Hopp til innhold

Kven blir neste forfattar i nobelklubben?

Dei heitaste tipsa går i retning Kviterussland, Japan, Kenya, USA, Noreg eller Guadaloupe. Men nesten ingen veit før vi alle får vite det. Svenska Akademien kan mange ting. Ein av tinga dei kan er å halde tett.

Favoritter til Nobels litteraturpris 2015.

Svetljana Aleksievitsj, Haruki Murakami, Ngugi Wa Thiong'o, Atiq Rahim, Philip Roth, Elias Khoury og Jon Fosse er nokre av favorittane til litteraturprisen i år.

Foto: Scanpix/NRK/Wikipedia (Montasje: NRK)

I dag presis klokka 13 vil døra opne seg mot dei ærverdige salongane i Svenska Akademien. Sekretæren vil kome ut og forkynne årets vinnar, og i same andedrag gje forfattarskapen ein karakteristikk i kunstferdig og komprimert prosa.

Jon Fosse

Kan Jon Fosse (bildet) bli fjerde nordmann med Nobelpris? Vi må tilbake til 1928 for å finne den tredje, som var Sigrid Undset.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Akademien har heilt klart finslipt formuleringane siste vekene så dei skal sitje som eit skot i skallen på pressekorpset så vel som på litterære besserwissarar jorda rundt.

I løpet av eit halvt minutt skal desse forstå at også dette året har dei ansvarlege funne fram til ein framifrå og verdig vinnar. Å lage global litterær kanon på direktefjernsyn er ikkje for amatørar.

Kritikken av den ukjende vinnaren

Men dei ansvarlege i Akademien er ikkje fødd i går. Faktisk er svært mange av dei fødd for ganske mange tiår sidan, ettersom dette er ein stad ein sit på livstid. Dei veit derfor at det blir debatt og kritikk, uansett.

Valet av forfattar blir kritisert både av folk som kjenner den utvalte forfattarskapen og ikkje minst av folk som ikkje kjenner det. Spesielt det siste er fascinerande. Ressonnementet er gjerne slik: Sidan eg ikkje har høyrt om denne forfattaren, nektar eg å tru at vedkomande er ein verdig vinnar.

Amerikanske kommentatorar demonstrerer gjerne ved høvet eit skuleeksempel på det den potensielle nobelprisvinnaren Milan Kundera kallar «de store lands provinsialisme»: Mange av dei hevdar med tyngd at bøker som ikkje er tilgjengelege på deira eige språk umogleg kan vere i verdstoppen.

Dette inneber ein rørande tillit til ein forlagsbransje som slit såpass tungt økonomisk at det går an å tvile på om dei bruker mykje av si tid på å snuse seg fram til stor litteratur på små språk for deretter å gje dei ut på amerikansk i rein fryd over den litterære kvaliteten.

Meir sannsynleg er det at dei vil vurdere det når forfattaren har fått det noble stempelet frå dei 18 kompromisslause svenske forfattarane i Akademien.

Valet av forfattar blir kritisert både av folk som kjenner den utvalte forfattarskapen og ikkje minst av folk som ikkje kjenner det. Spesielt det siste er fascinerande. Ressonnementet er gjerne slik: Sidan eg ikkje har høyrt om denne forfattaren, nektar eg å tru at vedkomande er ein verdig vinnar.

Marta Norheim

Årets heitaste namn

Books-Murakami

Haruki Murakami er høgt oppe på årets bettinglister. Det har han vore før også, skriv Marta Norheim.

Foto: Elena Seibert / Ap

Øvst på fleire av årets bettinglister finst kviterussiske Svetljana Aleksievitsj, tett følgt av japanske Haruki Murakami. Der har dei vore før også.

Namnet på vinnaren står vanlegvis på desse listene, men sjeldan på dei øvste plassane.

Likevel, ingen regel utan unntak, og om prisen skulle gå til ein av desse, ville eg halde ein knapp på Aleksievitsj. Sakprosaen har i mange år vore nedprioritert av skjønnåndene i Akademien. I vår tid er det stadig fleire forfattarar som skriv viktig sakprosa med høg litterær kvalitet, bøkene til Aleksievitsj er glimrande døme på det.

Amerikanske Philip Roth står også høgt på lista. Han kunne vore ein verdig vinnar. No går det rykte om at han har slutta å skrive, og han hamnar derfor i gruppa over forfattarar som gjerne kunne fått prisen, men så gjekk tida og det vart for seint.

Her må dei ansvarlege ta inn over seg kritikken frå Doris Lessing, som utbraut at det var altfor seint då ho fekk prisen i ein alder av 88 år.

Det er rett og slett for seint å få prisen etter at forfattarskapen er avslutta. Mange store forfattarar har gått i grava utan denne utmerkinga fordi dei ikkje blei prioritert mens dei var i gang. Eg nemner i fleng: Henrik Ibsen, Graham Greene, Astrid Lindgren, Thomas Bernhard, Pramoedya Ananta Toer, Assia Djebar.

Då har eg meir tru på kenyanske Ngugi Wa Thiong'o om ein skal studere toppkandidatane på bettinglistene. Ingen ungdom han heller, men han er framleis aktiv som forfattar og har eit sterkt forfattarskap bak seg.

Fleire, også utanfor våre eigne landegrenser, heiar på Jon Fosse. Kanskje han blir den fjerde norsking med Nobelpris? Det er nokon år sidan sist det skjedde: Vi må tilbake til 1928 for å finne den tredje, som var Sigrid Undset. Men vi har ingen grunn til å klage. Med tre prisar ligg vi likevel svært godt an. Berre fire afrikanarar har fått prisen, og fem asiatar. Norden kan samla sett notere seg for 16 prisar og er dermed fire gonger så dyktige som heile Afrika. Eller?

Vinnere av Nobels litteraturpris til og med 2014.

Europa leier klart på oversikten over pristildelinga.

Foto: Vidar Kvien / NRK

Ein annan kritikk av prisen

Elias Khoury

Det hadde vore stort om Akademien hadde innsett at dei altfor lett overser kvalitet hjå store og viktige forfattarar som skriv under andre himmelstrok: Som Elias Khoury frå Libanon, skriv Marta Norheim

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Det er lite interessant å kritisere Akademien for å gje Nobelprisen til ukjende forfattarar. Men dei fortener kritikk for å vere nærsynte. Ein urimeleg stor del av prisane har gått til forfattarar frå Norden og den vestlege delen av Europa. 15 av dei 20 siste prisane har hamna i Svenska Akademiens eigen verdsdel.

Sjølvsagt finst det nok forfattarar av nobelprisformat i dei svenske nærområda. Men det finst like sjølvsagt mange verdige kandidatar i andre delar av verda også. Det hadde vore stort om Akademien hadde innsett at dei altfor lett overser kvalitet hjå store og viktige forfattarar som skriv under andre himmelstrok: Som Elias Khoury frå Libanon, eller Atiq Rahim frå Afghanistan, eller om ein skal halde seg i det europeiske: Svetljana Aleksievitsj.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)