Hopp til innhold

– Det kjendest umogleg å skrive om sex

Karl Ove Knausgård gjekk i Min kamp-bøkene langt i å avsløre eigne lyster og kjensler overfor andre menneske, som han sjølv skamma seg over. Men i skildringar av sex har han vore nøye med å kamuflere verkelege personar.

Karl Ove Knausgård fortel programleiar Hans Olav Brenner kvifor han ikkje ville skrive inngåande om sex i "Min kamp".

Karl Ove Knausgård fortel kvifor han ikkje ville skrive inngåande om sex i bøkene sine.

– Eg får ofte spørsmål om kva i livet mitt eg ikkje har skrive om, og då svarer eg sex, seier forfattaren, som er Noregs kanskje einaste litterære superstjerne.

Sjå Karl Ove Knausgård i samtale med Hans Olav Brenner i videoen over. Heile sendinga av «Brenner og bøkene» ser du på NRK2 kl. 20.55 i kveld.

– Umogleg å skildre sex med folk som finst i livet mitt

Knausgård har gjort seg kjend som ein grenseoverskridande forfattar. Alt i hans eige privatliv skulle tilsynelatande fram i eit nådelaust lys då han i eit rasande tempo gav ut dei seks mursteinstjukke binda om sin eigen kamp. Ekskone, tidlegare lærarar og nær familie har kjempa imot, og etter eige seiande kjende seg krenkte som ufrivillige romanfigurar.

Ordskifta har jamleg gått varme om kvar skilja skal gå mellom kunst og etikk, offentleg og privat. Og éin stad går grensa for kva han kan skrive om, seier Knausgård. Ho går ved skildringar av sex.

– Å skrive om sex kan ein gjere i vanleg romanform. Men når det gjeld levande menneske som eksisterer rundt om i livet mitt... å skrive om det kjendest heilt umogleg. Den intimiteten tilhøyrer dei to personane, seier forfattaren.

Syntest det var greitt å skrive om driting

At det handlar om fleire enn han sjølv, verkar å vere avgjerande for Knausgård, som med fjorårets essaysamling Sjelens Amerika fekk mykje merksemd for teksten «Den brune halen». Der legg Knausgård lite imellom når han skildrar det pinefulle og høgst private i å berre måtte kome seg på do.

– Eg kunne skrive om å drite, liksom, for det gjer eg aleine. Det er også noko ein gjer hemmeleg, når ingen ser på, seier han om essayet som først var meint for nettopp siste romanen i Min kamp.

– Men sex var vanskeleg. Så det eg har gjort er å skrive om ting som ligg langt tilbake, og folk er kamuflerte slik at det skal vere veldig vanskeleg å vite kven dei er, fortel Knausgård.

Eit lengre intervju med Karl Ove Knausgård blir seinare tilgjengeleg på tv.nrk.no.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober