NRK Meny
Normal

Nattbussen

Boka til Hermann Starheimsæter er framifrå litteratur for alle som er opptekne av språk i aller vidaste og mest mangslungne tyding av ordet.

Forfatteren Hermann Starheimsæter. Foto: Geir M. Brungot

Hermann Starheimsæter har skrive eit frittståande framhald av romanen 'Nordvegen' frå 2003.

Foto: Geir M. Brungot

 

Hermann Starheimsæter: Nattbussen. Aschehoug 2007

Hermann Starheimsæter Nattbussen Aschehoug 2007

Foto: Aschehoug

Lærar og journalist Claus Hjelle (47) stig på nattbussen i Sogn og går av i Oslo. Dette er den enkle rammeforteljinga i romanen ”Nattbussen” av Hermann Starheimsæter. Men i løpet av denne søvnlause natta går han gjennom livet sitt: frå sær og sky ungdom, via utdanning, yrkesliv, ekteskap, galskap. Eit element i galskapen er den store visjonen om staten ”Nordveg”:

”På kyststripa frå Rogaland til Trøndelag skulle det etablerast eit heilt nytt land, republikken Nordveg, der det nynorske språket var den samanbindande og identitetsskapande faktoren. Eit øyliknande samfunn skulle det bli, eit land for spesielt interesserte. Vanskeleg tilgjengeleg, javel, blant anna fordi det skulle vera stengt om natta.” (s 123)

Å kjempe for den store saka

På institusjonen der han er innlagt trur han seg forfølgt av agentar frå ”Rest-Norge” og prøver å danne allianse med ein Bosniar som han meiner må forstå kva dette handlar om,- ein relativt dårleg analyse ettersom ingen liv til no har gått tapt i den norske målstriden, så vidt eg kjenner til. Men proporsjonar er ikkje vår manns hovudinteresse. Her gjeld det å kjempe for den store saka.

Er så ”Nattbussen” ei historie om oppvekst, om psykosar, om språk heilt allment eller om nynorsk meir spesifikt? Romanen er alt dette, men det som gjer sterkast inntrykk er opphaldet på institusjon, der dei tørre journalane til legar og sjukepleiarar får stå i skarp kontrast til Claus Hjelles eiga oppleving av kva som skjer. Språk står mot språk. Her blir det kjempa om definisjonsmakta, liksom det andre stader i romanen er ein kamp om målformer. Måten noko blir sagt på, orda som blir brukte og orda som ikkje vert kjent gyldige, er eit sentralt tema i romanen. Språket er eit kommunikasjonsmiddel, men det kommuniserer samstundes mykje meir enn berre pålydande i Hjelles univers, og eit stykke på veg er det lett å vere samd med han i det.

Nordvegen

Hjelle dukka første gong opp i romanen ”Nordvegen” frå 2003. Der skriv han eislags dagbok på oppfordring frå den tyske psykologen sin. I kursiv dukkar det opp små essays om livet og verket til ein del store målmenn: Olaus Fjørtoft, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje og så vidare. Her prøver Hjelle å finne ut kvifor det nynorske prosjektet stranda. At mottakaren er tysk, gjev forfattaren høve til å skildre den norske målstoda for ein utanforståande, dermed får også lesaren historia skildra med ein viss distanse. Hjelle er ein skarpskodd og samtidig skakkøyrt figur. Som før nemnt: Proporsjonar -og ein kan leggje til nyansar- er ikkje Hjelles styrke. Her må lesaren ta i bruk si eiga dømmekraft.

Galskap

Eit av spørsmåla som melder seg under lesinga av dei to romanane er: Blir Hjelle gal av å kjempe for nynorsken, eller er dette den forma galskapen tek hjå han? Romanen gjev ikkje svar på det, men her finst to frelseshistorier: Først blir han frelst av Gud og deretter av Ivar Aasen. Kan hende Hjelle er ein person som rett og slett treng sterke autoritetar og store visjonar i livet? Eller kan hende han er ein person som dreg alle ideologiar og tankesystem ut i det ekstreme og dermed absurde? Likevel let ikkje dei språkpolitiske filosoferingane seg redusere til gal manns tale.

Dei to romanane går inn i same historia frå litt ulike vinklar, og sjølv om baksideteksten kallar ”Nattbussen” eit frittståande framhald av ”Nordvegen”, er det all grunn til å få med seg starten på kalaset. Begge romanane er framifrå litteratur for alle som er opptekne av språk i aller vidaste og mest mangslungne tyding av ordet.