Hopp til innhold

Fryktar ny «Zlatan-effekt»

Zlatan Ibrahimović var nær ved å ruinere dei svenske biblioteka då boka hans kom ut på e-bok. No fryktar norske bibliotekarar for uforutsigbar økonomi med den nye utlånsmodellen.

Zlatan Ibrahimovic

Då boka «Jeg er Zlatan» kom ut i Sverige i 2011, gjekk svenskane mann av huse for å låne boka som e-bok gjennom verdsveven. Dette vart ikkje billeg for biblioteka, då dei måtte betale 20 kroner for kvar utlånte bok til forlaget.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / Scanpix

Med den nye modellen for utlån av e-bøker som er foreslått av Nasjonalbiblioteket, vil også nordmenn få tilgang til e-bøker gjennom ein klikkmodell, slik som svenskane gjorde med Zlatan. Forskjellen er at her vil boka først bli tilgjengeleg utan køsystem etter at boka har vore ute i to år.

Tronge kår for folkebiblioteka

Marianne Mørch Grahn

Bibliotekleiar Marianne Mørch Grahn fryktar den nye modellen kan føre til at biblioteket mister kontroll på utgiftene sine.

Foto: Marianne Mørch Grahn

– For oss som driv små folkebibliotek er det svært viktig at økonomien er forutsigbar, seier Marianne Mørch Grahn. Bibliotekleiaren i Aurskog-Høland har god erfaring med å låne ut e-bøker, men er skeptisk til det nye forslaget.

– Det som bekymrer meg, er om denne modellen vil føre til at vi ikkje får kontroll på utgiftene våre. Mange stadar er det veldig tronge kår for folkebiblioteka. Då er det ein risiko for å ende opp på slutten av året med uforutsette store utgifter, viss ei bok plutseleg har tatt av med klikkmodellen.

Laster Twitter-innhold

«Stoner-effekten»

Kristin Danielsen, biblioteksjef for Deichmanske bibliotek i Oslo, er også skeptisk til kostnadane utlån av e-bøker vil medføre.

Kristin Danielsen

Kristin Danielsen på Deichmanske bibliotek, seier ho kjem til å halde fram å prioritere papirbøker.

– Vi kjem ikkje til å kjøpe inn så mange nye e-bøker. Vi har eitt budsjett og kjem til å halde fram å prioritere papirbøker.

Danielsen meiner likevel det er verdt å gi den nye klikkmodellen ein sjanse.

– Vi må vere villige til å teste ut noko. Klikkmodellen gir oss breidde i utlånet og dermed meir kunnskap om korleis folk låner over nett. «Zlatan» er det eksempelet alle ser på med gru, men «Stoner» er meir relevant. Om den hadde vore ute som e-bok i biblioteka no, kunne det blitt problematisk. Vi må derfor ha moglegheit til å setje eit tak.

Stoner, John Williams

Boka «Stoner» av John Williams vart ein enorm suksess i Noreg, 50 år etter den først kom ut i USA.

«Stoner» kom ut allereie i 1965, men har fått enorm merksemd over heile verda etter at den vart relansert i 2003. Romanen vart trykt opp i 86 500 eksemplarar i Noreg.

Moglegheit til å skape friksjon for biblioteka

– Biblioteka må ha moglegheit til å skape friksjon og setje ein avgrensa sum for kor mykje pengar dei vil bruke, seier Aslak Sira Myhre. Han la fram det nye forslaget for utlån av e-bøker på Nasjonalbiblioteket denne veka.

Aslak Sira Myhre

Aslak Sira Myhre er direktør for Nasjonalbiblioteket og har lagt fram nytt forslag til utlånsmodell for e-bøker.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Vi veit frå bokmarknaden at interessen for bøker går ned, og at det er veldig få to år gamle bøker det står hundretusen norske lånarar i kø for å låne i det augeblikket boka kjem i klikkmodell. Og viss det skjer: Topp, fantastisk!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober