NRK Meny
Normal

Verdslitteraturen som råstoff

Hilde Østby har skrive ein debutroman utanom det vanlege. Den har form som eit leksikon, og oppslaga fører oss rett inn i dei store spørsmåla om kjærleik og død og meininga med det heile. Eller i alle fall til noko i nærleiken.

Hilde Østby

'Leksikon om lengsel' er Hilde Østby sin debutroman.

Foto: Maria Bergren

Østbys «Leksikon om lengsel» skal ikkje berre gje innsikt i kva lengt er og korleis den verkar, ambisjonen er å fange kjærleikens vesen. Det greier leksikonet ikkje, men det greier ganske mange andre ting; som å underhalde lesaren på ein intelligent og humoristisk måte og det er ikkje lite berre det.

Så får kvar og ein streve vidare med kjærleiken på eiga hand, og vite at dei ikkje er aleine om strevet, for såpass mykje røpar leksikonet. Der står det svart på kvitt at mange er opptekne av kjærleiken, ja, mange lengtar etter den også.

Østbys metode 1

Leksikon om lengsel
Foto: Tiden forlag

Østbys metode er å plukke ut kjente historier og kome med annleis og svært originale nytolkingar av det som skjedde. Vi får vite at modellen til Venus frå Milo var svært oppteken av klesvask, at unge Werther leid av eit syndrom som fekk tårene til å renne når han blei opphissa, og at livlegen Gorbatsjov fekk rett før han sette i gang glasnostpolitikken, faktisk var ein yeti.

Romansen mellom Romeo og Julie blir aldri det same etter dette, ikkje historia om Jeanne d’Arch heller. Andre personar er for meg ukjente, utan at historiene er dårlegare av den grunn

Østbys metode 2

Østbys metode er vidare å ta ting ned. Miloen er indirekte nemnt, sjølve kjærleiken er prosessar i binyrene, møtet mellom to elskande endar vanlegvis i einsemd, personleg misere og masturbering, som kanskje også har med binyrene å gjere for alt eg veit. Kjærleiken er ofte noko som treffer ein brått, og etter det sluttar fornufta å fungere; då spinn alt rundt det begjærte objektet og det ein måtte ha av livsprosjekt sporar av.

Det er i alle fall regelen. Resultatet er at skjebnen og leksikonredaksjonen ler ironisk over alle blindgater, paradoks og misforståingar denne forvirrande krafta fører sakeslause personar inn i. Og lesaren ler med.

L for lengsel

Dersom ein les dette leksikonet frå perm til perm, vil ein nok oppleve at det er litt for mange bokstavar i alfabetet, og at fleire av oppslagstekstane liknar på kvarandre. Og då meiner eg ikkje først og fremst at forteljingane har felles trekk, men heller at det noko snevre synet på kjærleiken som leksikonet har valt å operere med gjev romanen eit litt repeterande preg. At kjærleiken har biologiske sider og at kjemiske prosessar kan bråstarte berre ved eit blikk, er det ingen grunn til å tvile på.

Men er det alt, kjære leksikonredaksjon? Dessutan er det faktisk fleire sentrale ord som manglar, sjølv saknar eg spesielt ei avklaring av forholdet mellom K-kjærlighet, B-begjær og L-lengsel, her er mykje ugjort, dei to siste orda finst ikkje eingong som oppslagsord og det er jo ein skandale som redaksjonen må ta fatt i før neste utgåve!