Hopp til innhold

Slektsforbanning

Marmorsøylene som denne slektskrøniken byggjer seg opp rundt, er strengt tatt gips med måling utanpå. Ikkje alt er som det ser ut til å vere blant dei som lever av og mellom søylene, heller. Slik held «Marmor» på lesaren heile vegen.

Forfatteren Toril Brekke

Toril Brekke let både gener og fattigdom og ideologi og grader av galskap spele saman i romanen «Marmor».

Foto: Scanpix

"Bare risp litt i fernissen, så finner du de rareste ting", seier ein av personane langt innpå 2000-talet. Men det starta over 100 år før og opphavet har mytiske kvalitetar: Det går an å seie at den norsk-italienske slekta i romanen vart grunnlagt fordi ein hest sparka bakut i Kristiania seint på 1800-talet, og gjorde slik ende på ein italiensk marmoreringsmeister.

Det går også an å meine, som den inngifta Gudny, at det følgjer ulykke med desse "ittaljenera", og at det beste er om nye generasjonar ikkje fører slekta vidare.
Nokon vil hevde at kanskje fattigdom, ulykke, ideologiske blendverk og lik i lasta er dei største problema. Eller kanskje det er lagnaden, eller tvert i mot tilfellet, som legg snubletrådane? Ingenting er heilt sikkert.

Det er reine Hellemyrsfolket, og mangelen på trygt familieliv går i arv trass i den formidalble klassereisa Gudny tek når ho gifter seg med ein Viotti.

Marta Norheim / «Marmor» av Toril Brekke

Fargerik marmor

For eigen del vil eg meine at «Marmor» er eit konglomerat av einskildskjebnar og lange slektslinjer streka ut i Kristiania og seinare Oslo, ein by som lever med og endrar seg i løpet av dei 5-6 generasjonane i Viotti-familiens liv som boka gir plass til. Slik blir historia historisk i ordets beste meining. Det går an å innvende at dei sterke fargane romanen «Marmor» er målt i reduserer psykologiske nyansar. Eg veit ikkje om dette er noko ein kan overføre frå marmoreringsteknikkar; uansett er dette på ingen måte ei vesentleg innvending, det er heller ei konstatering.

Arven etter Gudny

Romanen opnar med at Gudny skal i grava. Med si plassering midt i kronologien blir Gudny eit nav som har kontakt med dei første så vel som dei siste generasjonane i slekta. Som femåring har Gudny ansvaret for tre mindreårige søsken mens begge foreldra er på jobb. Veslebroren døyr. Far drikk og slår. Det er reine Hellemyrsfolket, og mangelen på trygt familieliv går i arv trass i den formidalble klassereisa Gudny tek når ho gifter seg med ein Viotti.

Den særaste generasjonen, den som er skildra med minst innleving og sympati er kuriøst nok den Brekke tilhøyrer. Fanny, Gudnys dotter, er ein parodi på ein 68-ar på så mange nivå at det er ein studie i seg sjølv. Berre ideen om at familiemedlemmene kjem kvarandre nærmare dersom ein tek ned dørene mellom romma i huset, viser at Fanny og co slit veldig med forholdet mellom ideologi og liv. Rett som det er fell småbarnsmora i stavar og leverer setningar av typen "Vi spretter opp fiendens mage med kniv." Mens bror går på jakt i uttrykkssida av språket og ramsar regler av typen "knullings, rullings". Ektemannen viser begeistra fram pikken sin til barna for å…ja, for kva, eigentleg? Fridomen er formlaus og barna skammar seg djupt.

Å bryte slektsforbanninga

Dette er ei krønike der generasjon etter generasjon av barn opplever å bli svikta av foreldra, av ulike, dels uklåre grunnar. Og med sidesynet tek ein lesar til å leite etter barnevernet og spørje seg om romanen indirekte målber ein kritikk av mangelfullt utbygd barnevern, eller om offentlege hjelparar er fråverande for å setje slektsdramaet på spissen.

Gjennom heile romanen dumpar vi med ujamne mellomrom ned på ein benk i Paulus kirke. Der sit barnebarnet til Gudny, Carla, og tenkjer tilbake på livet til den avlidne bestemora og ikkje minst på det løftet den gamle pressa ut av henne: At ho aldri skulle få barn, for slik å bryte slektsforbanninga. I vår tid er slektsforbanningar anten noko svært gammaldags, skapt av overtru og utvikla av kreative historieforteljarar, eller det er høgst moderne og knytt til uheldige gener. Forfattaren let både gener og fattigdom og ideologi og grader av galskap spele saman.

OK, dette er ein roman på drygt 400 sider. Likevel er eg imponert over kor mykje Toril Brekke har greidd å fange inn av episodar, livsløp, slektsforbanningar, for ikkje å gløyme skiftande tidsbilde og byutvikling. At det likevel er plass for lesaren til å tenkje over nokon ikkje enkle spørsmål, er rein bonus.