Hopp til innhold

Ein av desse skreiv Nordens beste bok i fjor

Somme får ein kilevink, mens andre greier å gå til grunne heilt på eiga hand. Hadde det ikkje vore for humoren, ville den nordiske litteraturen vore til å bli deprimert av.

Dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2017

Desse tolv forfattarane konkurrerer om den mest prestisjetunge litteraturprisen i Norden: Nordisk råds litteraturpris. Øvst frå venstre: Guðmundur Andri Thorsson, Laura Lindstedt, Birgitta Lillpers, Christina Hesselholdt, Johanna Boholm, Linda Vilhjálmsdóttir, Tomas Mikael Bäck, Vigdis Hjorth, Sissal Kampmann, Henrik Nor-Hansen, Ann Jäderlund og Kirsten Thorup.

Foto: LOUISE JEPPESEN / NORDEN.ORG

Kven skreiv den mest prisverdige boka i Norden i 2016? Det er dette dei ulike nasjonale juryane må samle seg om innan 1. november. Då skal nemleg Nordisk råds litteraturpris delast ut i Helsinki saman med dei fire andre nordiske prisane; for barne- og ungdomsbøker, film, musikk og miljø. Stivpynta nominerte skal sitje i salen og vri seg, før vinnaren får entre podiet og dei andre må halde kjenslene inne og smile nøytralt, anten dei no er rasande, letta, foruretta, likegyldige eller svimeslåtte. Same procedure as every year sidan 2013, året då prisgalla blei ramma rundt denne prisen som har blitt delt ut sidan 1962.

Kven er det det står om?

Men før det heile blir avgjort, er det tid for å gå gjennom den eksklusive bokstabelen og sjå nærmare på kva som finst der. Først litt tørre fakta: Grønland og det samiske språkområdet har ikkje nominert bok denne gongen, og dermed er det snakk om tolv verk: To frå kvart av dei fem nordiske landa, eitt frå Færøyane og eitt frå Åland. Fem av bøkene er diktsamlingar, sju er prosabøker av ymse slag: biografisk prosa, lyrisk prosa, romanar, eit spekter av prosa der handlinga stort sett og naturleg nok er lagt til Norden, men også til dødsriket, som jo er ein vesentleg meir overraskande location.

Blant desse tolv er det altså, slik eg ser det, fire bøker som peikar seg ut. Den utolmodige kan hoppe ned til slutten av denne artikkelen og sjekke kven dei fire er. Alle andre kan ta heile breidda av det som finst, og kanskje gjette på vinnarar undervegs. Det er jo slik at når det er nordisk meisterskap i litteratur, melder ingen på dårlege bøker.

Kunstnaren og livet

Bokin um Thor

«Og så trille, rulle, tuller vi. Bogen om Thor»: Eit nært, kjærleg men ikkje ukritisk portrett

Lat meg starte med den biografiske prosaen, som tel to verk: Det første er forfatta av islandske Gudmundur Andri Thorsson, og handlar om far hans. Og kven var så denne Thor som Gudmund er son av? Jo, det var sjølvaste Thor Vilhjalmsson, forfattaren som vann Nordisk råds litteraturpris for den kresne romanen «Gråmosen gløder» i 1988. I dansk versjon heiter boka om han «Og så trille, rulle, tuller vi. Bogen om Thor».

Mitt indre bilde av Thor er ein domsprofet som tok store ord i sin munn over alt dårleg i verda og i litteraturen, temmeleg fjernt frå den leikne tittelen. Men «Og så trille, rulle, tuller vi» handlar om ein son som finn foto og småting etter far sin og som minnest han. Som ein barnekjær og leikande, men også stridbar person. Og ein som hadde ordet i si makt:

Thor blev spurgt, om det ikke var svært at stå i skyggen af Halldór. Han svarede, at det gjorde han heller ikke, han stod i lyset af ham.

Halldór er Halldór Kiljan Laxness, den einaste islandske forfattaren som har vunne nobelprisen i litteratur.

Boka er eit nært, kjærleg men ikkje ukritisk portrett, ei minnebok som ikkje har som ambisjon å fortelje heile historia. At minnesamlinga også viser oss glimt av islandsk kultur og nyare historie er heilt klart ein bonus.

Thor er neppe særleg godt kjent blant nordiske lesarar, og det kan nok brukast mot denne boka. Endå mindre kjent er den andre biograferte personen: Kven har høyrt om Vivian Maier (1926-2009)?

Vivian

«Vivian»: Uhyre fascinerande

Få, vil eg tru, men ho er vel verdt å bli kjent med. Ho er hovudpersonen i romanen «Vivian» av danske Christina Hesselholdt. Vivian var ein amerikansk gatefotograf som i løpet av eit langt og einsamt liv tok ufatteleg mange foto mens ho tente til livsopphald som barnejente i New York og Chicago. Ho får ordet i boka, men det får også mange andre, mellom anna «Fortælleren», som tek stort ansvar for å rydde opp i historia.

Resultatet er uhyre fascinerande. Gradvis stig bildet av ein sta og særeigen kunstnarnatur, som aldri gjorde noko for å bli kjent, få stille ut, opparbeide seg arbeidsforhold, bli kjent med andre fotografar og så vidare. Ho passar barn og tek bilde. Ho framkallar stadig sjeldnare, rundt henne hopar seg seg opp med brukte filmrullar, skrap, avisbunker og saker ho kjøper billeg brukt.

Og først og sist: ho møter verda med eit granskande og nysgjerrig blikk:

Dér ligger en af døden gjort flad kat halvvejs dækket af en reklame og visne blade. Det gav mig en idé. Da jeg kom hjem knappede jeg min blå fløjlsfrakke over en hvid skjorte så man kunne se det øverste af den, og bredte frakken ud på terrassen med armene ud til siden og anbragte min røde hat over kraven, dér lå så tomme flade Viv og så træt og støvet ud. Jeg fortsatte et stykke tid med det flade.

Eg reknar med at Hesselholdt har lent seg tungt på kunsten, altså fotografia, i arbeidet med å framkalle Maier og gjere henne levande. Det einaste fotoet lesaren får sjå, er på omslaget: Eit sjølvportrett av Maier, kappa ved halsen så ansiktet ikkje er med. Om eg skulle ønskje meg meir av denne boka, måtte det vere fleire bilde frå fotografen. Men då hadde det blitt ei anna bok, og eg forstår valet.

Der Thor var klar over eige talent, synte det fram, var ein offentleg person og hausta prisar og skapte debattar, var altså Vivian ein heilt usynleg kunstnar som var til stades i verda gjennom fotoapparatet sitt. Få visste om henne. Likevel er romanen «Vivian» så fengslande at det ikkje er viktig å vite noko om hovudpersonen. Men eg vedgår gjerne at eg googla henne undervegs, for å sjekke at ho fanst og for å sjå fleire foto. Denne boka går heilt klart til finalerunden i mi personlege kåring.

Såre sjeler, misbrukte kroppar

Termin

«Termin. En framstilling av vold i Norge»: Trist historie fortald i eit nøkternt, distansert og registrerande språk.

Norske Henrik Nor-Hansens originale og underfundige stil pregar romanen «Termin. En framstilling av vold i Norge». Trass i tittelen er det ingen statistikkar eller eller andre framstillingsformer som illustrerer kor mykje, kor ofte og korleis den norske valden blir utført. Nei, her møter vi Kjetil Tuestad, ung, nygift og med fast jobb som elektrikar i Rogaland, Noreg, i oljealderen. Kort tid etter bryllaupet, blir Kjetil slått ned og etter det blir han aldri den same. Ekteskapet, jobben, tilknyting til samfunnet, alt ryk som gammaldagse sikringar i torever.

Det framkommer at Kjetil Tuestad satt mye alene i hybelen. Han slet fortsatt med konsentrasjonsvansker. Han beskriver det som at dagene bare gikk. Man vet at han tidvis fikk selskap av en hvit katt. Han sier katten pleide å komme til kjellervinduet. Kjetil minnes at han gav den leverpostei.

Ein forteljar som tydelegvis veit alt, fortel den triste historia i eit nøkternt, distansert, registrerande språk. Store og små hendingar, alt er i same stemningsleie og med same, til tider meiningslause presisjonsnivå. Trass i at romanen er på skarve 84 sider, greier forfattaren å gje eit bilde både av Kjetil og tida han lever i, og dessutan skape ei skrudd kjensle av noko framandt gjennom den spesielle forteljestilen. Det er godt gjort, men dette er neppe vinnaren.

Vigdis Hjorths bok «Arv og miljø» (2016)

«Arv og miljø»: Vigdis Hjorth borar der ho veit det gjer vondt.

Den andre norske romanen, «Arv og miljø» av Vigdis Hjorth, høyrer også heime i skildringane av utsette menneske. Hovudpersonen Bergljot meiner ho var utsett for incest i barndommen. Den vaksne Bergljot kjenner det strammar seg til.

Det jeg merket, har jeg tenkt siden, da jeg begynte å tenke, var at erkjennelsesøyeblikket nærmet seg, at jordskjelvet nærmet seg, slik jeg ante at dyr aner jordskjelv. Jeg gruet og skalv for den smertefulle sannhetshendelsen som skulle gjennomryste og filleriste meg, kanskje arbeidet jeg ubevisst for å framskynde den, for å få det overstått når det likevel ikke var til å unngå.

Det handlar om arv etter ein død far, eit par hytter som skal fordelast. Men først og fremst handlar det om eit barndomsminne som ikkje er til å tru og som ikkje kan eksistere innanfor familien.

På karakteristisk vis borar Vigdis Hjorth der ho veit det gjer vondt. Ho utforskar drivkreftene som er i sving hjå dei ulike personane i dramaet, ho granskar kva som skjer med den som insisterer på at eit brot har funne stad utan å vinne gehør, og ho fører lesaren djupt inn i spørsmål om skuld, soning og forsoning. Romanen var sentral i debatten om den såkalla «virkelighetslitteraturen» i fjor haust. Denne debatten skal eg ikkje repetere her. Om ein les boka som ein roman, høyrer han heilt klart heime i tetsjiktet blant dei nominerte.

Erindring om kærligheden af Kirsten Thorup

«Erindring om kærligheden»: Ein uvanleg rik roman.

Komplikasjonar og brot i familiar står også sentralt i «Erindring om kærligheden» av danske Kirsten Thorup. Hovudpersonen Tara er ein ressurssterk og gåverik person som snublar seg gjennom livet som skodespelar, som arbeidslaus, som einsleg mor og etter kvart som ei kvinne som misser grepet om seg sjølv og om tilveret. Ikkje minst er historia om dottera pinefull lesnad. Tara sleit med å vere mor til eit lite barn, og dottera Siri vender seg mot henne frå tidleg i ungdommen. Det intense og angstfylte forholdet mellom mor og dotter etsar seg inn i lesaren. Her ein telefonsamtale, etter at Tara for første gong har møtt Siris kunstnarvener:

«…men sig mig, hvorfor tror dine kammerater, at jeg bor i utlandet?» «Det er nok fordi du virker så fjern,» sagde Siri provokerende. «Hvad mener du med det?» «Du lever i din egen verden langt væk i stjernetågerne.» Siri var på kanten av et grådanfald. (…) «Jeg har ikke brug for dig.» «Mennesker har altid brug for hinanden.» «Er det ikke lidt sent at du kommer i tanke om det?»

Som kunstnar utforskar Siri forholdet mellom mødre og døtrer og Tara snik seg rundt i museum og galleri på jakt etter nye bodskap frå dottera. Kjærleiken har mange ansikt, og forholdet mellom mor og dotter endrar seg fleire gonger gjennom romanen. Legg så til at livet til dei to kvinnene flettar seg inn i tidsaktuelle spørsmål som klima og nye landsmenn, og du har ein uvanleg rik roman.

Før døden og etter

Bokomslag, kvinne med langt hår bøyer hodet

«Oneiron»: Suveren, forbløffande og overraskande lystig lesnad.

Foto: Oktober forlag

«Oneiron» av finske Laura Lindstedt har allereie nådd å få Finlandia-prisen, som er det finske svaret på Brageprisen eller omvendt. Sju kvinner kjem, ei etter ei, til eit kvitt og udefinert rom der dei prøver å orientere seg og finne ut av kva for gruppe dette er. Dei kjem frå heile verda og har svært ulike livshistorier. For alle gjeld at det siste dei hugsar, er at dei var i ein temmeleg kritisk situasjon. Det viser seg at situasjonen enda med døden, anten det no var kreft, anoreksi, vald eller ulykker som førte dei over streken og inn i dette ingenmannslandet som dei prøver å møblere med det vesle dei har: Parykken til kreftpasienten, klesplagg og småting frå lommene. Kva gjer ein så når ein bokstavleg talt er utanfor tida og ute av alt kvardagen baud på av gjenkjennelege rammer, rutinar og folk? Jo, ein ser tilbake. Her den New York- baserte sveltekunstnaren:

Shlomith-Shkhinas siste opptreden, som dusinvis med performanceforskere fra hele verden har kommet for å bivåne. Auditoriet i Jewish Museum er proppfullt. (…) Det går et sus gjennom publikum. Der står endelig Shlomith-Shkhina, med mikrofonen i hånda, i underbukse, oppgitt av stygge varmeapparater som gløder mot henne. Hun er som gravd rett opp av graven, hun kan ikke være i live, så mager er hun.

Lindstedt greier å få lesaren med på dette svært originale grepet som neppe har til formål å skape visjonar om livet etter døden, men heller om livet før han bankar på: vi blir mint om korleis døden ein dag er der for oss alle, gjerne mens vi var midt i andre ting og på ingen måte klar for ei avslutning av jordelivet. «Oneiron» er suveren, forbløffande og overraskande lystig lesnad, når ein tenkjer på temaet.

Jag är Ellen

«Jag är Ellen»: Vakker og humoristisk, men det er noko som manglar.

«Jag är Ellen» er tittelen på den prosalyriske teksten Åland har lagt i den nordiske bokbunken i år. Forfattar er Johanna Boholm. I denne boka blir blir egget, fuglen og så det nye egget eit bilde på livet som held fram sjølv om individa døyr. Men fuglemetaforikken når lenger, her får fleire menneske fugleliknande trekk, og døde fuglekvinner talar til dei levande. Ein litt komisk konsekvens av denne fuglefikseringa er at ein deltakar tek med seg egg på slektsgranskingskurset, der ho blit tatt på det største alvor av leiaren.

Jag drar åt mig väskan och plockar upp äggen ett efter ett, radar upp dem framför mig. Kursledaren återfår fattningen och skyndar sig efter en bricka. Ställ dina ägg på den, säger hon, så att de inte rullar ner på golvet och krossas. Då blir du utan minnen, olycklig för resten av ditt liv.

Fleire på kurset slit med å forstå kva egga har der å gjere. Sjølv slit eg med å få dette fuglemotivet til å seie meg noko ut over det heilt opplagte om generasjonar og tid. Her er vakre passasjar, her er humoristiske passasjar, men det er liksom noko som manglar.

Poetiske undersøkingar

Litterære prisar som både kan gå til prosa og poesi, har lett for å hamne hjå prosaistane, og då særleg hjå romanforfattarane. Det er som om samanlikninga mellom dei lange historiene og det poetiske språket har lett for å falle i poesiens disfavør. I fjor gjekk prisen til ein poet og sjansane for dei fem nominerte diktsamlingane er derfor truleg mindre enn vanleg. Likevel, dette er ein pris som handlar om å bli kjent med nabolandslitteraturane, og der høyrer poesien naturleg heime.

Frelsi

«friheten»: Utforsking av fridom og grenser som er tydeleg og konkret, men ikkje banal

Islandske Linda Vilhjálmsdottir er nominert for ei diktsamling som på svensk har fått den ambisiøse tittelen «friheten». Originaltittelen er «frelsi», ikkje mindre ambisiøst. Dikta gjer seg satiriske over at folk i vår del av verda misbruker fridommen til å øydeleggje kloden. Dette er tydeleg politiske og feministiske dikt som dels utspelar seg lokalt, truleg på Island, og i Betlehem. To reisande ser at dei må bu på luksushotell der, ettersom det ikkje finst herberge i byen no heller.

På den tredje dagen/fattade vi att de öronskärande skallen/från hungriga attackhundar/som tog sig inn i hjärnan likt en ockupationsarmé/var tredje timme och stannade kvar en halvtimme /inte var spontant uppkomna utan ingick i en så kallad/psykologisk krigföring

Lindas utforsking av fridom og grenser er tydeleg og konkret, men ikkje banal.

Dei andre poetane skildrar helst natur, mellommenneskelege relasjonar og funderingar om livet, altså klassiske poesitema. Klassiske og uoppslitelege, kunne eg seie, alt står og fell med korleis dei skriv.

Sunnudagsland

«Søndagsland»: Gode og originale strofer om å føle seg heimlaus der ein kjem frå.

Færøyske Sissal Kampmann har skrive diktsamlinga «Søndagsland», der eg-personen har kome tilbake til Færøyane etter mange år i utlandet og synst tida i gamlelandet går altfor sakte, som på søndagar i barndommen. Ho er blitt ei sånn dame som sjekkar værmeldinga fleire gonger om dagen. Dessutan kjenner ho seg ikkje heime der lenger.

Når aftenen kommer/lægger bygden sig/som en bokstav/der ikke findes i mit alfabet/skrevet med lyskæder.(…)Føler mig som det utæmmede får,/der står sammen med fjeldet/med uredt hår/og kigger ned på bygden/ind gennem køkkenvinduerne/hos dem/der føler sig hjemme.

Dette er gode og originale strofer om å føle seg heimlaus der ein kjem frå. Og avslutninga, der «jeg» kikkar inn til dei som føler seg heime, kan få lesaren til å spørje: men korleis veit du at dei andre føler seg heime? Er ikkje dette ei typisk feilslutning: at når ein sjølv føler seg utanfor, må alle dei andre nødvendigvis føle seg innanfor? Dikta opnar både for med- og motlesingar.

Birgitta Lillpers

«Anteckningar om hö»: Tett på både arbeidsprosessar og det som lever og gror i eit bygdesamfunn.

«Anteckningar om hö» er tittelen på svenske Birgitta Lillpers diktsamling. Hö er det same som høy, og vi er i eit bygdesamfunn der også ulike typar gardsarbeid har fått plass i strofene. Det lyriske «jag»-et er tett på både arbeidsprosessar og det som lever og gror. Etter kvart blir det også tydeleg at «jag» slit med alvorleg sjukdom, noko som intensiverer opplevinga av det levande landskapet. Dikta vekslar mellom det heilt konkrete arbeidet med høyonn og anna, og det meir filosofiske:

Tänker du på det hela tiden?

Nej, det är

helt införlivat, någon

tanke kan jag inte

kalla det.

De tysta gatorna

«De tysta gatorna»: Det er noko mildt, vemodig og djupt menneskeleg over dei beste dikta til Bäck.

Den finske poeten Tomas Mikael

Bäck er også ein poet som dels går inn i heilt konkrete sansingar og dels filosoferer over tilveret, i samlinga «De tysta gatorna». Av og til gjev han til beste heilt korte aforistiske eller haikuaktige dikt:

Förflugna tankar/en ny bädd:/tofsvipans skri

Tofsvipe er ei vipe, rett og slett, ifølgje ordboka. Andre gonger dreg han det litt lenger, somme stader får vi eit bilde som nesten er ei historie, som her:

Sjukhusets röda morgonrock/lätt at identifiera./Lutad mot rollatorn traskar/gubben mot stan./Droppflaskan svajar i sitt stativ./ Är han på rymmen?/Är det hans sista fristund/inför lång konvalescens?

Ja, sei det. Kanskje det er hans siste fristund i dette livet. Det er noko mildt, vemodig og djupt menneskeleg over dei beste dikta til Bäck.

Djupa Kärlek Ingen

«djupa/kärlek/mina»: «Take it or leave it»-poesi.

Siste bok ut er diktsamlinga «djupa/kärlek/mina» av den svenske poeten Ann

Jäderlund. Der dei fire andre poetane har vore konkrete, til tider visuelle eller smått livsfilosofiske, er det på ein måte lenger mellom orda hjå Jäderlund. Språket samlar seg ikkje til bilde, i alle fall ikkje hjå denne lesaren. Vi har å gjere med eit språkkritisk univers, der sjølve kommunikasjonen er under lupa. Jäderlund er blitt kalla for uforståeleg, og det går an å forstå.

Vi får vite at dikta i denne samlinga er skrivne over eit langt tidsrom, frå 1992-2015, men elles manglar både forfattarpresentasjon og liste over tidlegare diktsamlingar. Her er det berre dikt, utan sidetal, komma, punktum og for all del: utan ropeteikn. Dette er take it or leave it-poesi.

Som aporna i själen nästan liten/sönderstucken räv höna fantom sju vita änglar/sovande och instuckna i själen

Det er til tider vakkert, til tider bilderikt, heile vegen gåtefullt og absolutt heile vegen dikt som krev ei open haldning av lesaren som må bruke tid for å kome nokon veg. Mange set stor pris på det jäderlundske universet, personleg slit eg kraftig; kanskje fordi eg er for utolmodig og fordi eg ikkje veit akkurat kva eg skal leite etter.

Det får vere nok sjølvransaking. Ettersom den svenske poeten Katarina Frostenson fekk prisen i fjor, er det svært lite sannsynleg at det er den svenske poeten Ann Jäderlunds tur i år.

Og trass i at det finst gode enkeltdikt i diktsamlingane, får poetane ha meg unnskyldt: eg kan ikkje sjå at dei når opp i toppen. Der finst det denne gongen fire svært gode og svært ulike romanar.

Kven vinn prisen?

Slik eg ser det, står det i år om fire namn frå tre ulike land: Kirsten Thorup og Christina Hesselholdt frå Danmark, Laura Lindstedt frå Finland og Vigdis Hjorth frå Noreg.

Hjorth og Thorup har levert intense familiedrama. Der Vigdis satsar på kammerspel, tek Thorup inn tida som går og Danmark som endrar seg gjennom eit halvt hundreår. Laura Lindstedt fortel sju fascinerande livshistorier frå heile verda, sett frå andre sida av døden. Og Hesselholdt har skapt eit sterkt kunstnarportrett av ein ukjent og svært original amerikansk kunstnar. Alle fortener prisen.

Skulle eg trekkje fram ein framfor dei andre, må det vere Kirsten Thorup, for romanen «Erinding om kærligheden», fordi den famnar så vidt og borar så djupt, og fordi vi aldri veit kvar forfattaren fører oss, men vi vil vere med likevel. Kvaliteten held seg gjennom heile den 460 sider lange romanen. Er det Thorups tur i år?

Anbefalt videre lesning:

Henrik Nor-Hansen

Henrik Nor-Hansen

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Norges ukjente priskandidat. Han ville gjøre det motsatte av Karl Ove Knausgård. Det er han nominert til Nordisk råds litteraturpris for. Les saken

De nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomsbokpris 2017

DE NOMINERTE: En av disse bøkene blir snart kåret til den beste barne- og ungdomsbok i Norden.

Foto: norden.org

Psykiske påkjenninger i barnebøkene. Psykisk og sosialt stress preger mange av kandidatene til Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok. Kvaliteten er høy, her er mange verdige vinnere. Les saken

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)