Hopp til innhold

Målar det svarte i sterke fargar

Har du fått nok av romanar som spår ei dyster framtid for kloden vår? Forståeleg, i så fall. Men «Zoo Europa» er ei kraftpakke som gjev noko å tygge på for den mest blaserte lesar. Garantert.

Gert Nygårdshaug

Gert Nygårdshaug avsluttar den fabulerande og hardtslåande «Mino-serien» med ein skikkeleg salutt.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Vi veit det jo: Jorda er i krise. Som så mange andre romanar, hevdar denne at det er vi, homo sapiens sapiens, som har skulda. Noko må gjerast. Men her handlar det ikkje om søppelsortering og reine energikjelder; her diskuterer vi kollektiv dødsstraff for brotsverk mot alt anna liv på planeten.

Velkommen til «Zoo Europa», ein roman som har full tenning på alle pluggar: ideologiske, økologiske, mytologiske, biologiske, antropologiske, så vel som økonomiske, samfunnskritiske og naturlegvis politiske.

Dette er femte og -ifølgje forfattaren Gert Nygårdshaug- siste roman i serien om Mino. Snart 30 år har gått sidan indianarguten svarte med terror på utplyndringa av regnskogen i «Mengele Zoo». No er potensielle våpen meir sofistikerte og dessutan globale:

Ei forskargruppe i Kongo sit på virus som kan ta livet av ca. 80% av menneske på jorda, ganske smertefritt. Og Mino veit korleis han kan få skogen til å vekse i kolossal fart og ta tilbake jorda mennesket har rana til seg.

For å tenkje slike tankar må ein prioritere evolusjonen framfor humanismen. Planeten framfor mennesket. Kvar hamnar vi då?

Vandrande seminar

Sentralt i handlinga står Karl Iver Lyngvin, veterinæren frå Femundsmarka som i roman fire, «Chimera», drog til Kongo for å bli del av eit senter som arbeidde med å løyse klimaproblem. Han er no tilbake i Europa og får nye kontaktar, medan kjærasten Zoe framleis er ved senteret. Eit tredje handlingsrom finst i eit tidlegare kloster der ei tverrfagleg gruppe menn praktiserer ei slags åndeleg krysspollinering.

Ein generasjon frå no av har det meste kollapsa og folk blir pressa ut på vandring. Dei tre gruppene vi følgjer, må forsere utfordringar, farar og problem av svært ulikt slag. Absolutt action, raust spekka med diskusjonar, førelesingar, historiske tilbakeblikk og hint til tidlegare bøker i serien. Dette er i hovudsak eit godt grep, men det hender forfattaren kløner det til med å la ekspertar forklare kvarandre kva dei driv med og kvifor. Slikt kan ein bruke forteljarar til, heller enn å la ekspertane oppføre seg som dustar. Nok om det, handlinga er fengslande og kunnskapen heilt nødvendig for at dramaet ikkje skal bli hengjande i lause lufta.

Er eit menneske meir verd enn eit tre?

Ideen om at alle eller nesten alle menneske må døy for at kloden skal få det betre, reiser naturleg nok ei lang rekkje spørsmål, ikkje minst om synet på mennesket. I romanen får påbodet om å leggje jorda under seg som det står i 1. Mosebok, mykje av ansvaret. Nygårdshaug avskaffar like godt heile kristendommen på grunn av forskingsresultat og byggjer eit bibliotek for overskotet.

Meir interessant er den mindre kategoriske diskusjonen om vondskapen. «Det finnes ikke ondskap, bare kampen for å overleve», seier Karl Iver med stadig meir tilkjempa optimisme. Andre meiner at homo sapiens blei ein økologisk seriemordar allereie for 20.000 år sidan, då jordbruket fekk feste.

Her får kvar lov å tenkje sitt, men romanen er krystallklar på eitt punkt: det står mellom kursendring eller katastrofe. Få har greidd å underbyggje den bodskapen betre enn Nygårdshaug har gjort i Mino-serien.

Passar for deg som:

  • som er oppteken av kloden, framtida og klimakrisa

Fleire meldingar frå NRK

Trude Marstein, så mye hadde jeg

Trude Marstein byggjer stor litteratur med bitte små byggjeklossar: ein liten geip, eit solbrunt lår, eit marmorkakestykke, eit hugskott. Kva er det som gjer at vi lesarar gong på gong blir forført av slikt? Les meldinga

De opplyste av Øystein Stene
Foto: Gyldendal

Ein original framtidsroman der det ikkje er klimakrisa, men idear og trusretningar som får vere drivkrafta. Dei mest interessante mønstera kjem fram når ein stryk teksten mot håra. Les meldinga

Nullingen av Paul Abel, av Bjørn Vatne

Kor langt er du villig til å gå for å berge klimaet? Bjørn Vatne stiller lesaren overfor eit utriveleg dilemma. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)