Hopp til innhold

De langtidsboende

Det er mykje fint å seie om ”De langtidsboende”, men eg vil likevel la Knudsen behalde plassen sin i kategorien lovande nykommar.

Cathrine Knudsen

De langtidsboende

Godorda sat laust då Cathrine Knudsen debuterte i 2005. Kritikarane henta fram ord som ”mesterlig”, ”nydelig”, ”vektig” og ”velformulert” etter å ha lese romanen ”Mulighetene”. No er roman nummer to, ”De langtidsboende” her.

Gåtefulle eksistensar

Scenen er eit pensjonat i Bergen som dei fleste gjester dreg frå så snart dei kan, men nokon blir buande lenge. Dei langtidsbuande er gjerne slike som har falle utanfor samfunnslivet, som den lett zombie-aktige, tungt sminka Anine, eller Kjersti som kjempar hardt for å late som om ho er i full gang med studiar. Begge desse får ordet i løpet av romanen, i tillegg finst det ei tredje stemme som tilhøyrer Irene.

Ho jobbar på pensjonatet for å tene pengar, men er eigentleg kunstnar. Irene har ein tilleggseigenskap som er avgjerande for romanen: Ho er nysgjerrig og det i den grad at ho snokar i sakene til dei langtidsbuande, og spionerer på dei når dei går ut av pensjonatet. Irene bruker mykje energi på å leve seg inn i desse gåtefulle eksistensane.

Biografisk materiale i kunsten

Irene utfordrar den skjøre grensa mellom privat og pensjonat: Dei brukte handklea som ho hentar hjå Anine går ikkje til vaskeriet, dei går rett inn i kunstprosjektet til Irene og hamnar til slutt på ein gallerivegg med avtørka pudder og mascara som ekte og autentiske spor etter menneske.


Dermed plasserer Knudsen seg midt inn i debatten om bruk av biografisk materiale i kunsten, og dette er av dei sterkaste sidene ved romanen. Historiene som Anine og Kjersti fortel etter tur har også mykje bra ved seg, det er ikkje det, men marginale eksistensar er no eingong eit hovudtema i samtidslitteraturen og då skal det mykje til for at slike historier skal stå fram og peike seg ut.

Noko konstruert

Dei tre kvinnene tek inn over seg både filosofiske og eksistensielle spørsmål, og den som vil, kan finne samfunnskritiske utspel. Likevel, eller kanskje nettopp derfor, er det noko konstruert over historiene. Med det meiner eg til dømes at små episodar blir ståande som tydelege illustrasjonar eller eksempelhistorier og bifigurar er sydd på for å understreke eit poeng. Desse elementa vert ikkje del av flyten.

Det luggar også kraftig når forfattaren skal arrangere tilfeldige, men skilsetjande møte mellom to av personane. Det vert omstendeleg og klønete. Sagt på ein annan måte: Knudsen snublar her og der, men det er tydeleg at ho har mykje å fare med som forfattar, og det skulle ikkje overraske meg mykje om ho med neste bok tek steget frå å vere ny og lovande til å bli ein forfattar som innfrir.