Anmeldt av Arnhild Skre
Berit Riise frå Sunndalsøra har to søner i internasjonal toppfotball. Ho var fotballmammaen som ikkje nøyde seg med å stå på sidelinja, men blei i staden første og einaste kvinne blant norske fotballagentar, og forhandla fram millionavtalar for son sin John Arne Riise.
I sladreblada
Denne uvanlege kvinna har vore utskjelt, har skjelt ut og har tilstått å ha slått ned ein mann. Alt saman bretta ut på førstesidene og i sladreblada, (inkludert det oppsiktsvekkande at ho etter fleire år som A-kjendis sto fram i beste TV-tid og fortalde at ho hadde vore mishandla på det grovaste i det første ekteskapet sitt.)
Berit Riise er utan tvil ei kvinne som har noko å fortelja. Nå har ho i samarbeid med journalist og forfattar Martine Aurdal skrive memoarboka «Bare en mamma». Du treng slett ikkje vera interessert i fotball for å synast at den er oppslukande og fascinerande.
På dødsleiet
Boka begynnar med at heile familien kjem akkurat for seint til dødsleiet til eksmannen. Ei vond opning, men velvald. Forfattarane rissar opp bildet av ei kvinne som er mater familias, som konfronterer og gjev motstand når ho meiner sønene vel feil, som overstyrer dei, som er i stand til å ta tøffe val, som har måtta tola harde slag – også bokstaveleg tala. Som likevel har reist seg og gått vidare. Men ho ser også ut til å vera ei kvinne som dreg bitterheit med seg.
På dei følgjande knapt to hundre sidene, utdjupar ho den historia starten varslar: Berit Riises kamp mot alt og alle utanom den heilt nære familien, ja, av og til også mot den.
Henger ut folk
Dette høyrest kanskje ut som ei sjølvrettferdig offerhistorie, og Riise henger ut mengder av folk som ho har kjent urett frå. Det verkar ikkje alltid balansert og eg lurer mange gonger på kor rettferdig ho sjølv er.
Det som løftar boka, er at Riise også driv sjølvpisking eit par stader. Og at det samtidig med den individuelle forteljinga, blir fortalt ei historie om strukturelle skeivheiter i idrettsverda og særleg i fotballkulturen.
Fotballmødre og fotballfedre
Eg trur Berit Riise når ho hevdar at mykje av det arbeidet ho er hengt ut for, ville vekt beundring om ein far hadde gjort det same. Kallar nokon Kjetil André Aamodt, Ole Lukkøye Klemetsen eller Petter Northug for pappadaltar? spør Riise ein stad. “Fedrene deres har hatt like aktive roller I sine sønners karriere som jeg i John Arnes, men aldri har jeg sett noen anklage Finn Aamodt eller pappa Northug for å ha solgt sønnene sine.”
Dette er ikkje boka for den som meiner fred er det beste. Riise er ei kvinne som i Bjørnsons ånd vil noko og satsar alt på å få det til. Dette usentimentale trykket pregar også teksten.
«Bare en mamma» er ein for sutrete tittel, men boka er god. Irriterande, sjølvsentrert og provoserande i mange parti, men sjeldan har eg lese ei så vital memoarbok. Ho leverer dessutan ein mishandlingshistorie som kan hjelpa andre til å komma seg ut av livsfarlege forhold. Ikkje dårleg, det heller!