NRK Meny
Normal

Gjørma vi alle sit fast i

Ei malplassert jente med eit stort begjær i ein by som surklar av væsker og er dynka med blod frå folk som har lidd ein unaturleg død. Ikkje akkurat heimstaddikting, men likevel: Byen er heilt klart Fredrikstad.

Victoria Kielland

DAMMYR: Victoria Kielland kjem med boka Dammyr i år, den andre boka hennar.

Foto: Ingrid Pop

Victoria Kielland debuterte med prosasamlinga «I lyngen» i 2013. Årets bok, «Dammyr» er ein roman, men spranget er ikkje veldig stort.

Då Kiellands prosa var nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris, heitte det i grunngjevinga frå juryen at ho skriv «rått, sanselig og suggererende, med et høyt detaljnivå og stort fokus på rytmikk og repetisjon» og at dette språket tek oss med inn i «et til dels brutalt og ubehagelig univers».

Dette passar bra som karakteristikk på romanen også. Her finst rett nok ein hovudperson: Den 14 år gamle Aurora heng med frå start til slutt, og vi heng til tider tett på henne.

Men romanen har lite handling, Mykje går føre seg også utanfor Auroras univers, sjølv om alt er filtra saman med alt.

Ein roman i gruppa «andre»

«Dammyr» er altså ikkje ein handlingsdriven roman, og heller ikkje ein roman der den indre utviklinga til personane er poenget. Dermed har vi her å gjere med ein av dei relativt få norske romanane i den ueinsarta gruppa «andre».

Kort sagt: Kielland gjer noko anna. Kva er så dette andre, og kva har Fredrikstad med noko som helst å gjere? Her finst ikkje krystallklare svar, men her er mykje å tenkje over.

Aurora slikker seg på fingrene og tenner en sigarett, denne bevegelsen, røyken siver ut og Aurora plukker et hår fra leppene, den samme bevegelsen hver gang, Aurora og Ingeborg åpnet munnen og slapp hele verden inn, som tusenvis har gjort før dem, kvinner og menn, de har åpnet hjertene sine og sluppet verden inn, med matrester og det hele, spist, kysset og svelget, myke lepper mot munnen, salte og våte, helt fra seg av sukker, alkohol og håp om en bedre fremtid.

"Dammyr" av Victoria Kielland

Suggererande driv

Det er heilt klart eit suggererande driv i denne romanen, som grovt rekna har tre ulike «stader» han vender tilbake til.

Det første er Fredrikstad-området frå istida og framover, med fokus på gjørme, mold, myr, vatn, kort sagt alt som er flytande, seigt, klissete, slimete og i rørsle.

Også i livet til Aurora er det mykje av væsker og seige saker; frå underlivet til lipglossen til smågodet ho og venninna kastar seg over.

Dette er fjortisar som verken er mors beste barn (rein gjetting, her finst ingen mødrer) eller vaksne, dei lever i spennet mellom uskuldig snausing av smågodt på den eine sida og utforsking av sex, brennevin og slåsting på den andre.

Eit tredje element i romanen er ei rekkje historier om mord eller sjølvmord, der det er uklårt kva som har skjedd. Finst det skuldige? Er det i så fall dei som har fått straffa, eller snakkar vi om justismord?

Ingeborg Købersaka, Lilandsaka og diverse mindre kjente dødsfall/mord frå nærområdet dominerer denne delen av romanuniverset. Her kjem blod og hjernemasse inn som supplement til dei andre væskene.

God gjørme mellom rosa permar

Når alle desse elementa blir rørt saman, kva får ein då? Ein suggererande tekst, der lesaren blir sogen inn i «et til dels brutalt og ubehagelig univers».

Bokomslag Dammyr av Victoria Kielland

SUGGERERANDE: Romanen 'Dammyr' er suggererande, eit gjørmeunivers mellom rosa permar.

Den store fellesskapen mellom alt som surklar og sansar blir understreka gjennom repetisjonar og samankoplingar, slik vi kjenner det frå debutboka. Dette er godt gjort.

Det eg slit med, er å finne ut av kva slags rolle historiene om mord og justismord spelar.

Er dei med for å vise at både mordarar og dei som skal oppklare og dømme brotsverka er slavar av eigne sansar og ute av stand til å handle i pakt med moralske og rettslege normer?

Sit vi alle fast i same gjørma? Eller skal den fylle ut bildet av Fredrikstad, denne forunderlige by?

Neppe det siste, men her blir romanen meir uklår enn godt er. Det er likevel nok av gode grunnar til å hive seg ut i det kiellandske gjørmeuniverset, som forvirrande nok er pakka inn mellom rosa permar og gullskrift.