Hopp til innhold

Offeret slår tilbake

Når Nikolaj Frobenius let sjølvbiografien psyke ut forfattaren, er han på ein måte i kjent terreng.

Nikolaj Frobenius

Forfattar Nikolaj Frobenius.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

At sjølvbiografar får reaksjonar frå folk som mislikar framstillinga av seg sjølv i skrift, er vel kjent. Då Frobenius gav ut den delvis sjølvbiografiske romanen Teori og praksis, var det med klare hint om at prosjektet ikkje var strengt dokumentarisk: («Forfatteren forbeholder seg retten til å komme med spotske, overdrevne, løgnaktige og sentimentale virkelighetsforvrengninger.») Likevel kom det reaksjonar; ikkje minst vekte måten han skildra bydelen Rykkinn på, vreide.

Kven halshøgg Barbiedokker?

I Mørke grener møter vi den oppdikta forfattaren Jo Uddermann som er i ferd med å gje ut ein sjølvbiografisk roman om nokon dramatiske hendingar i ungdomstida. Han har drive research og er opptatt av å «skildre så nøyaktig som mulig det som hadde hendt». Tidleg får lesaren frampeik om at dette kan bli stygt: Anonyme brev, barbiedokker med avkappa hovud og døde ekorn på trappa er klare signal på at nokon der ute ikkje vil Jo Uddermann vel.

Poes dystre sirkel

Her let Frobenius den sjølvbiograferande møte det mørke, ja, gotiske universet som har dukka opp fleire gonger i forfattarskapen hans, sist i romanen Jeg skal vise dere frykten. Slik aktiverer romanen både tanken og det meir reptile angstsenteret i hovudet på lesaren. Få opererer meir smidig i dette spennet enn Frobenius, og Mørke grener er ikkje noko unntak, sjølv om det gotiske her dukkar opp ei svært kvardagsleg og gjenkjenneleg samtid. Den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poes dystre sirkel av mørke krefter og kaldblodig, utspekulert, destruktiv jævelskap blir teikna inn i nabolaget ditt. Det fungerer frå første ekorn.

Den sjølvbiografiske kloakken

«Hvis all litteratur forandrer seg til selvbiografier, vil litteraturen opphøre å eksistere og bli forvandlet til en kloakk av betroelser» let Frobenius Uddermann sitere frå ein chilensk forfattar, men då er vi langt ute mot slutten av romanen og før det har stakkars Uddermann fått køyrt seg skikkeleg. Fortida slår nemleg grusomt tilbake, både med før nemnte spikk av typen døde ekorn på trappa, men også på meir intrikat vis gjennom å okkupere livet hans innanfrå.

Store svelg

Den sanningssøkande forfattaren viklar seg stadig lenger inn i løgner. Verken ord eller handlingar let seg kontrollere av den klare tanke og viljens kontroll og når det verkeleg strammar seg til rundt han, legg han skulda på ein person ingen andre enn han sjølv trur eksisterer. Store svelg opnar seg mellom det han opplever som realitetar og det andre rundt han finn det naturleg å tru på.

Tynn hinne mellom sivilisasjon og kaos

Mørke grener går inn på overraskande mange område utan å verke overlessa: Dette er ein samlivsroman, der allereie researchen skaper trøbbel for ekteskapen til forfattaren, det er ei historie om kor mykje ein har rett til å utsetje familien sin for i jakta på det aller beste resultatet i yrkeslivet, i dette tilfelle i romanskrivinga, og det er ei historie om kva krefter du set i sving når du set deg føre å skrive den heile og fulle sanninga om hendingar som har fått liggje i det dunkle i mange år.

Dessutan er vi ein snøggtur innom ein påstand om at den sjølvbiografiske skrivinga vil gjere litteraturen om til drit, noko eg vil tru set i gang refleksjonar i mang ein lesar. Ved å dra inn element frå det gotiske mørkeloftet slik han gjer, får han også sagt noko om den tynne hinna mellom sivilisasjon og kaos, mellom det balanserte, borgarlege livet med kone, barn og skriveprosjekt på den eine sida og total menneskeleg og moralsk oppløysing på den andre. Romanen tek oss med andre ord inn i den spennande trekanten av etiske, estetiske og eksistensielle spørsmål.

Teori og praksis

Desse tematikkane er tekne inn på ein så open måte at Mørke grener inviterer til vidare diskusjon om sentrale sider ved, ja, teori og praksis. Den lett naive forfattaren Uddermann og familien hans er relativt uinteressante personar og historia grip først tak då spelet rundt romanen kjem i gang. Men då er vi i høgste grad i gang og då er det berre å henge med heilt til den overraskande slutten.