Hopp til innhold

Hoppe naken

Marita Liabø har ein uvanleg evne til å skildre miljø og atmosfære i eit lite bygdesamfunn. Og hovudpersonen Simon er det lett å like.

 

Simon er ein skalla sogning med gjennomsnittskuk, ifølgje seg sjølv. Dei som las om han i romanen ”Under brua” frå 2006 vil vite at han kan ha det med å drikke for mykje når det vert vanskeleg, han er glad i damer og glad i familien sin. Dessutan har han støtt ein saftig replikk på lur, gjerne krydra med fantasirik bannskap. Kort sagt: Simon er ein litterær figur det er lett å like. Han er det største aktivumet i desse romanane, som det med ein viss rett går an å hevde er noko omstendelege i framdrifta.

 

Naust i havgapet

Marita Liabø: Hoppe naken

Marita Liabø: Hoppe naken. Gyldendal 2007

Foto: Gyldendal forlag

I ”Under brua” blei Simon berga frå ein iskald død i brennevinsrus under ei bru i Tromsø. Det var Sunniva som fann han, og Sunniva sjøl treng seinare berging frå ein skrudd sambuar. Av dette blir det eit sterkt forhold, og i ”Hoppe naken” har Simon og Sunniva starta på nytt: Dei har kjøpt hus og naust i havgapet i Sogn, og skal leige ut staden til kurs og bedrifter. Så langt, så godt.

Men det å flytte til ein liten stad og dra underlege byfolk dit på seminar, det gjev ein ikkje berre vener. Og naustet løyner opptil fleire uhyggelege historier som bygdefolket ikkje liker at det blir rota i. Når så Sunniva snur ryggen til i senga og svigerinna er meir enn interessert i eit eventyr, ja, så skal det meir til enn ein god replikk og brennevin for å løyse problema.

 

Sterke effektar

Liabø er ikkje redd for å bruke sterke effektar. Her er mykje høgdramatikk både i fortid og notid. Men dramatikken er ikkje hovudsaka her og heller ikkje det ein hugsar i ettertid. Det som står att, er forfattarens uvanlege evne til å skildre miljø og atmosfære i eit lite bygdesamfunn, og, som nemt innleiingsvis, hovudpersonen Simon. Replikkar som ”Eg er ein som det er lett å reise ifrå”, eller ”tek du livet av deg så drep eg deg”, vekslar med meir blødmete formuleringar av typen: ”Jau, det er meg i eit potetskal” eller ”slakk i bollen”. Når det verkeleg røyner på, køyrer han fram det arkaiske skytset og snakkar om ”oskekaving” og ”abakele”.

 

Nok ei bok om Simon?

Men Simon er ikkje berre ein sjarmør, han har også destruktive sider. Og det er uklårt i romanen om han skjønar at han sjølv er med på å øydeleggje det han byggjer opp. ”Each man kills the things he loves” skreiv Oscar Wilde og det har neppe Simon lese, men han stadfester til ei viss grad formuleringa. Denne sida gjer Simon til ein karakter, og det skal bli interessant å følgje med på ferda i neste roman. Den vil eg tru må kome, med så mykje lause trådar og potensielle katastrofar som er lagt i slutten av ”Hoppe naken”.

 

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)