NRK Meny
Normal

Sjå og høyr J.M. Coetzee lese høgt frå sin nye roman

Han er den store festivalsnakkisen og blir jakta på av kultureliten som ein annan Justin Bieber under det sjeldne noregsbesøket.

Norsk Litteraturfestival 2013. Nobelprisvinner J. M. Coetzee

Se nobelprisvinner Coetzee lese høyt fra litteraturfestivalen på Lillehammer

– Han er litteraturens Justin Bieber, seier litteraturkritikar i NRK, Knut Hoem, om forfattaren J.M. Coetzee.

Han stod rett opp og ned på scena i tre kvarter og las ifrå si nye bok, akkompagnert av orkester.

J.M. Coetzee

J.M. Coetzee framstår elles som ein noko tilslørt figur – dei to Booker-prisane møtte han ikkje personleg opp for å motta, og han stiller sjeldan til intervju.

Foto: STR / REUTERS

Øvst i saka kan du sjå og høyre han lese sjølv.

(Opptaket av festforestillingen er råmateriale, tatt opp av studenter ved Høgskolen i Lillehammer. Coetzee entrer scenen på 00:18:45.)

– Ingen hadde på førehand trudd at han skulle vere med på noko slikt, seier Hoem, som denne veka rapporterer frå litteraturfestivalen på Lillehammer.

Mystikken rundt Coetzee gjer han ikkje mindre interessant for festivaldeltakarane på Lillehammer. Forfattaren er tilstades under heile litteraturfestivalen, og er den store festivalsnakkisen.

Den nye romanen The Childhood of Jesus kom ut i år, og dreier seg om ein mann og ein liten gut som tek seg fram i eit smått apokalyptisk, spansktalande Amerika.

Blei nekta opphald i USA

John Maxwell Coetzee blei fødd og vaks delvis opp i Cape Town, der han seinare skulle studere engelsk og matematikk ved universitetet. Etter å ha jobba som dataprogrammerar i London, begynte han å undervise i engelsk litteratur ved universitetet i Austin, Texas, der han også tok til på sin første roman, Skumringsland.

Permanent opphaldsløyve fekk han ikkje i USA, fordi hadde engasjert seg i protestar mot Vietnam-krigen. Han blei arrestert i 1971 etter å ha okkupert universitetsområde saman med andre fakultetstilsette.

Booker- og Nobelpris

Coetzee reiste tilbake til fødelandet for å undervise der, og for å skrive fleire bøker. Samstundes rasa kampen mot apartheid både innafor og utanfor landegrensene. Det internasjonale storsamfunnet boikotta regimet i Sør-Afrika, som førte sin rasistiske politikk og praksis mellom 1948 og 1994.

Valden og rasekonflikten som apartheid førte med seg, viser seg i Coetzee sine forteljingar både som konkrete referansar og meir symbolsk, som politiske allegoriar.

Gjennombrotsboka Før barbarene kommer fortel om eit ikkje namngjeve imperium, der konflikten står mellom innbyggarane innanfor og dei utanfor grensene, det mystiske stammefolket eller barbarane.

For romanen Michael K. – hans liv og tid – om ein einsam vandrar som greier å leve nesten upåverka i eit valdsherja Cape Town - fekk Coetzee Booker-prisen i 1983.

Den suksessen skulle han gjenta i 1999 med den omstridde historia kalla Disgrace, omsett til norsk, Vanære. Her møter vi ein engelskprofessor som misser all ære, i tillegg til familie og jobb, etter å ha forført ein student.

Dei mest kritiske røystene uttalte at forfattaren gjekk for langt med denne boka. ANC-regjeringa meinte landet urettvist blei framstilt som eit ustabilt valdshelvete med uklare maktstrukturar.

Då Coetzees meir tydeleg politiske kollega frå Sør-Afrika, Nadine Gordimer, besøkte Litteraturhuset i Oslo for nokre år sidan, uttrykte ho seg slik: «Disgrace was a disgrace!»

I 2003 fekk Coetzee Nobelprisen i litteratur, for sin samla forfattarskap. Bøker som Vanære har blitt bestseljarar i Sør-Afrika.

Mannen med to initialar som fornamn framstår elles som ein noko tilslørt figur – dei to Booker-prisane møtte han ikkje personleg opp for å motta, og han stiller sjeldan til intervju.

Vil ikkje vere «sør-afrikansk» forfattar

Coetzee har blitt kritisert både for å utnytte rasestereotypiar, og for ikkje å ta eit klart standpunkt til sør-afrikansk politikk i bøkene sine.

Kritikarane fekk bensin på bålet då han flytta til Australia i 2002.

Sjølv avviser han merkelappen «sør-afrikansk forfattar», som noko som per definisjon skulle gjere han til ein politisk bevisst historieforteljar. Han har elles sett seg imot å bli sett i bås til venstre eller høgre i politikken.