Hopp til innhold

Gryttens beste «popsongar»

Han har mistet moren sin og opplevd den perfekte vinterdagen i Bergen by. Gjennom fem år har forfatter Frode Grytten fremført dagbok i diktform på radio.

Frode Grytten

Frode Grytten er vokst opp i Odda og bor i Bergen, to steder der diktene gjerne foregår.

Foto: Mikal Olsen Lerøen/NRK

kvar morgon vender kjærleiken tilbake / og minner oss på at livet framleis finst her

Selv kaller han dem «popsongar», disse diktene Frode Grytten har fremført i radioprogrammet Salongen. Forfatteren, som slo gjennom med romanen «Bikubesong» i 1999, har bidratt ukentlig med slentrende funderinger om familie, musikk, politikk, lykke, liv og død.

I anledning Salongens fem-års jubileum har Grytten selv plukket ut fem favoritter, og forklarer her hvordan de ble til.

Om du sitter på bussen med ørepropper eller hjemme på datamaskinen: Du bør unne deg å høre minst én slik "popsong".

Take it away, Grytten!

Perfekt dag

– Den amerikanske poeten, Frank O’Hara, er utvilsamt den viktigaste inspirasjonskjelda for desse tekstane. Eg oppdaga O’Hara då Jan Erik Vold gjendikta han til norsk tidlig på åttitalet.

Det er noko lett og sympatisk ved dikta hans, dei flyt gjennom dagane og nettene i New York, han skriv dagbokaktig frå sitt altfor korte liv, desse gjøre-ditt-gjøre-datt-dikta, med all sin humor og sitt alvor og si lengt, med vidd og fantasi og ei eiga evne til å gjøre det vesle stort for oss.

En vakker dag i et snødekket Bergen by

Der Frank O'Hara har sitt New York City, har Frode Grytten Bergen by.

Foto: Morten Hval / NTB scanpix

Eg er ikkje like god som Frank O’Hara, det er jo tydelig i denne teksten også, men kven er eigentlig like god som Frank O’Hara?

Syng meg i søvn

– Mor mi hadde eit langt og god liv. Ho var sjuk dei siste åra, men fikk kyndig hjelp og døde fredelig. Ho var ei kvinne av sin generasjon, mest opptatt av å gjøre dagane meiningsfulle for dei rundt. Ho levde slik dei fleste lever sine liv, stille og utanfor det offentlige lyset.

Første og siste gongen namnet hennar er blitt nemnt på radioen, er i dette diktet, som eg ville skulle vere like vakkert som ho var.

Fast track

– Eg såg nettopp dokumentaren om Fyre-festivalen, der nokre amerikanske bloggarar, influensarar og partyfiksarar skulle lage verdas mest eksklusive musikkfest på ei øy i Bahamas.

Den idylliske verda på Instagram, med luksusbustadar, gourmet-mat og toppmodellar, endte i flyktningtelt med våte madrassar, kvitostskive med slapp salat og festivaldeltakarar som rundstjal kvarandre.

Denne teksten handlar om vår tru på at vi er så unike, så spesielle, så priviligerte, at vi har all rett til å ta for oss, bli behandla eksklusivt, gå i ei separat sluse utan kø eller nederlag eller smerte eller død.

Tusenar seglar igjen

– Sommaren 2014 tok den italienske fotografen Massimo Sestini eit fantastisk bilde av ein båt som kryssar Middelhavet. Fotografiet er tatt frå lufta, og det verkar så sterkt fordi alle dei 500 om bord er tydelige, ein får kjensla av kvar skjebne og kvar historie.

Flybilde av flyktninger i liten båt

Massimo Sestinis fotografi fra Operation Mare Nostrum i 2014 er blitt et ikonisk bilde på flyktningkrisen.

Foto: ©2014 Massimo Sestini

Sidan då har politikarar og meiningsprodusentar lukkast med å definere dei som gjør denne livsfarlige reisa, som eit problem for oss, det er vi som er utsette og i fare. I 2015 sa vi at vi skulle hjelpe dei der dei var, det var no det minste, så lukka vi auga og forsøkte å glømme denne pågåande katastrofa.

Kor sørgelig er det ikkje at denne teksten, inspirert av Sestini sitt bilde, er så forferdelig aktuell.

Vintersalme

– Det har vore ei stor oppdaging å skrive desse popsongane for Salongen, sjølvsagt ligg mykje i samarbeidet med Hans Kristen Hyrve, som med eleganse og stor lojalitet har skrudd dei saman lydlig, ei enorm glede har det vore, men også i det å innsjå at det daglige livet rommar så mykje, det har fått meg til å sjå på eigen kvardag med friskt blikk, fått meg til å verdsetje det vesle endå høgare, det som er akkurat her, akkurat no, det treng ikkje skje store og overskridande ting for at ein skal kjenne seg i live, det held å vakne saman med dei du elskar og høre på lydane utanfrå at no har det falle snø.

Brøytebil i Rogaland

Lyden av en brøytebil om morgenen trenger inn i familiens lune hygge i diktet Vintersalme.

Foto: Erik Waage / NRK

Hadde eg ikkje jobba opp ei medvite om magien i det kvardagslige, hadde eg kanskje ikkje sett alt dette, og det hadde garantert ikkje blitt tekstar av det.

Eg er takksam.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad