Hopp til innhold
Anmeldelse

Landsbyhistorier på liv og død

Jordmødre som driv klappjakt på gravide kvinner og froskefarmar som skalkeskjul for kriminelle handlingar. Livet på landsbygda er høgdramatisk i Mo Yans «Frosker» 2009, som no er ute på norsk.

Mo Yan

Gjennom historia om Tante og eittbarnspolitikken får Mo Yan fortalt ei historie som rommar mykje meir.

Foto: STR/Afp

Då den kinesiske forfattaren Mo Yan i fjor blei tildelt nobelprisen i litteratur, var det fleire som stilte seg kritiske: Kunne ein forfattar som budde i Kina og som attpåtil hadde verv i forfattarforeininga skrive bøker som ikkje var fullstendig tannlause og som heller ikkje propaganderte for kinesisk politikk?

Sjølv tilhøyrte eg dei mange som aldri hadde lese noko av Mo Yan før han mottok nobelprisen, men eg merka meg at dei som faktisk hadde lese noko, var meir positive enn dei som var kritiske på generelt grunnlag. No har eg for første gong lese ein roman av mannen frå start til slutt, og nølar ikkje med å melde frå om at romanen «Frosker» er ei svært interessant og fengslande bok. Om innhaldet er finjustert for at boka og forfattaren ikkje skal falle i unåde, er det uråd for meg å meine noko om, men det er verd å merke seg at forfattaren finn det nødvendig å utstyre boka med eit etterord, der han gjer greie for korleis han arbeider og kva han har gjort med stoffet.

Nidkjær tante

Kina er eit enormt land med sterk statleg styring. Det inneber at politikken som vert meisla ut i Beijing skal følgjast til punkt og prikke også i dei minste små landsbyar, til dømes dei som ligg nordaust i Gaomi. Der er det fattigsleg, og når historia tek til tidleg på 60-talet lever folk av jordbruk og småindustri, dei gifter seg med naboen og gjer det beste ut av det. Forfattaren let oss bli kjent med livet på bygda og med ein god gjeng landsbybuarar som Chen nesa og Li hånda og Wang galle - landsbyane har ein ganske spesiell namnetradisjon- og deretter skjer det ting som skal snu opp ned på mykje. Det kjem nemleg klare meldingar frå sentralt hald om at alle berre kan få eitt barn. Hovudpersonen i historia, den tapre og dyktige jordmora som alle kallar "Tante" går frå å vere ei høgt elska hjelp for ventande mødrer til å bli reine dødsengelen. Med stor iver og med eit vell slagord frå kommunistpartiet jaktar ho på gravide kvinner. Så lenge barnet var ufødd, var det ikkje for seint å ta abort. Når veane sette i gang måtte abortlegen gå over i jordmorgjerninga att.

Nyare kinesisk historie sett frå landsbygda

Gjennom historia om Tante og eittbarnspolitikken får Mo Yan fortalt ei historie som rommar mykje meir. Ein ting er at marknaden for piller som gjev gutebabyar eller tvillingar skyt i veret, dette seier noko om kva som står på spel. Meir alment er at det alltid finst nokon som er villige til å spionere og sladre, slik som under kulturrevolusjonen. Og etterkvart dukkar det opp ein luguber marknad der dei rike får det dei vil ha og dei fattige må lide. Forfattaren bruker sterke fargar og penslar ut dramatiske, komiske og burleske scener med stor detaljrikdom. Ein treng ikkje vere kinaekspert for å vite at kinesiske styresmakter har vore villige til å gå langt for å setje gjennom kampanjar som kulturrevolusjonen og eittbarnspolitikken. I denne romanen får vi historia sett frå landsbygda, der gamle tradisjonar og folketru gjev kampanjane særeigne utslag.

Politikk og enkeltmenneske

Forteljaren er ein ung og etterkvart godt vaksen mann som har mange namn, eitt av dei er "Rumpetroll". Han er søsterson og dermed ekte nevø av den tapre og etterkvart fryktinngytande tante og har fått det for seg at han skal skrive eit drama om henne. For å få til dette, søkjer han kontakt med ein mentor som han håpar vil hjelpe han med dette. Romanen er Rumpetrolls brev til mentoren om livet i Gaomi gjennom fleire tiår, før vi til avslutning får lese skodespelet der historier frå breva dukkar opp i fortetta dramatisk form. Dermed får lesaren historia frå to ulike vinklar.

Eittbarnspolitikken blir eit prisme Mo Yan ser heile samfunnet gjennom, og sjølv om Tante ei formidabel kvinne er det likevel historia om korleis politiske vedtak dundrar inn i landsbylivet og endrar livet til enkeltmenneske som verkeleg gjer inntrykk.

Les også: Mo Yan fikk Nobelprisen i litteratur 2012