg.

Suzanne Brøgger

«Det er når Brøgger slakkar på kravet om å skildre det norske og legg i veg etter eigne tildriv det blir interessant», skriv Marta Norheim om Suzanne Brøggers «Omelette norvégienne».

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Når Brøgger no etter mange år er tilbake i norsk språkdrakt, er det med eit tingingsverk frå Erling Kagge i Kagge forlag. Han utfordra henne til å gi oss sitt blikk på det norske, ei utfordring ho har gått til med eit kjærleg og kritisk blikk, ifølgje henne sjølv. Meir kritikk og mindre kjærleik ville gjort boka både betre og viktigare.

Anekdotar og stereotypiar

Trass i ekte fascinasjon for natur og velferdsstat, forklarer ho oss kjærleg at vi er naive, blåøygde og lite orientert om ting og tankar utanfor eigne grenser. Som barn, nesten. Når ho i tillegg ikkje problematiserer ein påstand om at vi har gått direkte frå villmarka til dekadansen, får folkekarakteristikken eit lett kolonialt preg. Hæ? Kva slags villmark, og når tok dekadansen oss? Den slumrande postkoloniale impulsen rører på seg. For å styre unna den, ifølgje Brøgger, typiske norske, uironiske patosen skal eg ikkje trampe lenger ut her, men konkludere med at observasjonane er anekdotiske, omtrentlege og prega av tilfeldige folk ho har snakka med.

Jo forresten, ein ting til: I samtalane med norskingar er det rett som det er uklårt kven som seier kva. Og når Brøgger ikkje berre byr på eigne, men også andres løyndommar, håpar eg ho har klarert med dei tillitsfulle, men kanskje naive nordmennene ho har snakka med.

Kritikken på si side er generell: Vi er rike og trur vi både kan leve høgt både på naturvern og olje. Her kunne Brøgger køyrt på, men som ho skriv «Jeg gidder bare ikke».

Lysglimt i lapskausen

Det er når Brøgger slakkar på kravet om å skildre det norske og legg i veg etter eigne tildriv det blir interessant. Då kjempar ho for gråsonene i vår polariserande tid, då leverer ho gullkorn av typen «Det er noe psykopatisk ved mennesker som ikke har skam i livet.» Då søkjer ho mot der det brenn, då auser ho sjenerøst og opplagt av erfaring og kunnskap. Då fortel ho om fridommen ho opplever på eldre dagar. Men ikkje berre fridom:

Den aldrande Brøgger slår eit slag for det politisk korrekte, og den skal eg vedgå at eg ikkje såg kome. Når fanden blir gammal, går han som kjent i kloster, men alt har ei forklaring: Som jøde fødd under krigen nærer ho frykt for «ytringsfrihetens ayatollaher» og andre som hjelper til med å skyve oss nærmare apokalypsen.

Slikt lyser opp i lapskausen. Vi har her ein forfattar av den typen som må sale sin pegasus sjølv og fly dit ho vil, utan tyngande oppdrag. Så til neste gong: Gje Suzanne Brøgger i fri flukt!

Passar for deg som:

  • ikkje trur alt du les

  • kan gle deg over gullkorn i tekstar der dei ligg spreidd

Fleire meldingar frå NRK:

Kaspar Colling Nielsen

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Jenny Erpenbeck, Alle dagers ende
Foto: Exil Design/Forlaget Oktober

«Jenny Erpenbeck lar gamle familiehemmeligheter gjenoppstå på nytt og på nytt i sin uhyre velkomponerte roman.» Les meldinga

Naja Marie Aidt, Carls bok

«Når døden brått og utan god grunn hentar ein av dei fire sønene til Naja Marie Aidt, bryt både forfattaren og språket saman. Boka om kollapsen og vegen tilbake er uhyre sterk lesnad.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)