NRK Meny
Anmeldelse

Katastrofal kjønnskamp

Kvinner, menn og makt er eit usliteleg tema i litteraturen, i samfunnsdebatten og i talrike par-terapiar. Naomi Alderman kjem med ein knallhard og forfriskande versjon i «Kraften». Køyr debatt!

Naomi Alderman vinner Baileys Women's Prize for Fiction, London, UK - 07 Jun 2017

Naomi Alderman trur ikkje at kvinnemakt kan berge verda. Til det er hemnen for søt.

Foto: Vianney Le Caer/REX/Shutterstock / Shutterstock

Forfattaren har laga ein «kva om»-roman: Kva om kvinnene var fysisk sterkare enn menn? Dei som ser for seg eit fredeleg matriarkat i økologisk balanse under månegudinna, vil møte kraftfulle motførestillingar.

Rammehistoria er lagt til ei fjern framtid, lenge etter den såkalla «kataklysmen». Ein observant arkeolog finn spor etter ein sivilisasjon der det ser ut til at menn har hatt makt i samfunnet, ja, der dei endåtil har vore soldatar. Dette strir mot all kunnskap på feltet. Så han skriv ein roman i staden, om korleis verda kan ha sett ut før kollapsen.

Gudinner og hemnarar

Arkeologen fortel om ei tid som liknar på vår, men som opplever det høgst forbløffande: ein genmutasjon gjev nesten alle kvinner evne til å sende ut elektriske strålar som kan utmanøvrere menn. Gjennom 10 år følgjer vi fire personar som kvar på sin måte veit å spele med denne krafta og vi lesarar kan henge med mafiaen, gudinnekulten, den nye politiske kvardagen og media som skal prøve å tolke og forstå kva som skjer.

Forfattaren sparer bokstavleg talt ikkje på straumen, og kjønnspolariseringa og samfunnsutviklinga vert sett på full fart framover. På vegen gjev ho rikeleg med døme på den lærerike rollebyteleiken: kva om kvinnene gjorde det mennene gjer?

Det går til og med an å valdta menn, litt elektrisitet er alt som skal til for å lage ufrivillig ereksjon som kvinnene hiv seg på, før avsluttar med «berre innrøm at du likte det». Ein kvar parallell til det verkelege livet er tilsikta.

Det er likevel grenser for kor lenge det er moro, og Alderman dreg den grensa litt etter at eg tenkte det var nok. Nok kan det også bli av mafiøse vendettaer, religiøst svada og politiske krumspring. Det kan kort sagt bli for mykje av det meste for den som ikkje er hekta på science fiction og action, men det er berre å ta det med på kjøpet, for denne romanen har fleire lag.

Eit kampskrift for sivilisasjonen

Det mest interessante laget er der ho sjonglerer med idear om makt og kjønn. Når kvinnene får makta, viser det seg at kvinner reagerer svært ulikt, men at tilstrekkeleg mange tenkjer hemn og snevre eigeninteresser. Menn forstår matematikken: det trengst ikkje mange av dei for å føre slekta vidare. Kjønnskrigen er i gang.

Om du gjev halvparten av alle menneske frie tøylar, vil sivilisasjonen gå til grunne. Her er forfattaren på linje med ein dominerande tendens i samtidslitteraturen: Tek du bort grenser og normer får du sterke despotar og redde undersåttar. Menneskenaturen er ikkje edel på 2000-talet.

Passar for deg som

  • lurer på om du er fødd sånn eller har blitt sånn

  • interesserer deg for kva framtidige arkeologar vil ha å slite med

NRK intervjua forfattaren:

Oljemaling av kvinnelig ansikt
Foto: LanaBrest / Shutterstock / NTB scanpix

Blir verden bedre om kvinnene overtar? Naomi Alderman skrev en roman der kvinner voldtar og kjønnslemlester menn. Helst vil hun at menn leser boka. Les saka

Fleire meldingar frå NRK

Mary Beard, Kvinner & makt

Mary Beards feministiske lesninger av klassiske tekster fra antikken er diskutable i ordets beste forstand. Les meldinga

Kaspar Colling Nielsen

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Johannes Anyurus De kommer til å drukne...

«I 'De kommer til å drukne i sine mødres tårer' tar svensk-ugandiske Johannes Anyuru oss med ut på en mørk og fascinerende reise til sitt verste mareritt.» Les meldinga