NRK Meny
Normal

Fleire høgdepunkt blant dei nominerte

Dei 13 bøkene som er nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2013 spenner frå navlegransking til krigshistorier og globale kriser.

Nominerte til Nordisk råds litteraturpris

Marta Norheim spekulerer om kven som får Nordisk råds litteraturpris som blir delt ut på onsdag. Øverst fra venstre: Ida Jessen, Tomas Espedal, Eiríkur Örn Norðdahl, Mona Høvring, Juaaka Lyberth, Kjell Westö, Johanna Boholm, Claus Beck-Nielsen, Tóroddur Poulsen, Andrzej Tichý, Henriikka Tavi, Eva Runefelt og Auður Jónsdóttir.

Foto: Montasje, NRK

Også dei som har valt seg sjølv som hovudperson og granskingsobjekt spenner mykje vidare enn berre til å skrive om seg sjølv: Vi har alle ein eksistens, og gjenkjenninga kan vere overraskande sterk også når ein les om folk som sit med heilt andre livserfaringar. Eller kanskje "relevans" er eit betre ord enn "gjenkjenning".

Vinnaren er..

Bunken inneheld ingen soleklare vinnarkandidatar, her er fire-fem forfattarar som godt kan vinne prisen. Dermed kokar det ned til eit spørsmål om kva juryen vel å leggje vekt på: Vil dei ha ein spennande historie, vil dei ha det store, kaotiske, mørke tidsbildet, vil dei ha psykologisk realisme eller sjølvgransking på høgt nivå?

Svik 1938

«Svik 1938» av Kjell Westö.

Foto: Pax forlag

Mitt stalltips er Kjell Westö og romanen «Svik 1938». Her er grundig kjennskap til ein by og ein tidsepoke smidd saman med ei historie på liv og død, med røter i den mørke, finske borgarkrigen. Jo, eg satsar på ein finlandssvenske denne gongen. Kva juryen har satsa på, blir først kjent onsdag kveld.

fjor gjekk prisen til den ultimate vinnaren: Kim Leine var ein nordmann som skreiv på dansk om Grønland. Romanen «Profetene i Evighetsfjorden» var attpåtil ein vel fortent vinnar i eit år då det var uvanleg mange sterke kandidatar. Vel fortent, sjølv om det i ettertid har kome kritikk mot feil i framstillinga av grønlendarar og embetsmenn på 1700-talet.

Årets bunke av nominerte bøker, 13 i talet, har ingen slike kinderegg. Men spørsmålet om dikting og sanning er relevant for mange av titlane i år også. Naturleg nok, ettersom store deler av den mest vitale litteraturen legg seg i det kronglete skjeringspunktet mellom fakta og fiksjon. Dei nominerte bøkene viser også tydeleg at nominasjonskomiteane set pris på bøker som har ei markant lokal forankring, sjølv om vi er langt unna turistbrosjyrene. Heldigvis.

Den mest pikante

Dansk litteraturs enfant terrible, Claus Beck-Nielsen, har skrive romanen «Mine møder med de danske forfattere. Et spejlkabinet». Her skildrar han sine møte med 12 kjente, danske forfattarar med finslipt eller ikkje fullt så finslipt ironi.

Hans eigen posisjon er, som alltid, den utanforståande:

Dette er mannen som har insistert på at han er død, som har prøvd å leve utan personnummer og som i den nominerte romanen forklarer at var totalt hekta på fotball og hadde knapt lese anna enn gutebøker før han som 26-åring drog til København og blei sveltande kunstnar på eit trekkfylt loftsrom.

Må ein kunne noko om dansk litteratur for å få utbyte av denne boka? Det er klart det hjelper, men det er neppe nødvendig. Historiene står på eigne bein. For meg var møtet med Christina Hesselholdt ein sterk, men pinleg affære, sjølv om ho var ukjent for meg.

Då eg i ettertid oppdaga at Hesselholdt var eks-kona til Beck-Nielsen, og at det var etter brotet med henne han hadde insistert på at han var død, ja, så gjekk teksten frå å vere pinleg til å vere uuthaldeleg. Den startar med at ei nervøs Hesselholdt inviterer vår mann til forlaget sitt der ho les opp ein tekst for han:

Det var ikke en hvilken som helst roman. Den handlede om mig. Hun kendte mig tydeligvis godt, der stod de mest pinagtigt intime detaljer om mit privatliv, som jeg ikke skal komme ind på her. Men ikke nok med det, hun kendte mig tilsynelatende bedre end jeg kendte mig selv (…)

Claus Beck-Nielsen


Eg er usikker på om dei 12 utvalte bør kjenne seg støytt eller kry av portretta. Dei elleve bør i alle fall tole det, når det gjeld eks-kona håpar eg han har lese opp teksten for henne og fått aksept før boka kom ut slik ho gjorde, om ein skal tru det som står i romanen.

Og elles er det berre å rope "skål for den 13."! For dette er naturlegvis indirekte ei bok om forfattaren sjølv, mellom mykje anna; i «spejlkabinetet» er det lag på lag. Spørsmålet er om outsiderrolla vil kle Beck-Nielsen like godt dersom han vinn Nordisk råds litteraturpris, noko som slett ikkje er usannsynleg.

«Bergeners»

«Bergeners» av Tomas Espedal.

Foto: Gyldendal

Dei verkelege personane som er skrivne inn i Tomas Espedals «Bergeners» har lite å frykte. Espedals prosjekt er å utforske sitt eige liv. Andre folk hamnar i periferien, som høgt elska bohemkunstnarvener eller som del av det like høgt forakta borgarskapet.

Likevel er her interessante parallellar til Beck-Nielsens metode; for begge er verda ei scene der dei sjølv tek regien over si eiga rolle. Resultatet blir litteratur. Liv, performance og kunst let seg ikkje skilje hjå desse to forfattarane. Her frå forfattar Tomas Espedals femtiårsdag, ifølgje romanen:

I dag er hans fødselsdag. Han fyller femti år. Han har kledd seg i sin beste dress og feirer dagen alene. (…) Han spiser en god middag. Drikker en dyr vin. Stuen er pyntet med blomster, hvite liljer, en gave fra ham selv.

Tomas Espedal

Teksten han skreiv den dagen han feira 50-årsdagen sin aleine er av hans aller beste, stadig ifølgje forfattaren sjølv. Det står å lese i fotoromanen «Mitt privatliv» som kom ut i haust. Den strengt regisserte fødselsdagsfeiringa blei til ein tekst, det var truleg også intensjonen.

Knausgårdsk utlevering

Hjå islandske Audur Jonsdottir er familien sentral for hovudpersonen. I følgje forfattaren er det hennar eige liv som ligg til grunn for handlinga, sjølv om namna er endra. Vi får tru at namnevalet har gitt Audur frimod til å setje historiene på spissen, for dette er dryge saker: Bak den lite heftige tittelen «Uvilkårligt» skjuler det seg ei desto heftigare historie der alkoholen flyt rikeleg gjennom barndommen, og Audurs alter ego gifter seg i svært ung alder svært spontant med ein 20 år eldre, alkoholisert sjømann. Her er bryllupsnatta:

Han tømte flasken til bunds, famlede ud i luften, til hun rejste ham op og støttede ham hjem. Fornemmede stanken af dårlig ånde fra ham, da hun puttede sig ind til sin mand, der halvvejs lå ned i sofaen, og mindede sig selv om, at hun måtte se at få ham til tandlæge. Nu var de gift.

Audur Jonsdottir

I ein kosteleg (men langdryg) scene arrangerer mor og mormor tvangsskilsmisse og lokkar den ufrivillig skilte til Sverige der ho kan skrive debutromanen sin i ro og mak. Det formødrene nok underkommuniserte, var at ho skulle jobbe på ungdomsleiren til den absurde venninna til mor, for kost og losji. Kanskje ikkje bra for debutromanen, men i denne romanen livar absolutt sommarleiren opp.

Bakom det heile ligg historiene om bestefar som vann "den fine litteraturprisen". Eit kjapt nettsøk avslører at Islands einaste nobelprisvinnar, Halldor Kiljan Laxness, er bestefar til Audur. Det verkar litt merkeleg at han er med i romanen utan å vere med. Audur har heilt klart eit anna utgangspunkt enn Beck-Nielsen og Espedal: Mens skriv seg inn i litteraturen frå eit nullpunkt, er Audur så og seie fødd på parnasset. Det kan verke som om det siste er vanskelegare enn det første. I alle fall når ein skal skrive sjølvbiografiske romanar.

Når las du ein roman frå Grønland sist?

OK, vinnarromanen i fjor var frå Grønland, men den romanen er skriven av ein norsk-dansk forfattar og hovudpersonen er ein like norsk-dansk prest. Grønland har for vane å nominerte diktsamlingar som hyllar den barske naturen og sørgjer over ein kultur dei ser forsvinne. Men i år altså: ein roman frå Grønland, forfatta av Juaaka Lyberth, som skal vere ein sentral person i grønlandsk kulturliv.

Romanen «Godt i vej» er debutromanen til 62-åringen og er ikkje fullkomen verken når det gjeld språk eller komposisjon. Forfattaren har til gjengjeld ei interessant historie å fortelje frå internatliv i Nuuk på 60-70-talet (ja, han har budd på internatet sjølv). Dei flinkaste elevane vart sendt frå fjerne fjordarmar og inn til Nuuk for å ta meir utdanning etter folkeskulen, og her får vi dei klassiske ungdomserfaringane i grønlandsk versjon: Det er musikk, forelsking, langt hår og opprør mot autoritetar, og det er tradisjonar som møter ein når ein har teke den lange reisa heim i feriar. Her kjem ein elev tilbake til Nuuk etter ferien.

Pauli var meget optaget af sit lands historie, og når han befandt sig i denne del af byen, kunne han ikke lade være med at gå og betragte det alt sammen, fordi stedet var fyldt med historiske minder - det var, som om han her kunne fornemme historiens vingesus.

Juaaka Lyberth


Og i det fjerne ser han dei "flotte, smukt blåmalede kollegiebygninger op som tårne". Interessant er det at forfattaren legg vekt på dei lyse sidene ved historia, her les vi om kjekk ungdom som får møte kvarandre og får høve til vidare skulegang. Den mørke tonen av kolonialisme og kulturtap er dempa ned. Mørkt eller lyst; det er når eg les slike historier som elles hadde vore totalt utilgjengelege, at eg elskar Nordisk råds litteraturpris. Originalens tittel er: «Naleqqusseruttortut», eg seier ikkje meir.

Dikt x 3

Juryen har overraska før, men eg vågar likevel å tippe at vinnaren denne gongen ikkje kjem til å vere ein poet. Finske Henriikka Tavi har med «Hoppet» skrive ei samling der ho bruker rim, barneregler og bokstavklangar og dialekt i dikt som både kan vere barnlege og også reflektere over døden.

Lydar og klangar er vanskeleg å få med over i eit anna språk, og lesaren blir sitjande med ei kjensle av at litt for mykje er "lost in translation". Men her er fine ting, som i diktet "Haikouichtys eller varför fiskarna simmar under vattnet", som opnar slik:

I tidernas begynnelse / simmade fiskarna ännu på ytan / det var ännu mörkt / och vatten och den första fisken / i vattnet simmade, den hade / av Skaparguden fått namnet Haikouichtys.

Henriikka Tavi


Tóroddur Poulsen frå Færøyane står for både tekst og illustrasjonar i diktsamlinga «Planker». Svartkvittbilde i noko som liknar på tresnitt følgjer dikta som handlar om det forgjengelege, om tru og om det tomme ingenting. Dei små, underfundige tekstane som er rita inn i bilda er upretensiøse, rare og meir tiltalande enn hovudtekstene. Som denne vesle, maritime saken:

De tegner sikkert bare både / tænk på hanefjedets internationale samarbejde / nu går jeg og kigger på både / bare de ikke bliver søsyge

Tóroddur Poulsen


Den mest interessante diktsamlinga er «Minnesburen» av svenske Eva Runefeldt. Gjennom dikt og lyrisk prosa legg ho lag på lag av minne oppå kvarandre. Den mytiske verdsopplevinga til barnet, der alt har liv, blir ikkje borte fordi om intellekt og livserfaringar endrar personen. Det er sanseleg og vakkert, «Minnesburen» er eit stilsikkert og klokt verk, som også kan lesast som historia om å bli kunstnar.

