Hopp til innhold
Anmeldelse

Napoleonskaker og vikingblod

Den nye familieromanen handlar som regel om omsorgssvikt. Bjørn Arild Ersland viser at for mykje omsorg heller ikkje er av det gode.

 Bjørn Arild Ersland, forfatter

I Bjørn Arild Erslands roman «Hårfagre» møter vi Kristian, ein lektor i historie av den typen som har levd seg inn i tidlegare historiske epokar frå barnsbein av.

Foto: Jonas Ersland

  • TITTEL: Hårfagre
  • FORFATTAR: Bjørn Arild Ersland
  • FORLAG: Pelikanen

Bjørn Arild Ersland hadde ei rekkje barne- og ungdomsbøker bak seg då han vaksenromandebuterte i fjor. Dette er ikkje nødvendigvis den beste ballasten; ein tendens til å forklare og tydeleggjere har lett for å bli med når forfattarar skal vende seg mot ei vaksnare aldersgruppe. Forklaringar og utfyllingar som kan vere heilt på sin plass i bøker for ungdom, kan for eldre lesarar opplevast som både omstendelege og irriterande.

Ersland går ikkje i denne fella. Sjølv om han stiller med eit ganske kort format og ein enkel måte å fortelje historia på, møter han sitt vaksne publikum med vaksne bøker, rett nok om menn som ikkje heilt taklar utfordringane i vaksenlivet, men problema dei strir med er på ingen måte barnslege.

Ikkje plass til ei kvinne til

Hårfagre, av Bjørn Arild Ersland

Ersland har skrive ein original roman om den norske familien, skriv Marta Norheim.

I romanen «Hårfagre» møter vi Kristian, ein lektor i historie av den typen som har levd seg inn i tidlegare historiske epokar frå barnsbein av. Det går i yngre jernalder, vikingtid og ikkje minst i Harald Hårfagre. Interessa deler han med far – eller omvendt. Og her kjem den veldige omsorga inn. Eller kjærleiken. Eller symbiosen. Slikt kan vere vanskeleg å skilje. Det er også vanskeleg å skilje mellom fars og Kristians innsats i oppgåva junior leverte på universitetet.

Fellesskapen mellom mor, far og barn er så sterk at Kristian ikkje får seg til å invitere utanforståande inn i dette fellesskapet. Det er ikkje plass til ei kvinne til, heller ikkje når mor døyr og det er berre han og far att. Her går familien saumlaust frå å vere ein stad der foreldra viser han omsorg og over i fasen der det er dei som treng omsorg frå han.

Harmoni med bismak

Ein harmonisk kjernefamilie prega av gjensidig respekt og felles interesser, er uhyre sjeldan å kome over i norsk samtidslitteratur. Då er det vesentleg meir å grave fram i den andre grøfta, der historiene ligg på skalaen frå generell misstemning til total kollaps. Like eins har den typiske mannen som slit med å bli vaksen ofte problem både med yrkesliv og med å ta ansvar. Kristian på si side er ein vellykka lektor med uvanleg stor evne til å leve seg inn i livet til andre, særleg fars.

Ersland har skrive ein original roman om den norske familien, der tragedien og komedien er limt saman som delane i ei napoleonskake. Vi er ein stad der kjensla av at noko er gale, ligg der som ein liten bismak i vaniljekremen: lett å oversjå om ein ikkje absolutt vil vere kritisk, heilt til Ersland mot slutten løftar kammerspelet til overraskande høgder – utan å bli for pedagogisk.

Den andre tråden, den om historiefaget, fengslar ikkje i same grad. Harald Hårfagre og dei andre blir ståande litt på sida av familiesporet og er meir ein noko som knyter familien saman enn noko som knyter historia saman. Likevel er dette ein rørande og medrivande roman som set i gang tankerekkjer både om måten vi lever saman på og om stoda i norsk litteratur.

  • Fleire meldingar frå NRK:
Liv andre har levd - omslag

«Liv andre har levd» av Edvard Hoem: Edvard Hoem avslutter nå den romankvartetten som startet med «Slåttekar i himmelen» i 2014. Den nye boken, «Liv andre har levd», er en flott leseropplevelse og fin avslutning på et stort arbeid.

Kari Hilde French, Dødsdømt i Kongo

«Dødsdømt i Kongo» av Kari Hilde French: Kari Hilde Hodne French sin bok «Dødsdømt i Kongo. Kampen for friheten» etterlater leseren med flere spørsmål enn svar.

Klassen

«Klassen» av Marte Spurkland: Marte Spurklands rapport fra et skoleunivers treffer midt i planeten.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.