Hopp til innhold

Harmdirrande om mann og mus

Bomann-Larsens sjette band om kong Haakon og dronning Maud er eit spennande djupdykk i fire krigsmånader i 1940. Imponerande, undergravande og einsidig.

Tor Bomann-Larsen

Det som kjem fram i Bomann-Larsens grundige, kjeldespekka og detaljrike framstilling, endrar to norske forteljingar.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Sjette band av det storslåtte bokverket Haakon & Maud er lansert med sikker sans for dramaturgi. Forfattaren Tor Bomann-Larsen og forlaget Cappelen Damm forsikrar at innhaldet kjem til å endra noregshistoria. Dei har heilt rett i at boka endrar mange historier. Ikkje minst endrar boka preget på dette imponerande bokverket.

Frå biografi til noregshistorie

Den kunstutdanna Bomann-Larsen er fødd i 1951 og blei kjend som ein ypparleg teiknar av politisk satire. I 1985 debuterte han som forfattar og omskapte seg på femten år frå biletkunstnar til historikar gjennom bortimot tjue utgjevingar med historisk vinkling. Over halvparten av dei sirklar rundt to tema: Norsk identitet og europeiske monarki. Begge behandla på ein brei bakgrunn med overraskande litterære tolkingsgrep.

Ved tusenårsskiftet tok han fatt på det største løftet, det som den gongen blei sagt å skulle bli eit tre-fire bands biografiverk om det nye Noregs første kongepar. Første bandet kom i 2002 og Bomann-Larsen rista både den gong og sidan kraftig i tidlegare oppfatningar. Haakon&Maud I viste ein prins og ei prinsesse som slett ikkje såg ut som helteemner, men tvert om hadde dårlege utgangsposisjonar både fysisk, intellektuelt og psykososialt. Neste band stilte spørsmål ved om prins Olav verkeleg var kong Haakons son. I tredje bandet avslørte Bomann-Larsen dragkampar mellom kongen og statsministrane som enda i at kongen truga med abdikasjon. Slik held forfattaren fram å lansera dei neste bøkene også, viftande med nye oppsiktsvekkjande funn frå dei stadig fleire kongelege arkiva som han har fått driva pionergraving i.

I forrige bandet dreia sjangerplasseringa frå biografi til politisk historie. Og jammen har historikarlauget og lesarane hatt godt av den tålmodige jobben Bomann-Larsen og teamet hans har gjort for å synleggjera og sannsynleggjera avtrykka etter den kongelege finger og den monarkiske tenkinga på dei vendingane som utviklinga i det nye Noreg tok. Om ikkje noregshistoria alltid har måtta skrivast om, så har ho alle fall fått fleire fasettar. Det gjeld også opplysningane og resonnementa som er grunnmuren i band VI, «Svaret».

Helteepos for fall

Denne gongen byr Bomann-Larsen på ei detaljert framstilling av forhandlingane som norsk politisk, rettsleg og religiøs maktelite førte med okkupasjonsmakta sommaren 1940, og kongens blanke avvising av å støtta dette samarbeidet. Målet var å komma til ein fredsslutning med Hitler-Tyskland. Middelet blei å freista avsetja regjeringa Nygaardsvold og be kong Haakon om å abdisera og gje avkall på arveretten for etterkommarane sine.

Det er liten tvil om at det som kjem fram i Bomann-Larsens grundige, kjeldespekka og detaljrike framstilling, endrar to forteljingar. Den første er det helteeposet som gjer at folk flest trur kongekjærleik og fast motstand regjerte på heimefronten frå 9. april til kongen og regjeringa vende heim frå eksilet. Den andre som blir endra, er – igjen – bildet vårt av samspelet mellom kongen og politikarane. Kongens meiningar og initiativ sommaren 1940 var i følgje Bomann-Larsen sterkare og viktigare enn historikarane tidlegare har fått fram.

Det siste er hovudprosjektet i dette bokverket, slik forstørring av hovudpersonens innsats oftast er målet med biografiprosjekt også i dag. Bomann-Larsens konge reiser seg opp og veks frå bok til bok. I band V viste han ryggrad på Elverum ved å avvisa tysk samarbeidsinvitt. I dette bandet er lojaliteten, forfatningsskjønnet hans og den sunne ryggmargrefleksen framstilt som endå sterkare. Den forvirra, naive og pragmatiske eliten heime virra som mus i den uavklarte situasjonen som oppsto då kongen og regjeringa forlet landet. Av omsyn til folket, til det dei såg som nasjonens sjølvstende og sjansen til å få i stand fredsavtale med Hitler, ba dei kongen abdisera. Berre ti minutt skal det ha teke det kongen å kladda sitt og regjeringas ”nei” som utanriksminister Halvdan Koth sidan gav endeleg språkdrakt - i følgje Bomann-Larsen.

Han er ein meister i nettopp dette: Ei nitidig samanstilling av kjeldeopplysingar og evne til å visa at dimensjonane i alt det vesle var store nok til å danna eit drama.

Tempo- og stilskifte

Ein kan lett komma til å tru at Bomann-Larsen endrar også sitt eige verk ved å gje desse vekene sommaren 1940 eit heilt band i ein serie der dei tidlegare bøkene har spent over fleire tiår kvar. Men definerer ein verkkonseptet som det å tydeleggjera kongehusets rolle i noregshistoria på 1900-talet, så er dette temposkiftet heilt ”in style” og grundig rettferdiggjort.

Så får det heller våga seg at djupdykket skaper ein prosa som i lange stykke er meir prega av detaljar og flyt tyngre enn den kvikke samanfatningskunsten som har gjort dei tidlegare banda til reinare lystlesing.

Mykje opning for motforestillingar har det ikkje vore tidlegare i verket heller, men i denne boka blir forteljinga om den feige eliten heime og den modige, rakrygga kongen i London hamra inn med særleg sterk einsporing.

Eg skulle svært gjerne ha fått den større tilliten til konklusjonane som vidare drøftingar av andres syn kunne gitt. Bomann-Larsen er kjeldekritisk, men mest til kjelder som peikar mot hans eigne konklusjonar. Hans prosjekt står i opposisjon til tidlegare historieskriving. Han ville ha vunne på å framstilla eldre versjonar som anna enn resultat av forsømming og forsøk på tildekking av den skamma som særleg Arbeidarpartiet, LO og næringslivsorganisasjonane må ha kjent i ettertid.
Band VI inneber eit skifte i stil, og dessutan i temperament. Det går ein harme gjennom denne boka som også tynger framstillinga. Likevel er det framleis underhaldande å lesa han. Dei språklege fintane hans morar. Overraskande samanstillingar av det vesle og det store tilfører ironi. Fruktbar bruk av Ibsens Kongsæmnerne gjer himmelen høgare. Måten han leikar med ord, lettar teksten. Som når forfattaren under forhandlingane mellom heimeeliten og dei tyske okkupantane oppsummerer med løypemeldinga: ”Fortsatt sto kongehuset”.

Maud og Märtha

Til slutt lurer kanskje nokon på kvifor Bomann-Larsen også i band VI held fast på undertittelen Haakon & Maud, når Maud vitterleg døydde og blei gravlagd i forrige band?

Eit svar kan vera at Maud framleis var med. For rett nok var halvparten av dette paret eit menneske, men ho var også eit lojalitetsband. Valet av kongepar i 1905 var ikkje først og fremst eit val av ein dansk prins. Det var eit val av den engelske kongens svigerson og av ei engelsk kongsdotter. Vesle prins Olav var kong Edward VIIs barnebarn.

England var garantisten den norske regjeringa i 1905 valde seg blant stormaktene, og slik var det også i 1940. Mauds blodsband var med og sikra konge og regjering ei havn i London under krigen.

Den andre kvinna i kongehuset og hennar blodsband spelar også ei dramatisk rolle i dette bandet. Kronprinsesse Märtha blei sitjande att i Sverige då kongen og kronprinsen flykta til England. I heimlandet sitt hamna ho i vanskelege val som blir medrivande og innlevande skildra. Tryggleiken for henne og barna hennar i Sverige, blei tvilsam då hennar eigen familie støtta abdikasjonsoppmodingane. Kong Haakon kravde at ho reiser vidare til USA. Også hos henne må lojaliteten og motet ha vore sterkt.

Totalt ti band?

Dei neste banda av Bomann-Larsens verk vil utan tvil få fram og dramatisera nye sider ved både ute- og heimefrontens ryggrad og mangel på slik. Så skal heimkomsten sommaren 1945 og gjenoppbyggingstida skildrast med sine nye utfordringar for politikarane og kongemakta etterkvart som den kalde krigen sette inn.

Skal eg tippa at det trengst totalt ti band før avsluttinga av det siste dramatiske livskapitlet der Haakon VII døyr midt under stortingsvalkampen i 1957? Band VI styrkar uansett forventningane om at det vil finnast rikeleg med spenning, undergraving og lesegleder også i resten av dette storverket.

Meld av Arnhild Skre.