Hopp til innhold

Medelsvenssons vekst og fall

Det er ikkje bra når dei sosialdemokratiske ideane okkuperer skallen til ein kar så fullstendig som her. Men forfattaren gir han nokre gode kort. Køyr debatt!

Lena Andersson

Humor og vidd pregar Lena Anderssons utforsking av sosialdemokratiets vekst og forvitring i nabolandet.

Foto: Henric Lindsten / Gyldendal

Etter å ha granska den innvikla kjærleiken gjennom to romanar, er det no sosialdemokratiet som blir lagt under lupa til svenske Lena Andersson. Og vel kan erotiske forviklingar verke hakket meir heftig, men granskinga av folkhemmets vekst og forvitring er fylt av indre spenningar, ideologisk så vel som inni mannen som har fått rolla som ursosialdemokraten i romanen «Sveas sønn».

Ragnar Johansson er fødd i 1932, året som markerer starten på ein lang regjeringsperiode for «sossarna». Mor hans ber namnet Svea Svensson, det er neppe tilfeldig, det heller. Når Ragnar legg seg nær landsgjennomsnittet og får to barn – jente og gut – med fru Elisabet, skal ingen vere i tvil: Her har vi ein modellfamilie som skal illustrere utviklinga gjennom 1900-talet.

Pulver til medelsvensson

Romanen opnar med ei finte. I det symboltunge året 1999 skal ei ung kvinne skrive ei avhandling om «modernitetens svenske mentalitetshistorie». Ragnar blir testa som mogleg intervjuobjekt, men fell gjennom. Han var for «vanleg». Den postmoderne forskaren er på jakt etter dei som skil seg ut; dei som viser sprekkene i systemet.

Men «Sveas sønn» er nettopp oppteken av å ikkje skilje seg ut. Han vil vere ein vanleg mann som gjer jobben sin. For løna vil han byggje hus og forsørgje familien. Ikkje eit stort hus, nei, eit heilt vanleg hus, som liknar på ein prikk på alle dei andre vanlege husa. Livet er rettlinja og bygd på fornuftige prinsipp. Mat bør ein lage av alle pulvervariantane som er komne på marknaden: næringsrik, billeg, enkel føde for moderne menneske.

Her skil han seg kraftig frå mor Svea som bakar og syltar og lit på Vårherre. Og frå barna sine, som frå tidleg ungdom forfektar meir individuelle synsmåtar.

Korleis vil vi ha det?

Er så Ragnar ein tragisk helt? Er han berar av positive verdiar som er blitt knust til grus i det nye samfunnet der glade, konsumerande individualistar flyt rundt?

Mnja. Den sympatiske ideen om eit godt liv for alle, fører vår mann inn i ein reguleringsiver som blir både rigid og totalitær. Når Berlinmuren fell, sympatiserer Ragnar med grensevaktene som gjer jobben sin og held orden.

Romanen er fortalt av ein lett distansert forteljar, som let ulike syn på stat og individ gnure mot kvarandre under historia: Er det slik at mennesket skal formast til eit sosialt vesen gjennom å innordne seg i eit system, eller er mennesket forma frå starten av og bør få utfalde seg innanfor minimale rammer?

Det totalitære og urettferdige samfunnet ligg og lurer i ytterkanten av begge ideane, både den om det samfunnsskapte og om det sjølvskapte individet. Lena Andersson opnar for gode diskusjonar om framtidssamfunnet i denne romanen om 1900-talet.

Passar for deg som:

  • Interesserer seg for korleis ein skal skape eit godt, fritt og rettferdig samfunn
  • Aldri har uroa deg over at heimelaga syltetøy er momsfritt

Fleire meldingar frå NRK

Trude Marstein, så mye hadde jeg

Trude Marstein byggjer stor litteratur med bitte små byggjeklossar: ein liten geip, eit solbrunt lår, eit marmorkakestykke, eit hugskott. Kva er det som gjer at vi lesarar gong på gong blir forført av slikt? Les meldinga

«Gratis og uforpliktande verdivurdering»
Foto: Samlaget

Marit Eikemos nye roman «Gratis og uforplktande verdivurdering» er en litterær prestasjon i et landskap der alt er grønnere på den andre siden. Les meldinga

Johannes Anyurus De kommer til å drukne...
Foto: Forlaget Press

I «De kommer til å drukne i sine mødres tårer» tar svensk-ugandiske Johannes Anyuru oss med ut på en mørk og fascinerende reise til sitt verste mareritt. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh