NRK Meny
Normal

Sterke saker frå Karl Ove Knausgård

Nok ein gong har Knausgård gitt seg i kast med eit halsbrekkande prosjekt og nok ein gong har han greidd å fengsle lesaren.

Karl Ove Knausgård driver sin kamp...

Karl Ove Knausgård skal i alt skrive seks romaner om 'Min kamp'.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Min kamp

Romanen 'Min kamp. Første bok' er ein del av i alt seks romanar. Dei tre første kom i høst, dei tre neste til våren.

Foto: Yngve KnausgŒrd

Hør: Bokmelding av romanen "Min kamp 1"

Seks romanar i løpet av eit halvt år på over 2000 sider tilsaman, temaet er livet til forfattaren og tittelen er "Min kamp". Eit slikt prosjekt vekkjer mange spørsmål i lesaren, og det mest opplagte er kvifor. Kvifor så stort, kvifor sjølvbiografisk, kvifor ikkje bruke livet som inspirasjon heller enn å kome med den sanne historia?

Det finst neppe noko godt svar på desse spørsmåla. Truleg kjentest det nødvendig å skrive dette. Og ein ting er heilt sikkert: Forfattaren gjer ikkje dette for å setje seg sjølv i eit spesielt flatterande lys.

Stor fallhøgd

Ein annan sikker ting er at Knausgård har skaffa seg ei formidabel fallhøgd. Bortsett frå desse sikre sakene er det mykje som er usikkert og mykje ein må vente med å snakke om til alle seks bøkene er på plass.

Dette med fallhøgd bør etterkvart vere velkjent for Knausgård-lesarar: Han sette eit eittal på framsida av den voluminøse debutromanen sin, og lovte med det ein oppfølgjar. Oppfølgjaren gjekk ein omveg på over 500 sider før han kom fram til hovudpersonen frå bok ein, og den omvegen gjekk via englar og bibelhistorier. Men begge desse romanane nådde fram til lesarar og prisjuryar og blir rekna som høgdepunkt i samtidslitteraturen.

Uhyre sterk historie

Når eg no altså tyr til omvegar fram til den første av dei seks bøkene som har fått tittelen Min kamp 1, ja, så er det i Knausgård ånd. Men altså: Denne romanen er ei uhyre sterk, ja, opprivande historie om ein far og ein son. Opprivande fordi faren gjer den inntrykksvare sonen utrygg og redd gjennom ord og gjerning.

Kor formande dette forholdet har vore kjem tydeleg fram då faren døyr, og sonen som har tenkt at far ikkje betyr noko for han lenger, får ein voldsom sorgreaksjon. Mykje av romanen handlar om kva dette er for noko, men på knausgårdsk vis går vegen inn mot denne knuten via filosoferingar og sidehistorier.

Eit etisk minefelt

Historia er skriven med stort fokus på detaljar. Det går ikkje i ein fei å brygge seg ein kopp posete eller tømme ein bærepose med varer, og ei effektiv redigering kunne sikkert fått verket ned i 800 sider. Godt at så ikkje har skjedd, her er kvantiteten heilt klart ein del av kvaliteten. Sjølv om den litterære kvaliteten går litt opp og ned, har teksten heile vegen ein nerve.

Den som skriv sitt eige liv skriv også andres liv. Dermed plasserer den sjølvbiografien seg i eit etisk minefelt. Kvar grensene går for dei som kjenner seg att i denne romanen er det ikkje opp til meg å meine noko om, men ein kan seie at Knausgård tek ein Per Olov Enqvist: Dei andre får ganske små roller der lite blir blottlagt. Bortsett frå faren er romanpersonen som
ber namnet til forfattaren den som vert utlevert så det svir.

Dømt etter første bind blir derfor konklusjonen: Knausgård har nok ein gong kome ned på beina etter eit halslaust svev.