Hopp til innhold

Infernalsk spennande nestenapokalypse

I romanen «Inferno» tek Dan Brown lesaren inn på dei mørke bakromma i moderne biologisk forsking, og ned i Dantes mellomaldervisjon av helvete. Det viser seg at desse to plassane har mykje felles.

Dan Brown

Dan Brown.

Foto: Damien Meyer / Afp

Det er like greitt å tone flagg med ein gong: Eg er ein av dei som la bort Da Vinci-koden etter få sider. Eg fann boka var masete, konstruert og dårleg skrive, og bestemte meg for at eg ikkje gadd å leike med Dan Brown. Så, for få dagar sidan, greip skjebnen inn og la Inferno på pulten min. No er det eitt av to: Anten har Brown blitt ein betre forfattar, eller eg har blitt ein meir jovial kritikar. Dette var spenning av godt merke.

På flukt frå fienden

Dan Browns Inferno
Foto: Bazar Forlag

Det har seg slik at ein professor i det for meg ukjende universitetsfaget symbologi ved Harvard vaknar opp på eit sjukehus i Firenze til si store forvirring, og ganske raskt også skrekk, ettersom han blir skoten på der han ligg i ørska. Han overlever så vidt takka vere ein snarrådig lege av typen kvinneleg, pen og smart. Dei hamnar på rømmen og blir forfølgt av mange ulike skurkar som alle ser ut til å vere knytt til sjølve hovudskurken, nemleg den gale vitskapsmannen som vil gjere ende på oss alle, sånn grovt rekna.

I nabolaget til James Bond

Sidan vi lever og pustar, så kan ein jo rekne med at ikkje alt gjekk etter planen til vitskapsmannen, men her er det mange ting som ikkje er slik det ser ut. Meir er det ikkje verdt å seie om den saka, anna enn at det til tider er brukt temmeleg tjukt klister for å halde intrigen saman og ikkje minst for å føre helten og lesaren bak lyset. Det får ein tole så lenge spenningskurven ikkje dalar, det er trass alt ein thriller dette her. Så langt er vi veldig nær James Bond-universet.

Ein eim av Wikipedia

Men her er meir. Den gale vitskapsmannen er ikkje berre ein genial forskar innan biologi og ein ihuga transhumanist, han har også dilla på den italienske mellomalderforfattaren Dantes berømte bok Den guddomlege komedien, og for å finne ut kva den nifse skurken har i sinne og kvar det forferdelege skal skje og korleis, må symbologen følgje Dantes symbolmetta ferd frå inferno via purgatoriet –altså skjerselden– og til paradiset i tekst og bilde. Som ein av dei mest sentrale, og dramatiske, tekstane i mellomalderlitteraturen har Dantes visjonar om tilveret etter døden inspirert talrike kunstnarar. Spesielt har infernodelen blitt bildelagt i stor detalj, gong på gong.

Å gøyme prosjektet sitt i desse intrikate gåtene er eit ganske smart trekk av den gale vitskapsmannen, men her blir Brown litt i overkant forelska i eigen research og dynger på med kunnskap om arkitektur og bildekunst og mykje anna som er interessant i og for seg, men som ikkje kler romanen så godt og som andre har skrive mykje betre om. Her får romanen ein eim av wikipedia, og den eimen gjer meg alltid mistenksam og får meg til å lure på om eg kan stole på kunnskapen til forfattaren.

Dåpskluss

Her må eg halde meg til det eg veit noko om, og la andre vurdere gehalten i biologien og Dante. Men når symbologen og den vakre legen finn linhandkle i eit dåpskapell, forklarer han det med at presten må ha noko å tørke seg med når dåpsbarnet tissar. Den som har vore på ein einaste barnedåp i sitt liv, vil vite at presten brukar desse linklutane til å tørke dåpsvatnet av den vesle hårlause skallen til den nydøypte. Når Brown tullar med så enkle saker, tullar han sikkert med mykje anna også.

Fiksjon eller profeti

Ein forfattar har lov å dikte og jukse i smått og stort, men det tek seg betre ut når fakta stemmer. Likevel, uavhengig av kor påliteleg informasjonen i romanen er, let Brown den gale vitskapsmannen røre kraftig rundt i nokon etiske spørsmål som ikkje er oppdikta.

På apokapyptisk vis set han spørsmåla på spissen og proklamerer at «Dantes helvete er ikke fiksjon…det er en profeti», og anklagar deretter, inspirert av Dante, at «De mørkeste stedene i helvete er reservert for de som forblir nøytrale i tider med moralsk krise». Vitskapsmannen har eit utgangspunkt det går an å forstå og kjenne uro over og som eg ikkje skal gå nærmare inn på her, i respekt for dei som ein gong skal lese Inferno.

Smart

Romanen har altså mange nivå. Intrigen vrir og buktar seg som ein fortapt syndar i Dantes inferno, og på intrikat vis er dei ulike nivåa modellert over scener og strukturar i Den guddomlege komedien. Det er smart gjort. Eg meiner bestemt at Brown har blitt ein betre forfattar etter Da Vinci-koden.