NRK Meny
Normal

Maske for et ukjent ansikt

Sissel Lie er ein av Noregs mest originale forfattarar. Men i romanen ”Maske for et ukjent ansikt” kjem ho i skade for å kopiere seg sjøl.

Sissel Lie er ein forfattar som er svært kresen med ingrediensane når ho komponerer bøkene sine. Medusa, som i den greske mytologien forsteinar dei som ser på henne, får ofte vere med. Franske kvinner frå 15- og 1600-talet likeeins. Og gjerne ei kvinne frå vår eiga samtid.

Den lærde forfattaren bruker kombinasjonen av desse særs ulike figurane til å utforske sider ved livet som sjalusi, raseri, lengt etter fridom, skaparkraft, og sjølsagt: kjærleiken. Det kan gjerne handle om kvinner som både vil elske fullt og heilt og vere frie skapande menneske, og som må kjempe med indre demonar og ytre krefter for å finne einslags balanse. 

 

 

Sissel Lies: Maske for et ukjent ansikt
Foto: Gyldendal

Hoffintrigar
Det er Anne Marie denne gongen. Kusina til Ludvig 14, ufatteleg rik og dermed ufri. Ikkje fordi friarane vil ha henne for pengane si skuld, men fordi kongen er redd for at Anne Maries ektemann skal bli mektigare enn kongen set pris på. Fetter Ludvig ser henne nok helst ugift.

”- Kjære kusine, sa kongen, - dette er en alvorlig sak. Jeg vil ikke forby ekteskap, De er gammel nok til å vite hva som er best for Dem. Men det er mange nok som ikke liker greven av Lauzun.
Han visste at hoffet kom til å reagere med forbitrelse over en slik mesallianse, og ba henne tenke seg godt om.
- Når man er over førti, har man ikke så mye tid til å tenke seg om, sa Anne-Marie.” (s. 40)

Dermed tek kongen på seg å tenke for henne, og resultatet blir at den mest seriøse friaren av alle hamnar i fengsel i ti år.

Rikdommen, adelskapen, hoffintrigene og korsettet snører seg saman rundt Anne Marie, som likevel nekta å la seg kue. Ei lubben, opprørsk prinsesse som let seg måle som den greske Athene, med Medusas gruvekkande monstermaske på skjoldet.
Slik blir ho i alle fall framstilt i ”Maske for et ukjent ansikt”.

Den moderne kvinna i denne romanen er ein forfattar som har funne memoarane til Anne Marie på eit fransk bibliotek og som vil skrive ei bok om henne.

Meir om prinsessa
Alle ingrediensar er dermed på plass. Men denne gongen fungerer ikkje alkymien. Det blir ikkje gull av denne blandinga. Kva er det som skjer, eller kanskje heller: kva er det som ikkje skjer?

Det verste er at kvinna frå vår eiga samtid ikkje blir interessant nok. Når historia forlet Anne Marie og hoffintrigane for å skildre dette moderne vesenet som strevar med forholdet til kjærasten og skrivinga og mor og far og aldringsprosessen, ja, så stoppar det litt opp. Truleg er ho med i historia for å vise at Anne Marie er ein tolka person, og ikkje ei kvinne vi skal utvikle eit spontant og ukomplisert venskap med over 100-åra. Vi skal ikkje få velte oss ureflektert og uproblematisert i silke og overflod og historisk kitsch ved hoffet til Ludvig 14.

Greit, men når Sissel Lie er så god til å mane fram livet og lagnaden til denne ugifte kusina, så vil vi ha meir. Av og til kan prinsessefaktoren bli for låg.


Kulturnytt, NRK P2, 30. april 2007