NRK Meny
Normal

Halldór Laxness. En biografi

Halldór Gudmundsson har laga eit fascinerande portrett av den islandske nobelprisvinnaren Halldór Laxness.

 

Den islandske forfatteren Halldór Gudmundsson. Foto: Gundi

Den islandske forfattaren Halldór Gudmundsson har skrive ein sterk biografi om Halldór Laxness.

Foto: Gundi

Det er neppe enkelt å skrive biografi om ein forfattar som på sine eldre dagar blei eit nasjonalt ikon, men denne biografien er så klok og velskriven frå første setning av at ein blir sugd inn i historia og ønskjer at ho skal vare lenge.

Etter å ha vore gjennom dei vel 800 sidene har ein fått overoppfylt dette ønsket, for trass i at boka har uvanlege kvalitetar, fell biograf Halldór Gudmundsson i ei av dei mest vanlege biograf-grøftene, nemleg dokumentasjonsgrøfta. Det vil seie at ønsket om å dokumentere livet til hovudpersonen blir så sterkt at små hendingar får for stor plass, og handlinga og framdrift taper i periodar for stadige gjentak og oppramsing. Biografen vil ha med for mykje. 

 

Halldór Gudmundsson: ”Halldór Laxness. En biografi”

Halldór Gudmundsson: 'Halldór Laxness. En biografi'. Omsett av Silje Beite Løken og Ine Camilla Bjørnsen. Tiden 2007

Foto: Tiden

Tar grep om historia

Trass i dette er biografien om Halldor Laxness blant dei beste eg har lese. Det startar slik:

"Halldór Laxness var Europas siste nasjonalskald. Han var ikke nasjonalforfatter fordi hele den islandske nasjonen elsket ham og var udelt begeistret for alt han sendte fra seg. Langt derifra. Han var nasjonalskald fordi så å si hele nasjonen ble berørt av det han skrev da han var på sitt beste. Bøkene hans ble ofte tatt godt imot, og samtidig lot mange seg provosere – men det var ingen som forhodt seg likegyldig. I livet og bøkene speilet han det århundret han levde i og levde seg inn i, ekstremismens århundre. Og det var slik han var: spesielt hjertelig og taktfull i sin framtreden, men samtidig hadde han en særdeles djerv og kvass penn. Forfatteren Laxness og mennesket Laxness var to ulike størrelser; han kunne vise til høye idealer, store verker – og feilgrep som også ble store. Han hadde en spesiell evne til å styre omstendighetene slik at alt dreide seg om ham, og hans mål, som var å skape fortellinger for verden. Ambisjonene hans var store og noen ganger hensynsløse. Men så skrev han også sine tekster ut fra en indre trang og ikke for å tekkes andre mennesker." (s. 7)

Slik skriv ein biograf som ikkje er redd for å ta grep. Han analyserer både mennesket, kunstnaren og verket, landet han kom frå og tida han levde i. Likevel får vi ikkje noko eintydig svar på kvifor det akkurat blei Halldór Laxness som skulle ta rolla som den største islandske forfattaren i det 20. hundreåret. Og slikt finst det neppe eintydige svar på, heller. Det vi får vite, er at Halldor kjem frå fattige kår, faren var rallar som greidde å leggje seg opp pengar på vegarbeid så han kunne kjøpe seg gard. Det var arbeid nok for heile familien, men odelsguten er fullstendig i si eiga verd, han sit inne og leikar med dokker og skriv ord på papirlappar. At far og mor let han drive med sitt i fred, er noko av det sterkaste i heile boka.

Sterk historie

Og det seier ikkje lite, for historia om Laxness, hans liv og tid, er ei sterk historie: Sju år gammal får Halldor kallet: han skal bli forfattar. Seinare får han fleire openberringar: han blir først katolikk, deretter kommunist, begge deler står i ein potensiell konflikt til å vere ein fri kunstnar.

Biografen legg vekt på å skildre livet til forfattaren gjennom indre og ytre konfliktar. Det er eit godt grep, for konfliktar var det nok av, ikkje minst i åra før han blei nasjonalikon og nobelprisvinnar. Laxness refsa gjerne islendingane i avisartiklar, han beundra Stalin, lånte pengar han aldri leverte tilbake og fekk ord på seg for å vere både arrogant, forfengeleg og suverent egosentrisk.

Biografen har hatt tilgang på eit rikt brevmateriale som han siterer flittig frå, og som ikkje minst viser den sjølvsentrerte sida ved forfattaren. Forfattaren sjølv bad vener og familie om å sende breva til ein biograf som skulle skrive om han i yngre år. Då manuset var klart, uttalte Laxness lett forbløffa at han ikkje framstod som nokon særleg sympatisk person, og han undra seg over at nokon ville vere ven med han. Så hadde han også andre sider: Han kjempar med seg sjølv og med romanane sine, han jobbar hardt med å få bøkene utgjevne og deretter få dei omsett til andre språk. Ikkje minst det siste er ein langvarig kamp med mange tilbakeslag, og forfattaren hadde heile livet eit ambivalent forhold til Island, - ikkje minst fordi språket rett og slett var for lite for ein som skulle erobre verda gjennom bøkene sine, og fordi landet var for småleg mot sin store son.

Velskrive, klokt og fascinerande

Biograf Gudmundsson balanserer bildet av Laxness mellom mange peilepunkt: Han kan vere urimeleg, men det kan han ha sine meir eller mindre gode grunnar for. Andre kan vere urimelege, og det kan dei ha sine meir eller mindre gode grunnar for. Han kan oppføre seg underleg etter våre normer, - det kan vere tida som har endra seg, eller det kan vere noko heilt spesifikt ved forfattaren.

Biografen er ikkje redd for å tolke materialet sitt, og han gjer det på ein mild, men overtydande måte. Ikkje minst når han avslører sjølvmytologisering og historieforfalskingar som det jo kan vere freistande å gjere seg lystig over - der minner Gudmundsson oss på at vi alle skaper historier som det går an å leve med av liva våre.

”Halldór Laxness. En biografi” er eit velskrive, klokt og fascinerande portrett av Europas siste nasjonalskald.