Før verda går under

Kva skjer når ei fantasifull og skarp jente blir fora opp på dommedagsprofetiar og lite anna? Svaret er ikkje heilt opplagt i romanen «I en annen verden» som er debuten til walisiske Grace McCleen.

Grace McCleen

Grace McCleen.

Foto: Tom York / Pressebilde

Romanen har allereie vunne prisar, og er på veg ut til 16 land. Eg vedgår det gjerne: Eg har ein inngrodd skepsis til såkalla sensasjonelle romandebutar frå det angloamerikanske språkområdet.

Ikkje minst gjeld dette når den sensasjonelle debutanten viser seg å ha eit ansikt som ville ha pynta opp eit kvart talkshow-studio. Det er noko forsert over heile opplegget og det har kome for mange krampaktig flinke og lettgløymte romanar i denne kategorien.

Å skape himmel og jord

Her skal eg raskt og brutalt ete i meg fordommane, som blei gjort til skamme allereie på første side:

I begynnelsen var det et tomt rom, lite grann plass, lite grann lys og lite grann tid.

Jeg sa: «Jeg skal lage marker» og jeg lagde dem av bordbrikker, teppebiter, brun kordfløyel og filt. Og så laget jeg elver av kreppapir, plastfolie og skinnende aluminiumsfolie og fjell av pappmasjé og bark. Og jeg så på markene, og jeg så på elvene og jeg så på fjellene og jeg så det var godt.

Grace McCleen / I en annen verden

Eg må nyansere ein tidlegare påstand: Det handlar ikkje berre om dommedag, harmageddon og øydelegging, det handlar også om å gle seg til, drøyme om, og sjølv skape den nye verda, der dei truande skal møtast til eit evig liv utan gråt og tåre.

Aleinebarn

I en annen verden
Foto: Gyldendal

Judith er 10 år og lever aleine med far sin. Det har ho alltid gjort, sidan mora hennar døydde under fødselen fordi ho av religiøse grunnar ikkje ville ha blodoverføring. Den einaste sosiale omgangen dei to har, er med den lokale forsamlinga av Jehovas vitne, der det ikkje finst andre barn.

På skulen handlar det mest om å unngå plaging og mobbing. Judith blir eit barn som grublar over dei store spørsmåla i livet, og ho gjer det konsekvent og lojalt innanfor forståingsrammene ho har fått frå far og forsamlinga og svara blir etter kvart vanskelege å leve med.

Judiths bok

McCleen er sjølv oppvaksen i Jehovas vitne og har stor kunnskap om tenke - og levemåtar i denne sekta. Dette er heilt nødvendig for heilskapen, og det konsekvente livssynet og det bibelprega språket er ein stor kvalitet. Sekta byr på varme og fellesskap,- så lenge ein rettar seg etter reglane, som i dette tilfellet er svært spesifikke og orientert mot å ikkje ta del i aktivitetar eller menge seg med folk i «denne verda» som snart skal gå under.

Men dette er først og sist Judiths bok. Forfattaren flettar barns tendens til å lade alt med meining saman med trua på ein nidkjær og krevande Gud som heile tida passar på at dei ikkje gjer noko gale.

Når Gud melder seg

Dette er også ei historie om forholdet mellom ein far som miste evna til å gle seg over livet den dagen kona døydde, og eit svært levande og innlevande barn som er villig til å ta på seg ansvaret for så vel moras død som for evig liv for dei ufrelste. Likevel blir det stadig tydelegare gjennom boka at det spesielle synet på verda og på si eiga rolle i det store spelet tærer på forstanden. Når Gud sjølv melder seg både gjennom mirakuløse hendingar og som ei indre stemme, ser lesaren fåresignala Judith ikkje ser, og som far nektar å sjå.

Grensene mellom religiøs fundamentaslime og mental ubalanse kan vere flytande.

Å tole at nokon er annleis

Religionen får lov til å spele mange roller i denne debutromanen. Korleis denne jenta og faren blir behandla på skule og arbeidsplass fordi dei er «annleis» er eit anna poeng som er med på å gjere I en annen verden både tankevekkjande, vond og gripande.