NRK Meny
Normal

– Den eigentlege krigen er utanfor Syria

Francesca Borri var i fleire månader den einaste vestlege journalisten i den krigsherja storbyen Aleppo i Syria. I løpet av denne tida var det kollegaer som følgde straumen og trendane i krigsjournalistikken som skuffa henne mest.

Krigskorrespondent Francesca Borri fortel programleiar Hans Olav Brenner om kor skuffa ho blei over mediebransjen etter månader som einaste vestlege journalist i den syriske byen Aleppo.

– Aleppo har vore den mest rolege staden eg kunne vere dei siste to åra. For meg står den eigentlege krigen utanfor Syria, fortel den 34 år gamle frilansjournalisten.

Ho bestemte seg for sjølv å oppleve eit av verdas mest ustabile konfliktområde etter å ha sett bilde derifrå i det amerikanske vekemagasinet Time. Og ho miste alle illusjonar ho hadde om det ho ser på som ein kynisk mediebransje.

– Det eg verkeleg ikkje kan akseptere er er det som skjer der ute, og då meiner eg hos redaktørane og avisene, seier Borri, som meiner måten medieindustrien dekkjer krig på er beint fram skammeleg.

Sjå Francesca Borri i samtale med Hans Olav Brenner i «Brenner og bøkene» i videoen over. Heile programmet kan du sjå kl. 20.55 på NRK2 i kveld.

Skammar seg over å hoppe i flokk

Problemet er flokkmentaliteten som rår blant journalistane, meiner krigskorrespondenten, som har blitt forfattar med boka I krigen – et vitnesbyrd fra Syria.

– Me hoppar éin stad den eine veka, berre for å hoppe inn på ein ny stad den neste. Eg kom nettopp frå Vestbreidda i det palestinske sjølvstyreområdet, og kven hugsar krigen der for berre éin månad sidan? Ingen veit kva som skjer i Gaza no, trur Borri.

Ho skammar seg over å vere del av ei medieverd som konsentrerer seg om dei harde frontane og ikkje evnar å formidle nyansane i det som skjer. Sjølv prøver ho å vise kva som hender utanfor frontlinjene og korleis krigen grip inn i kvardagen til syrarar som for ein stor del er fordrivne frå sitt eige land, på grunn av konflikt mellom grupper som representerer marginale delar av folket. Håpet er at dei som les rapportane hennar kan sjå seg sjølv i dei andres situasjon, og slik forstå at ei historie om syrarar like gjerne kan vere ei historie om italienarar eller nordmenn.

– Me var i Ukraina for kvinner og alkohol

Francesca Borri

Francesca Borri var i månadsvis den einaste vestlege journalisten på jobb i Aleppo.

Foto: Stanley Greene

Dekkinga av situasjonen i Ukraina er eit anna døme på kva som er gale med dei journalistiske prioriteringane i den vestlege mediebransjen, meiner italienaren.

– Kven hugsar Ukraina? På eitt tidspunkt var me alle der. Og Ukraina er billeg, du treng ikkje visum for å reise dit, der er vakre kvinner og mengder av alkohol. Det var dei eigentlege grunnane til at me var der. Det var ikkje krig, men me var alle der, seier Borri.

– Og så, då krigen braut ut, dukka den såkalla islamske staten opp. Desse skjeggete fyrane er jo perfekte for media. Og dermed, i løpet av nokre timar, hadde me alle gløymt Ukraina, seier den desillusjonerte journalisten.

– Medieverda såg ikkje IS før dei blei farlege

Borri seier ho er takksam for tida i Aleppo, som fekk henne til å gjennomskode kva som styrer krigsjournalistikken. At ho var aleine som vestleg journalist i byen mens kamphandlingane stod på som verst, handla slik ho oppfattar det om manglande interesse frå dei store avisene og tv-kanalane. Dermed fekk heller ikkje verda høyre om IS, den såkalla islamske staten, før fleire månader etter at dei hadde begynt å skape frykt i Midtausten.

– Trur du verkeleg at ein ung, italiensk frilansar er den einaste som kan greie å få tilgang til det opprørsstyrte Syria? Trur du verkeleg at CNN, BBC, Le Monde, The Guardian og alle saman, ikkje kunne gjere det eg gjorde? Lat oss seie sanninga, at i månadsvis, mens den islamske staten vaks, var ingen interesserte i Syria, seier Borri.