Anmeldelse

Kloke ord frå dødsriket

Når den døde prostituerte snakkar, er det vel verdt å lytte. Stridsberg har skrive ein naturstridig roman – og kjem unna med det.

Sara Stridsberg

Sara Stridsberg skriv vakkert om det forferdelege på ein særeigen måte.

Kristina går på gata og ho går på heroin. Du har sikkert sett henne, eller hennar folk: «Jeg var allerede død, det hadde jeg vært lenge, som et begravelsesfølge vandret vi gjennom Stockholm, jeg og vennene mine.»

Så er steget over til den verkelege døden verken stort eller skremmande. Ein dag blir Kristina, eller Inni som ho blir kalla, plukka opp av ein kar som valdtek, drep og parterer henne. Boka opnar med denne ugjerninga, og i resten av romanen er Inni død. Ho fortel historia frå ein tilstand der ho kan gå nær på dei levande, følgje med på det dei gjer, men utan å sjølv bli sett eller høyrt. Romanen sirklar kring mordet, livet som levande og tilveret som død. Stadig nye detaljar kjem fram etter kvart som historiene vert fortalde på ny og på ny.

Frå innsida

«Går det an å skrive poetisk om kriser, sjølvmord og forsømte barn utan å hamne ut i harmonisering eller utidig estetisering?» Dette spørsmålet stilte eg sist eg hadde ein Stridsbergroman til vurdering og svaret var ja den gongen og det er ja no også.

Stridsberg held seg i randsonene, anten det no handlar om rus, psykiatri, fattigdom eller alt på ein gong. Men ho nærmar seg ikkje som ein sosiolog, ein journalist eller ein sosialarbeidar. Her er verken analysar, avsløringar, moralsk indignasjon eller hjelpetiltak. Vi er heile tida på innsida: Når jomfruskotet med heroin breier seg i årene, når ho og Shane vil ta seg av den vesle sonen Valle men ikkje greier å leggje frå seg sprøyta, når ho skal passe på veslebror sin og han druknar, når hennar eiga mor er hjelpelaust rusa, når valdtektsmannen parterer henne. Inni er heile tida inni det. Av og til dagklar, men like gjerne ør, rusa, halvvegs i draumen. Det er vakkert og det er forferdeleg, men det er ikkje spekulativt.

Varm som Antarktis

Kvifor er det ikkje spekulativt? Det har eg grubla over. Eg trur det må vere fordi Stridsberg er så kompromisslaust lojal mot personane sine og fordi ho skriv med ein sjeldan poetisk råskap. Den openbert fiktive historia er ikkje funnen på, den er dikta. Og som diktverk av høg kvalitet vekkjer dette «begravelsesfølget» av eit persongalleri djup medkjensle.

Kjærleiken er vakker, men størst av alt er rusen. Foreldre vil ta vare på barna sine, men er for hekta på heroin eller på kvarandre. I døden ser Inni det klarare.

Men kva med tittelen? «Kjærlighetens Antarktis» peikar mot kulde. Men om kjærleiken i romanen er vanskeleg, så er han langt frå kald. Kanskje tvert om kjærleiken er så varm at han gjer skade, slik menneskeleg aktivitet skadar isen på polane. Då gjev tittelen meining og romanen får nok ein dimensjon.

Passar for deg som:

  • ikkje er redd for mørke skildringar
  • har sans for vakkert språk