Tingen er också de fyllda. En kungsblå vas med truten i vädret rasar för att den inte kan röra sig. Den hånfulle pinnstolen vid dörren, det er den stela ryggens fel, min är mjuk ock faller lätt i hop.

Eva Runefeldt

Det korte formatet

Som Grønland, har også Åland valt å nominere ein debutant. Det er sympatisk å sende nye stemmer ut i verda på denne måten, men det viser seg at debutantar slit i konkurransen: Prisen har så vidt eg veit aldri gått til ein debutant og det gjer han neppe i år heller, trass i at både grønlandske Lyberth og ålandske Johanna Boholm har fine ting å kome med.

Boholms «Bygdebok» liknar ikkje mykje på det ein ventar av den sjangeren, som har volum som sikkert kjenneteikn. Denne bygdeboka er ei lita flis på 70 sider og som hjå Runefeldt går turen tilbake til barndommens sansingar. I eit falleferdig hus finst ein fråverande far og ei søster. Seinare bur søstera for seg sjølv, gjer rare ting og ringer og klagar til ho som fører bygdeboka:

Du packar ner et par skedar i veckan i din väska. De faller ner i ån, ibland klirrar det lite grann om det är tunn isskorpa på ån, ibland hörs ingenting. En sked om dagen, ett par. Så småningom är det slut på dem. (…) Och du ringer mig: "Skedar" säger du, "det finns inga skedar mer. Vad ska jag nu röra om i mitt kaffe med?"

Johanna Boholm

Det er ei gåtefull og fascinerande stemning i Boholms Bygdebok.

Camillas lange netter

«Camillas lange netter» av Mona Høvring.

Foto: Oktober forlag/Exil Design

Norske Mona Høvring er ein original forfattar som gjerne går i dialog med tekster av andre forfattarar. Mest tydeleg var dette i debutboka «Iik! Ein dialog» der ho kryssa klinge med Arkhilokos, ein forfattar frå djupet av den greske antikken.

I boka «Camillas lange netter» går ho eitt steg lenger og tek sjølv plass i Camilla Colletts sjølvbiografi «I de lange Nætter». Sterkt nedkorta og ikkje minst gjendikta til eit radikalt bokmål, stig Camilla fram på ein ny måte:

Jeg var ei godmodig og veloppdragen jente, men jeg var formlaus og skjønte meg like lite på med sjøl som jeg den dag i dag forstår meg på matematikk. Jeg hadde vokst opp som et pileskudd fra marka.

Mona Høvring

Eit godt grep og eit sympatisk prosjekt, men ein underleg nominasjon frå norsk side ettersom teksten strengt tatt ikkje er forfatta av Høvring.

Ida Jessen frå Danmark har signert den einaste novellesamlinga denne gongen, den heiter «Postkort til Annie». Eit par romanar finst allereie av Jessen på norsk, romanar som har ein særeigen energi. Bindingar mellom foreldre og barn og mellom vaksne som elskar kvarandre eller kanskje ein gong har gjort det, går igjen. Novellene går i same sporet og byr på psykologiske onliners og velformulert uhygge så det er ein fryd. Eit stort pluss er at ein sjeldan veit kvar teksten fører oss.

Åh, hvor havde hun tit forestillet sig en tilværelse uden ham, ingen kunne som hun dagdrømme om skilsmisse. Hun dansede om ham, denne støtte af træ eller sten, hun anråbte ham, hun bebrejdede ham sit livs sorger, hun elskede ham.

Ida Jessen

Kriser og krig på finsk, svensk og islandsk

Svenske Andzej Tichý har, til liks med Espedal, Jessen og Audur Jonsdottir vore nominert til Nordisk råds litteraturpris tidlegare. Sist gong for Tichýs del var med romanen "Fält" frå 2008, der han følgde ein andregenerasjons innvandrar med polske foreldre og ein papirlaus flyktning som møttest på eit psykiatrisk sjukehus. Forfattaren, som sjølv har polsk/tsjekkisk bakgrunn, går inn i dei store, vanskelege spørsmåla i vår tid på ein borande, til tider hallusinatorisk måte.

Årets roman, «Kairos», er breiare anlagd enn «Fält» var, og her er mange stemmer, tider og kriser i spel. Når krisa er utan ende, kva skal ein då satse på: opprør eller sjølvmord? Det er ei kompleks, urovekkjande og paradoksalt nok også vakker bok, dette her.

Krisene ligg tett på apokalypsen og det å handtere eit slikt drama på ein overtydande måte er absolutt verd ein pris, om ikkje juryen finn prosaen for kompleks.

När jag öppnar ögonen är det slut Med oss kan man inte skapa historia, står det. Jag låg med ögonen öppna, stelt fixerande den grå rymden. Över mitt ansikte hade smältvattnet runnit og sedan frusit fast igen, så att hela ansiktet var övertäckt av en tunn klar ishinna.

Andzej Tichý

Eirikur Örn Norddahl går også inn i krig og kriser, men på ein totalt annleis måte enn Tichý. I mursteinsromanen «Ondskab» legg han i veg om andre verdskrigen med vidd og ironi, han spør om forskjellen mellom å drepe folk i koloniane som imperiemaktene gjorde, og å drepe naboane som Hitler dreiv med. Han spør om forholdet mellom vondskapen i det små og vondskapen hjå dei som fekk stor makt. Ikkje heilt sakleg, men ikkje heilt usakleg heller.

I de fleste historiebøger tales der om det 20. århundrede i en tone, der blander en sygelig fascination af tanks med en skjult beundring for det blotte og bare omfang af de misgerninger som blev begået (…) Man siger 6 millioner, 17, 45, 80 millioner på slagmarken, skyttergrave, holocaust, atombombesprængninger og Gulag - og pludselig får folk på samme tid et ildebefindende, ståpik og sure opstød.

Kjernepersonen er Agnes frå Litauen, som kom til Island saman med mor og far. Som student forskar ho på nazismen og på den vonde tida då forfedrane på farssida likviderte dei jødiske slektningane på morssida. Når Agnes sjølv forelskar seg i ein nynazistisk informant, blir det trøbbel både inni henne og utanfor.

Mest inntrykk gjer likevel historiene frå krigen slik den ovra seg i landsbyen Jurbarkas. Der hadde folk levd sine liv i generasjonar, jødar og litauarar om kvarandre. Brått skal nokon agere herrefolk og herje med dei andre, noko det viser seg at dei gjer med skremmande iver og kreativitet. Vondskapen er nærverande og triviell og ligg ubehageleg nær det vanlege kvardagslivet i denne romanen.

Hjå finlandssvenske Kjell Westö er historia lagt til Helsingfors, ein by forfattaren tidlegare har dokumentert at han kjenner ut og inn. I romanen «Svik 1938» lagar han eit tidsspenn frå borgarkrigen i 1918 og til den tilstundande verdskrigen slik den sneik seg inn på helsingforsborgarane i 1938 og sette gamle venskap på prøve.

Det er ikke det at jeg faller for paradene deres, jeg heller. Men se på arbeidsløsheten - den er nesten borte! Og tallene fra tungindustrien er ganske fantastiske, hadde Polle Grönros hengt seg på. Hvordan kan dere redusere nazismen til et økonomisk spørsmål! hadde Lindemark ropt med en stemme som dirret av sinne.

Sentralt i boka er advokat Thunes Onsdagsklubb der ein liten klikk med gamle vener møtest. Den nye sekretæren til Thune oppdagar der ein mann som mishandla henne under borgarkrigen. Westö byggjer spenninga rundt spørsmåla: Kven av mennene i Onsdagsklubben mishandla sekretæren og kva har ho tenkt å gjere med det? Også utan denne gåta står tids- og miljøbildet støtt.