Hopp til innhold
Anmeldelse

Portrett av ein tenkande forfattar

Ingen kan som Vigdis Hjorth fortelje historier om Vigdis Hjorth. I «Vigdis, del for del» finst knapt ein anekdote. Det står boka seg på.

Vigdis Hjorth

Kaja Schjerven Mollerins «Vigdis, del for del» er ei bok om forfattarskapen til Hjorth og tankane ho har gjort seg både om samfunnet, skrivinga og livet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

  • TITTEL: Vigdis, del for del
  • FORFATTAR: Kaja Schjerven Mollerin
  • FORLAG: Gyldendal

Kaja Schjerven Mollerin har ikkje falle for freistinga ho må ha kjent på: Å sleppe forteljaren Hjorth til med dei gode historiene der ho byr på livet sitt, slik alle som har lytta til henne live eller via etermedia vil ha tydelege minne om.

I staden har denne samtaleboka blitt ei bok om forfattarskapen til Hjorth og tankane ho har gjort seg både om samfunnet, skrivinga og ja, om livet. For det heng jo saman, det gjer jo det. Og forfattarskapen heng også på mange måtar saman, noko Mollerin ser tydelegare enn Hjorth, ettersom førstnemnde har lese gjennom forfattarskapen mens Hjorth sjølv aldri les bøkene sine om att, om vi skal stole på hennar eigne ord.

Er Vigdis Hjorth til å stole på?

Vigdis, del for del

Det er tydeleg at Mollerin og Hjorth har respekt for kvarandre, skriv kritikar Marta Norheim.

Foto: Gyldendal

Debatten i kjølvatnet av romanen « Arv og miljø », og mot-romanen « Fri vilje » av søstera Helga Hjorth rota rundt i spørsmål om det sanne og det verkelege og det løgnaktige. I samtale med Mollerin reflekterer forfattaren over korleis det som i utgangspunktet kan vere eigne erfaringar blir til ein roman, og fører mange kollegaer som vitne på det. Mellom dei er Tove Ditlevsen, som på spørsmålet om romanen hennar er løgn eller sanning, svarer at det er ei blanding. Journalisten gir seg ikkje, og vil vite kor mange porsjonar løgn det er snakk om. Til det svarer Ditlevsen: «Det er ikke til å si; det går sådan opp i…en høyere enhet.»

Dette svaret underminerer heile den såkalla «virkelighetsdebatten», som ser ut til å ha som premiss at det går an å spalte ut det sanne. Om det er mykje sant der, blir boka flytta frå kategorien «roman» til kategorien «virkelighetslitteratur», sjølv om det står roman på framsida og hovudpersonen heiter til dømes Bergljot.

Inga klaging, inga forsøstring

Mot slutten av boka kommenterer Vigdis romanen som kom ut i august, forfatta av søstera, som ho konsekvent kallar for Helga Hjorth. Fullt namn. Inga forsøstring. Og inga klaging, berre understreking av usemje, ei usemje som ironisk nok understrekar eit sentralt poeng i romanen «Arv og miljø», nemleg det at barn frå same familie kan oppleve barndommen svært ulikt.

Debatten kring desse søster-romanane styrer lesaren inn mot dei kapitla i «Vigdis, del for del» som dreiar seg om sanning og løgn. Men i Mollerins bok er det meir å hente. Gjennom teksten stig ein reflektert og kunnskapsrik forfattar fram, som tek Søren Kierkegaard på djupaste alvor og prøver å leve eit sant liv, med alt det inneber. Ho forklarer korleis ho systematisk undersøkjer og granskar dei vanskelege sakene i livet i bøkene sine, og avslører dermed kva det er som treff lesaren så hardt.

Ei klok og nyttig bok i rett tid

Mollerin stiller spørsmål, til tider svært direkte: «– Vigdis, er overgrepshistorien du forteller i 'Arv og miljø' sann?». Ho tillèt seg også å vere samtalepartnar og romantolkar, dessutan strør ho inn lakoniske kommentarar og gir til beste vurderingar av svara Vigdis gir. Det er tydeleg at dei to har respekt for kvarandre, men også respekt for det arbeidet dei skal gjere med boka, og som ikkje tillèt at dei er for snille med kvarandre. To ulike temperament møtest i «Vigdis, del for del» og det verkar som om dei inspirerer kvarandre gjensidig.

Dette har blitt ei klok og nyttig bok i rett tid både for romanlesarar og for andre som gjerne er med på refleksjonar kring identitet, ansvar, kunst og liv og kjærleik og alkohol, naturlegvis, og om litt av kvart anna: foreldreroller, hundehald, fengselsliv og spissborgaren i og utanfor oss alle. Og trass i at vi blir snytt for anekdotane: den som ikkje ler høgt minst tre gonger gjennom lesinga, er humørlaus.

Fleire meldingar frå NRK:

Omslag Rigels øyne

«Rigels øyne» av Roy Jacobsen: Roy Jacobsens tredje bok om Ingrid fra Barrøy tar en ny retning. Det gir rom for et betydelig løft.

Carl Frode Tillers Begynnelser

«Begynnelser» av Carl Frode Tiller: Når du lengtar etter å kome i fengsel, alternativt: håpar at kjellarbua treng grundig opprydding, ja, då er det skralt stell. Carl Frode Tiller er framleis noregsmeister i kunsten å skildre ekstremt forknytte, forstilte og fortvilte menneske.

Spionenes arv - forside

«Spionenes arv» av John le Carré: Kaldkrigsspionen George Smiley er John le Carrés viktigste og mest berømte karakter. I «Spionenes arv» er han tilbake mellom permene. En ren glede for leseren.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)