NRK Meny
Normal

Heltemodig kranglefant

Du trur det ikkje før du les det. Etter at Marta Steinsvik (f. 1877) entra det offentlege rommet i tenåra, blei ho der og kjempa utfatteleg mange kampar, nokon små, men dei fleste store. Kva kan det kome av at ho er gått så i gløymeboka? Kvifor er ikkje Steinsvik eit ikon for kvinnerørsla, målrørsla, antroposofien eller dyrevernet? Det finst fleire svar på det, som ein kan lese om i biografien om henne. Gjerne mellom linjene.

Marta Steinsvik

Ingeborg Solbrekken: Kors og Kårde. Marta Steinsvik

Foto: Vidarforlaget

Ingeborg Solbrekken kjem i desse dagar ut med biografien ”Kors og kårde. Marta Steinsvik liv og virke 1877-1950”. Det skal ho ha ros og ære for, her teiknar ho eit bilde av norsk verdi- og samfunnsdebatt gjennom fleire tiår, sett frå vinkelen til ein sentral outsider: Marta Steinsvik. At boka også har sine problematiske sider skal eg kome tilbake til, men først er det på sin plass å presentere hovudpersonen:
From lærardotter frå Mandalstraktene, som tidleg i livet hamna inn i krinsen rundt Arne og Hulda Garborg, Ivar Mortensson Egnund og Rasmus Steinsvik (som ho gifte seg med). Vi snakkar norskdom, målsak, anarkisme, mystisisme og ein stor appetitt på internasjonale debattar og kulturytringar. Då Marta kom inn i krinsen var den anarkistiske avisa Fedraheimen nedlagt og den noko breiare publikasjonen ”Den 17de Mai” skulle fyllast med stoff, gjerne bøker omsett frå andre språk. Her kom den språkmektige tenåringen inn.

Berg- og dalbane

Deretter går det slag i slag i eit svimlande tempo: Ho fødte fem barn, omsette bøker, skreiv artiklar, studerte egyptologi og teologi, talte legestanden, rettsvesenet og kyrkjelege autoritetar midt imot. Skilsmisse. Forelska seg i Rudolf Steiner, som ho seinare tok avstand frå. Vart diagnostisert som gal av Johan Scharffenberg på uklåre premissar. Elska Olav den heilage men hata den katolske kyrkja. Første kvinne som talte i ei norsk kyrkje, det var i 1917. Æresmedlem i Oslo Hjelpemisjon. Takka nei til å vere med på utgravingar i Egypt . Kunne mellom anna lese gamalegyptisk, koptisk, hebraisk, arameisk, sanskrit, i tillegg, naturlegvis til fransk, tysk og engelsk. Berre for å nemne noko av det mest sentrale i dette livet som har bydd på opp- og nedturar av sjeldant format.

Gal, eller berre sta?

Det er klart, når du har fem barn, ingen mann, ein diagnose på galskap og elendig økonomi, så har du meir enn eitt problem. Egyptologien går fløyten, ho går seinare over på teologi men sluttar når ho innser at det ikkje kjem til å bli opna for kvinnelege prestar i hennar levetid. I staden vart ho ein svært populær føredragshaldar i Folkeakademiet, og reiste land og strand rundt med føredrag om egyptologi, kvinnesak, uhumske sider ved den katolske kyrkja, skulemedisinen, krigsoppgjeret -og om Sions vise protokollar, som ho trudde på. Ho trudde også på kontakt med døde og handspåing. Ein problematisk helt for alle leirar vil eg tru og det er sikkert derfor ho er så godt som gløymt.
Biografien teiknar eit bilde av ei kompromisslaus kvinne. Ho skriv landsmål i bladet til antroposofane. Ho tøyer grensene for den lutherske teologien forbi tolegrensene. Ho kjempar i rettssaker til høgre og venstre, ho vil ha retten sin. Då familiemedlemmer trygla henne om å ikkje ta kampen om mishandling av fangar etter landssvikoppgjeret, ei svært betent sak rett etter krigen, står den aldrande, nesten blinde og helsesvake dama der og seier berre ein setning: ”Det er ikke Norge verdig”.


Perfekt i debattprogram


Om Marta Steinsvik hadde levd i dag, hadde ho truleg vore fast gjest i alle debattprogram som trong ein meiningssterk, debattglad og kunnskapsrik debattant som aldri tok strategiske omsyn og som ikkje var redd for å vekkje storm.
Biograf Solbrekken legg ikkje skjul på at Steinsvik er kontroversiell, men ho gjer mykje for å forklare og forsvare henne, og ho tonar ned dei mest problematiske sakene. Både boka og Steinsvik hadde tent på fleire nyansar her: det er lett å lese ut av teksten at ho rett og slett var heilt på jordet i visse spørsmål, og ho hadde tydelegvis ei form som gjorde at ho kunne erte på seg ein stein. Truleg leverte ho nokså enkle poeng til dei som meinte kvinner med fem barn burde halde seg heime heller enn å lage bråk der skikkelege folk, dvs menn, diskuterte. Ei svakt utvikla evne til å skilje stort frå smått, og til å la visse ting liggje, meiner eg å kunne lese ut av historia, utan at det er lagt vekt på.

Kroppen, sjela og kvinnesaka

Solbrekken har også ein tendens til å forenkle debattane til å handle om kampen mellom rasjonalisme og ånd. På den eine sida har du den kalde og menneskefiendtlege vitskapen, på den andre åndelege verdiar, humanitet og vidsyn. Det vert for enkelt. Ein ting er at Steinsvik lett kunne hamne i slike grøfter i stridens hete, verre er det at biografen ser ut til å hamne der sjølv. Til tider er det vanskeleg å vite om det er Marta eller Ingeborg som ytrar seg. Eg saknar ein kritisk distanse og eit overordna perspektiv frå biografens side.
Ta til dømes sinnsjukediagnosen i 1910: Fekk ho den fordi Rasmus Steinsvik ville ha foreldreretten til barna, var sjalu på Rudolf Steiner og dessutan ven av Johan Scharffenberg som stilte diagnosen? Let Scharffenberg seg overtyde om at ho var gal fordi ho trudde på reinkarnasjon? Dette er forklaringane biograf Solbrekken gjev. Det er mennene, rasjonalistane, den kalde vitskapen som står saman mot ei sterk kvinne som ikkje vil bøye seg under mannen, og som har eit anna livssyn. Arnhild Skre, som kom med Hulda Garborg-biografi i 2011, har funne kjelder som viser at også den gode venninna hennar, Hulda, meinte at Marta Steinsvik var sjuk på sinnet i ein periode. Dette hadde vore interessant om Solbrekken hadde teke med i si framstilling.

Problematisk helt


Eg saknar også ei meir sjølvstendig drøfting av dei opplagt problematiske synsmåtane til Marta Steinsvik,- som at løysinga på kvinnespørsmålet låg i å halde seg borte frå menn. Denne oppskrifta som ser ut til å vere inspirert av antroposofiske idear om kroppen som eit nødvendig hylster for den udøyelege, androgyne sjela. Slike standpunkt er modige, ja vel, men det er også mykje anna å seie om dei.


Merkelege påstandar

Forvirrande nok er Steinsviks tekstar mange stader omsett frå landsmål eller riksmål og til vanleg bokmål. Eit svært merkeleg grep i ein biografi over ein landsmålsaktivist, og merkelegare vert det at dette ikkje er kommentert nokon stad. Eg stussar også stadig på underlege og uforklarte påstandar som at kristendommen eksternaliserer det vonde, eller at kvinneforkjemparane representerte ei ”naturlig kvinnekraft”, og kuriøse tolkingar av tekstar, som at Peer Gynt skulle, saman med Vinjes Storegut, vere ”de første odelsbønder i et land som var ved å våkne til sin selvstendighet.” Peer Gynt? Odelsbonde?? Etter slike passasjar saknar eg ei oppklaring av kva for klode biografen er på.
”Kors og kårde” er ei problematisk bok om ein problematisk helt. Den som stiller seg kritisk både til biografen og den biograferte, vil likevel finne svært mykje interessant der, og garantert mykje som var fullstendig ukjent.