Hopp til innhold

Står ikkje godt på eigne bein

«Kannekvartettet» er no fulltalig, Einar O. Risa har levert siste del av slektskrøniken frå Stavanger eller Stavangerkrøniken frå slekta, alt etter korleis ein les det.

Einar O. Risa

Første delen av romanen om Kanne kom ut i 2008. I år er Einar O. Rise si historie om Kanne-slekta komplett, med del fire.

Foto: Tiden

M. Kanne & Søn

M. Kanne & Søn Kanne-kvartetten

Foto: Tiden

Mens dei tre første romanane om «M. Kanne & Søn» har kome enkeltvis, er bind fire berre å få tak i mellom to permar saman med resten av kvartetten.

Det kan verke som om bøkene ikkje lenger skal reknast som einskildbøker, men som del av eit heile, og når det gjeld denne siste romanen er eg samd. Den står ikkje godt på eigne bein. Spørsmålet er om bind fire, som dekkjer perioden 1980-2006 står godt som avslutning på historia om Kannene.

Form med format

Forma står fjellstøtt. Den flytande punktumfattige prosaen der dialogane er saumlaust innpassa flyt like fint som før:

«Cecilia trakk pusten dypt og ble stille, du har jo snakket om det i alle årene jeg har vært her, sa Robert, og lenge før den tid, sa Søren, men jeg kan jo ikke, sa hun, det har du sagt før, sa Søren, men jeg er jo 86 år gammel, sa hun, da er det ingen grunn til å vente, sa Robert...»

Og så vidare. Men så var det sjølve historia.

Risas metode

Først eit tilbakeblikk: M. Kanne, ein ung dansk mann strandar nokså tilfeldig i Stavanger på slutten av 1800-talet, etablerer seg som fotograf og etterkvart familiemann. Gjennom denne familien har så Risa følgt utviklinga i Stavanger og i verda, ikkje minst gjennom å introdusere nye ting for familien Kanne etter kvart som dei dukkar opp: tekniske nyvinningar på kamerafronten, nye bilmodellar, flyet, no i siste bind CD-spelaren.

Risa viser at alt dette nye endrar livet til familien, som elles er god til å halde fast på rituale og samanbindande historier, så som den danske juleand med krydra rødkål og replikkvekslinga mellom unge Kanne og den berømte målaren Krøyer der dei står på skipsdekket og ser Stavanger nærme seg.

”Hva kan man gjøre i denne byen” spør Kanne, ”reise videre”, seier Krøyer og denne anekdoten som får opne bind ein, får også slutte bind fire, og det på ein måte som skaper ettertanke ikkje minst når det gjeld spørsmålet om gehalten i det som knyter ein familie saman.

Eit dynasti i oppløysing

Det er ein velkomponert serie, der Risa her mot slutten sørgjer for å få sentrale personar i jorda før siste punktum. Gravferdene står sentralt, men her finst også vakre skildringar av livet som gammal. Yngre generasjonar må stå i bakgrunnen på dette portrettet, og det gjer sitt til at historia endrar tyngdepunkt.

Tida som kulisse

Der verdssituasjonen og den teknologiske utviklinga tidlegare har vore i vedvarande og medrivande og dynamisk dialog med Kannene, er historia her på slutten meir lukka om Kannedynastiets siste år. Mens verda, og ikkje minst Stavanger, gjennomgår store endringar i åra 1980-2006, er tida og byen inne meir som kulissar enn som aktørar i denne peroiden.

At Søren Kannes siste foto er eit scoop, fjernar ikkje inntrykket av at verda snevrar seg inn i takt med den gamle generasjonen. Risas uttalte ambisjon om å ”skildre eit hundreår gjennom livet til ein familie” er ikkje ført heilt i hamn. Trass i det står Kannekvartetten som eit litterært prosjekt med vesentlege kvalitetar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.