Nordisk råds litteraturpris til Island

Den islandske forfattaren Auður Ava Ólafsdóttir fekk prisen for romanen «Ör». Island vann også filmprisen for «Kona fer í stríð» av Benedikt Erlingsson.

Den islandske forfattaren Auður Ava Ólafsdóttir tok imot prisen frå H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg.

– Nordisk råds litteraturpris 2018 blir tildelt eit verk som er fullt av underfundig humor, med eit språk som gnistrar av liv, samtidig som det stiller djupe spørsmål om liv og død, sa H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg før ho delte ut litteraturprisen til Ólafsdottir.

Prisutdelinga gjekk føre seg i Den Norske Opera og Ballett i Oslo. Det vart delt ut fem prisar i kategoriane litteratur, barne- og ungdomslitteratur, film, musikk og miljø.

Noreg fekk ein pris under gallaen: Samtidskomponisten Nils Henrik Asheim vann musikkprisen for verket «Muohta».

Nils Henrik Asheim vann musikkprisen for verket «Muohta». Verket har namn etter eit samisk ord for snø, og tekstgrunnlaget består av ytterlegare 18 samiske ord som har med snø å gjere.

  • Høyr vinnarverket «Muohta» her:

– Eit botemiddel som lækjer arra våre

– I ei verd der ein må rope høgt for merksemda, er stilla eit botemiddel som lækjer smerta og arra våre, sa Ólafsdottir i takketalen.

Den islandske forfattaren har gitt ut fem romanar, og er i tillegg universitetslektor i historie ved Universitetet på Island.

Boka «Ör» kom ut på norsk i år med tittelen «Arr». Ho vart svært godt mottatt av NRKs litteraturkritikar Marta Norheim. Les meldinga her.

Marta Norheim

Marta Norheim hadde lest alle dei nominerte bøkene til årets litteraturpris, og vart ikkje overraska då Ólafsdottir vann.

Foto: Javier Ernesto Auris / NRK

Norheim var sjølv i salen under utdelinga og vart ikkje overraska då det islandske namnet vart ropt opp av kronprinsessa.

– Ho var ein av mine tre favorittar. Dette er ei bok som er djupt alvorleg, samtidig som ho er veldig morosam, seier Norheim.

Dei norske nominerte til litteraturprisen var Roskva Koritzinsky for boka «Her inne et sted» og Carl Frode Tiller for «Begynnelser».

Miljøprisen til Grønland

Naturressursrådet i Attu ved Grønlands vestkyst vann Nordisk råds miljøpris 2018. Prisen vart delt ut av statsminister Erna Solberg. Fiskarane i Attu-området observerer naturen, foreslår tiltak og bidrar til forskingsarbeid.

Miljøpris

Per Ole Frederiksen (bildet), Pâviârak Jakobsen og Nette Levermann tok imot prisen på vegner av Naturressursrådet i Attu ved Grønlands vestkyst.

Foto: NRK

Barne- og ungdomslitteraturprisen til Færøyane

Forfattaren Bárður Oskarsson vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka «Træid». Oskarsson har også illustrert boka. Forleggaren Niels Jákup Thomsen tok imot prisen på vegner av prisvinnaren. Prisen vart delt ut av Gunilla Bergström, forfattaren av Albert Åberg-bøkene.

Barnepris

Forleggaren Niels Jákup Thomsen tok imot prisen på vegner av Bárður Oskarsson.

Foto: NRK

Også filmprisen til Island

Island hadde mest å juble for i kveld då dei tok heim to prisar til sagaøya. I tillegg til litteraturprisen vann filmen «Kona fer í stríð» Nordisk råds filmpris 2018. Filmen er regissert av Benedikt Erlingsson og skrive av Ólafur Egill Egilsson.

VInneren av filmprisen: Kona fer í stríð

Regissør Benedikt Erlingsson jubla for Nordisk råds filmpris 2018.

Foto: Johannes Jansson / Nordisk råd
  • Sjå traileren for filmen her:

Sjå sendinga frå Nordisk prisgalla 2018 her:

Utdeling av Nordisk Råds priser 2018. En feiring av det beste fra nordiske kulturuttrykk og miljø med en festsending fra Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika. Musikalske høydepunkt fra Susanne Sundfør, Dagny, Jarle Bernhoft, Marja Mortensson, Jan-Erik Gustafsson, Operakoret og KORK. Prisutdelere er blant andre: Statsminister Erna Solberg og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit. Programledere: Linda Eide og Hans-Olav Brenner.

Utdeling av Nordisk Råds priser 2018. En feiring av det beste fra nordiske kulturuttrykk og miljø med en festsending fra Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika.

Les bokmeldinga av den islandske vinnarboka her: