Hopp til innhold
Anmeldelse

Det store svevet

Julian Barnes har skrive ei gripande bok med fallhøgde, bokstavleg talt.

Julian Barnes

«Kva er det den prisvinnande forfattaren av elegante, litt distanserte romanar har kome med denne gongen?» spør anmelder Marta Norheim.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Den britiske forfattaren Julian Barnes står bak elegante romanar som Flauberts papegøye og Fornemmelsen for slutten, den siste fekk han Man Booker-prisen for. Denne gongen gjer han noko heilt anna.

Den tynne boka inneheld tre forteljingar med titlane: Høydesynden, På samme nivå og Tapet av dybde. Dermed trekkjer forfattaren ei vertikal linje frå høgt til lågt. Men vi må ikkje hoppe over den sentrale informasjonen som finst på sida framfor den korte innhaldslista. Der står det «Til Pat». Pat, får vi vite, var kvinna forfattaren var gift med i 30 år, før ho døydde av ein aggressiv kreft i 2008. Men: Dette er ikkje forteljingar om Pat, eller om Pat og Julian. Det er i grunnen ikkje forteljingar heller.

Å sveve og å styrte

Så: kva er det den prisvinnande forfattaren av elegante, litt distanserte romanar har kome med denne gongen?

Jo, slik eg ser det, inneheld boka Livets nivåer, tre essay om å – sveve.

Noen svever med kunst, andre med religion; de fleste med kjærlighet. Men når vi svever, kan vi også styrte. Det er langt mellom myklandingene. Vi kan oppleve å sprette bortover bakken med benknekkende kraft, slept mot en jernbanelinje i utlandet. Hver eneste kjærlighetshistorie er en potensiell sorghistorie. Om ikke først, så senere. Om ikke for den ene, så for den andre. Av og til for begge.

Julian Barnes / Livets nivåer

Den som gir seg over til svevet kan risikere fallet. Men verre enn å falle, er det å aldri å våge seg på eit svev av eit eller anna slag. Det startar kjekt og kuriosaspekka med desse dristige menn og kvinner som drog til værs i luftballonger på 1800-talet. Når gudane ikkje lenger fanst der oppe, var det ingen til å straffe Ikarosar som aspirerte mot høgdene, og dei som kom ned i live kunne fortelje om sterke opplevingar av ro og overblikk under og over skyene.

Å falle ut av livet

I essayet På samme nivå prøver ein ballongflygar å fri til ein annan, men den eventyrlystne kunstnaren og altså også ballongflygaren Sarah Bernhardt såg ekteskapet som ei real krasjlanding og takka nei.

Det siste og lengste og tyngste essayet, Tapet av dybde handlar om enkemannen Julian Barnes som sørgjer over kona si. På femte året. Og nei, det er ikkje eit essay om kona, men om fråveret av henne i livet til forfattaren. Det er eit krevande prosjekt. Men den langsomme oppbygginga av metaforar kring høgder, svev og fall i dei to første essaya kjem til god nytte der dei kling med i teksten om sorg, ein tekst som er klok og gripande utan å falle ned verken i det for intime eller det flinkt skildrande.

Når universet «gjør greiene sine»

Så kan ein lure på kvifor det heiter «tapet av dybde» og ikkje «tapet av høyde», det knyter seg til den sekulære ramma Barnes tolkar livet innanfor, det er eit liv utan førestillingane om eit dødsrike og annleis kan han ikkje forstå det heile.

«Det er bare universet som gjør greiene sine» er oppsummeringa. Anten ein følgjer han i den analysen eller ei, står det fast at dei tre essaya i Livets nivåer er tankevekkjande prosa om, ja om livet, i og etter det store svevet.