NRK Meny
Normal

Mammutsalet: Her er dei 9 beste bøkene

Norges største boksal er i gang. Vi gir deg våre favorittar.

Ni anbefalte bøker mammut 2018

Ni anbefalte bøker frå Mammutsalet 2018.

1: «Der fire veier møtes»

  • Forfattar: Tommi Kinnunen
Der fire veier møtes

Finsk debutantroman som følgjer fire familiemedlemar gjennom hundre år. Boka vart kåra til årets roman i Finland i 2014.

«Der fire veier møtes» er ei slektshistorie som legg vekt på å forstå kvifor folk handlar som dei gjer i samspel med andre menneske og spesielt innanfor familien. Trass i at ingen står kvarandre særleg nær, pregar tidlegare slektsledd dei seinare i sterk grad.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Marta Norheim

2: «Arkitektens læregutt»

  • Forfattar: Elif Shafak
Arkitektens læregutt av Elif Shafak

Historisk roman frå ein av dei største forfattarane frå Tyrkia.

Arkitekten i «Arkitektens læregutt» heiter Sinan og er ein historisk person som, før han døydde 99 år gammal i 1588, teikna om lag 300 bygningar; moskear, hammamar, bruer, skular og så vidare. Inn frå sidelina kjem ein gut, Jahan, som har rømt frå Agra i India saman med ein liten, kvit elefant.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Marta Norheim

3: «I hvert øyeblikk er vi fortsatt i live»

  • Forfattar: Tom Malmquist
I hvert øyeblikk er vi fortsatt i live

Svensk sjølvbiografisk roman om døden. Boka vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2016.

Malmquist skriv om sambuaren, Karin, som blir dødssjuk like før termin. Barnet blir berga, men Karin møter døden få dagar etter at dottera møtte livet. Historia ville knapt vore til å halde ut, om det ikkje var for at hovudpersonen Tom står fram som ein sær, kantete, sjalu, varm og sørgjande person som det går an å både føle med og følgje med gjennom det heile.

Les VGs bokmelding her.

Anbefalt av Marta Norheim

4: «Skigard»

  • Forfattarar: Pål Gunnar Mikkelsplass / Magnus Lindahl
Skigard

Ei praktisk handbok og forteljing om skigardane og korleis dei vart til.

Vi har alle ein plass vi er ekstra glad i. Kva med å gjerde han inn med stil? Parhestane Mikkelplass & Lindahl fortel deg korleis.

Vi fann dessverre ingen bokmeldingar om denne boka, men her er ein spennande artikkel frå Framtida om skigarden.

Anbefalt av Knut Hoem

5: «De søvnløse»

  • Forfattar: Kim Leine
De søvnløse

Ein forførande framtidsroman frå dansk-norsk forfattar.

«De søvnløse» er ein genial, varm og raus roman om menneske som lever liva sine rundt eit sjukehus på Grønland i nær framtid. Kim Leine vekslar elegant synsvinkel, slik at vi kjem på innsida av karakterane. Denne ekstremt egalitære måten å skrive roman på, er krevjande handverk, men Leine kan kunsten.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Knut Hoem

6: «Et helt liv»

  • Forfattar: Robert Seethaler
Et helt liv

129 sider er det den austerrikske forfattaren treng for å risse opp eit heilt menneskeliv. Herregud, så bra!

Vi oppheld oss tidleg i det tjuande århundre og bonden Kranzstocker brukar eit blautlagt hasselris for å banke folkeskikk inn i gutungen som han måtte ta ansvar for då søstera hans døde. Ein gong slår han så hardt at eit lårbein knekk i barnet. Det blir aldri ordentleg bra igjen, og dermed blir Andreas Eggers halt livet ut.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Knut Hoem

7: «Anton og andre uhell»

  • Forfattar: Gudrun Skretting
Gudrun Skretting: Anton og andre uhell

Norsk barnebok som vart nominert til ARKs barnebokpris i 2016.

«Anton og andre uhell» er ei skikkeleg morosam bok. Sjølve plottet er ikkje morosamt i det heile. Anton bur aleine med faren – mora er død – og ein vakker dag, når Anton er 12 år gammal, får han høyre av faren at han eigentleg er eit uhell. Far og son står og lappar ein sykkelslange, og så kjem det: «Ja, ja – det kan komme mye rart ut av en liten rift i gummien.»

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Anne Cathrine Straume

8: «Historier om trøst»

  • Forfattar: Ida Hegazi Høyer
Historier om trøst

Norsk novellesamling med behovet for fysisk nærleik som gjennomgangstema.

Det manglar ikkje på sexskildringar i Ida Hegazi Høyers bok. I tre lange noveller skriv ho fram møter mellom to framande, der vegen frå eit nikk på ein bar til overskridande seksuelle erfaringar er kort. «Historier om trøst» utforskar risikoen ved å opne seg for eit anna menneske.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Anne Cathrine Straume

9: «Søster»

  • Forfattar: Gro Dahle
Gro Dahle "Søster"

Norsk diktsamling om søsterskapet.

Kvifor er søsterskap eit så mykje sjeldnare brukt omgrep enn brorskap? Gro Dahle bøter på statistikken. Her er dikt om samhald og støtte, og om krangel og slåsting. Ei søster kan vere nær, men også fråverande. Ei søster er dobbelt så mykje som inga søster.

Les bokmeldinga her.

Anbefalt av Anne Cathrine Straume

  • Anbefalt vidare lesing:

157438479 forbidden books
Foto: hugo chang, chang / Getty Images

6 forbodne bøker. Nokre bøker er så farlege at myndigheitene gjer alt i si makt for å stoppe dei. Les saka

Fra boka Fortellinger om trær
Foto: Lisbeth Dreyer / Skald forlag

9 nye bøker om ... tre? Sakleg og poetisk, teikna og fotografert. Av ein eller annan grunn er det fleire «tre-verk» på marknaden no. Les saka